onsdag 29. juli 2009

Nye sanseputer

Mjuke, gode sanseputer, som stimulerer ulike sansar hos det vesle barnet. Denne lilla puta har ulike fløyelsstoff og tre rosa knappar på eine sida, og 15 ulike band rundt kanten. Desse er utruleg morsomme for ein baby å plukke og kjenne på. Stoffa har kontrasterande fargar, og er fine å sjå på.

Baksida er eit gammalt stoff frå Ikea, og inni er den fylt med vatt.

Dette vart nesten som ei fotballpute, med den grasgrøne fløyelen bak fotballungen. Det er vel fordi eg er så glad i fotball..haha!

Baksida er av eit kjempefint prikkestoff frå Reprodepot. Det er ein bra stoffbutikk, og varene er supre!

Sanseputene er forresten til salgs, og det ligg fleire på eldre innlegg også.

2 kommentarer:

  1. Kika visst innom bloggen din eg! Lenge sidan eg har sett deg, så det var litt artig å lese her :-)

    Så utruleg fine sanseputer du lagar forresten! Flink du!

    Klem
    Katrin Winsjansen Grytting

    SvarSlett
  2. FLOTTE sanseputer! Spreke og innbydande! Du er kreativ, Guro- stolt av deg:-)

    SvarSlett



blogger template by lovebird