torsdag 26. april 2012

Siklesmekke og syvenninner

Gode syvenninner er gull når du vil at produksjonen skal opp! Mine syvenninner og eg samlast nokre gongar i året, og også denne gongen lånte vi ein barnehage der vi kunne sy, spise, skravle, motivere og inspirere kvarandre i fred og ro ein heil dag. Eg var til og med så heldig at eg fekk låne ei overlockmaskin heile dagen, og fekk laga både det eine og det andre... :) Det var jo for eksempel utruleg enkelt å lage fine siklesmekker, med godt utstyr og mjuke gode stoff. Kor eg får tak i lekre, deilige stoff vil eg komme tilbake til ein annan dag. No må eg springe på jobb!  ;)

Ønskar deg ein fin torsdag!

lørdag 14. april 2012

Sanseputer

Her er dei dei nyaste sanseputene mine, som eg må seie meg veldig fornøgd med! :) Alltid kjekt å lage noko ein aller helst skulle hatt sjølv, men kva i all verda skal eg med så mange sanseputer?? Nei, då er det mykje betre at nokon andre får glede av dei! Eg har jo solgt nokon slike etterkvart, og eg lurer sånn på kor det blir av dei? Det hadde vore veldig kjekt å få tilbakemeldingar på korleis dei blir tatt imot av små fingrar og nysgjerrige auge.

I morgon skal eg ha sydag med gode venninner, og på planen står sommarklede til barna mine. Trur eg då. Eg har jo sjølvsagt ikkje funne fram mønster og klipt til stoffa, slik eg tenkte, men snart, snart... ;) 

Håpar du har ein god laurdagskveld!

fredag 13. april 2012

Litt etter litt

Litt etter litt kjem eg i gang igjen.
To månader med fullstendig bloggestopp og minimalt med kreativitet.
I dag strålar sola, og eg klør i fingrane etter å kose meg med å skape noko fint! 

Sanseputene eg laga før påske er endeleg fotografert, og kjem nok ut på Epla i løpet av kvelden. Herlege leiker for dei minste, i mjuke og spennande stoff, og med mykje gøy å fikle med. Snart vil eg lage fleire også, for desse er verkeleg supre! Og så kosar eg meg sånn med å lage dei! 
Foto: Bertil
Forsiktig vågar hagen å kle av seg vinterdrakta, og knoppane lengtar etter dei varme strålane frå sola. Slik som oss andre. No er vi vel ferdige med vinteren snart!? Det er i alle fall godt at kveldane er lyse, morgonane er lyse og barna lukkelege over å finne att sand, stein og syklar. I dag skal eg til byen, trene, drikke kaffe, rusle i sola og nyte dagen. ;) Høyrast ikkje det ut som ein ganske perfekt formiddag? 
Foto: Bertil
Det er dei nære tinga som har opptatt meg i det siste. Eg har fryda meg over gode Lillebroren og skjønne Storesystra. Travle og gode dagar har det vore. Vi tøysar med augevippane, vi pratar om fuglar og bilar og alt vi ser rundt oss, vi herjar og kosar og kranglar og ler. Lukke! Og Storesøster er den store helten, med sitt gode, tannlause smil, og sin uendelege energi. Eg er så takksam! Og no, no er eg faktisk igang med bloggen igjen også. Slik. Det var visst berre å kaste seg ut i det! ;)

Tusen, tusen takk for gode ord og tankar. Eg har forstått at nokre har lurt på kor det vart av meg, men her er eg altså igjen! Og eg har det bra! :) 

Ønskar deg ein deilig dag!

tirsdag 14. februar 2012

Heimelaga plastilina!

Har du leika med leire eller plastilina eller play-dough nokon gong? Kanskje saman med barn? Hugsar du kor umulig det er å kose seg med det når leira er heilt hard, og det blir umulig å forme noko med små barnehender? Eg kom over ei oppskrift som løyste problemet, og i helga kosa eg og barna oss med heimelaga playdoh! Gøy! Det meste eg trengte hadde eg i huset frå før, men måtte gå til innkjøp av Kremortartaris (på apoteket) og skikkeleg matfarge (i muffinsavdelinga på Obs). Du finn oppskrifta her!
Mjuk og god og spennande, men sjølv om den er ufarleg å smake på, trur eg ikkje Lillebror vil anbefale det. Han syns ikkje den smakte godt, i alle fall... ;) Fargen kan smitte av litt, så vi brukte voksduk på bordet. Og no ligg deigen i lufttette boksar, der denvisstnok skal halde seg fin i seks månader. Mykje moro framover, altså!

Eg har forresten mottatt bekymringsmeldingar fordi eg bloggar så lite for tida. Men eg har det bra! Vi har hatt nokre runder med feber og slikt i huset, men ingenting alvorleg. No skal eg kose meg med kaffe før eg drar til fysio for å få skikk på eit skranglete bekken, og har ein deilig dag! Håpar du også har det!

Ønskar deg ein fin tysdag og ei god veke!

onsdag 25. januar 2012

To-do-lister og produktfotografering...

Det ser ut til at det er fridagen min som også er bloggedagen min for tida. Fridagen som eg har snakka om så mange gongar før, som eg verdset så høgt og som eg har så mange planar for. I dag sette eg meg ned og skreiv ein slags plan over dagen, for å få gjort mest mulig av det eg burde, ville og skulle gjort... Berre det å ha ein plan hjalp veldig, men eg greidde nok ikkje å halde den. Lagar du lister og planar? Eg likar tilfredsstillelsen i å stryke ut noko, vere ferdig med ein ting og kunne begynne på noko nytt. Kanskje fordi eg er best på begynnelsar? :) Eller kanskje fordi eg treng struktur i det (kreative) kaoset eg har rundt meg? Joda, nokre kallar det rot, og det er mulig at det er mest av det og minst av kreativt kaos. Men eg veit ikkje.
Ganske tidleg på programmet stod blogginga lista opp, men før eg kan blogge må eg jo ha nokre ganske ferske bilder. Og eg prøvde å ta bilder i rett lys, etter at sola hadde slutta å skinne direkte inn kjøkkenvindua mine. Og dagens bilder har eg tatt etter tips herfrå. Eg skulle ta produktbilder av dei nye sanseputene som skal inn på Epla, og med den lave sola er ikkje det heilt enkelt... Så no blir det "ny look" på produktbilda mine, og så må eg sjå om eg blir fornøgd. ;) Eg har brukt bakepapir på vinduet, aluminiumsfolie på ei eske som var høgare enn vinduskarmen, og så laga eg ein skjerm av aluminiumsfolie for å reflektere lyset, slik at produktet var best mulig opplyst. Vi bloggarar må vere eit artig skue for nysgjerrige naboar iblant. Hihi... ;)
Kva syns du? Er dette fine produktbilder? Eg syns rett og slett det er ganske vanskeleg å vise fram produkta mine på ein god måte, men dette var vel ikkje ille? Litt mykje speiling i underlaget?

Vi ventar forresten enno spent på babyen... Takk for alle kommentarane og varme tankane! :)

Ha ein fortreffeleg kveld!

torsdag 19. januar 2012

Ventetid

Det er ventetid. Store og små ventar og gler seg og er spente. Når som helst kjem den vesle babyen til kjæraste systra mi, og det er så stas! :) Og medan vi ventar strikkar eg litt. Og syr litt. Og leitar etter fine babyklede frå både Storesyster og Lillebror. Skal tru om det er ei lita jente som kjem? Eller er det kanskje ein liten gut? Og blir det krøllar? Blå auge? Eg gler meg uansett til å bli kjent med deg, vesle venn!
I siste liten blir det teppe frå tante Guro, i alle fall. Eg er aldri tidleg ute med noko som helst, ikkje ein gong når denne babyen er på overtid greier eg å bli ferdig...! Men snart, snart... Teppeoppskrifta fann eg i alle fall i Nøstebarnboka, og garnet er Nøstebarns 2-tråds merinoull i ein superfin blå-grøn-grå farge. Fuglen fekk vere med på bildet, berre fordi eg likar den boksen så godt. ;)

Lukke til, skjønne Gine!

tirsdag 17. januar 2012

Ein strålande dag

Ein deilig, inspirerande, glad dose med fargar, mønster og stoff ligg på bordet mitt. Eg er i siget, og nye sanseputer skal etter planen ut på Epla i løpet av veka. Og eg kjem nok til å reklamere her på bloggen når det skjer... ;) Det er så utruleg kjekt å skape desse fargeklattane! Eg lagar jentete, guttete, brunretro, rosaretro, nytt og gammalt, detaljert og enkelt, akkurat som eg vil! Og heile tida har eg babyane i bakhovudet. Kva vil vere fint å sjå på og spennande å ta på? - og kva vil mammaene like..?

Eg kom over eit sitat på Pinterest i dag, via Mokkasin, og eg las det to gongar før eg la det bort. Men så har det altså festa seg litt i meg likevel, og eg vil vise det fram her.
Prøvar du å lage alt rundt deg vakkert? Og får du det til?? ;) Eg skulle så veldig gjerne omgitt meg med berre vakre ting, men slik er det ikkje her i huset. Ikkje berre fins det altfor mange ting som ikkje er vakre her, men det fins rett og slett for mange ting. Det ser i alle fall slik ut når golvet flyt over av togbaner og leiker, bordet er gøymt under bøker, sysaker og tusjar og gangen er full av klede. For å nevne noko. Så nei, her er det ikkje berre vakkert, men det er ein ting eg har tenkt på i dag:

Vi må hugse å legge merke til alt det vakre i kvardagen!

I det store sørvendte vinduet i stova heng det ein vakker fugl. Den er av gjennomsiktig neonrosa plexiglas, eller noko slikt, og er kjøpt på knallfine Liebe i København. Hos Liebe får du knallfin keramikk, men også nokre andre ting. Dessverre kan eg ikkje hugse kva kunstnaren bak denne fuglen heiter... I alle fall, når eg ser den her frå sofakroken, er den verkeleg knallrosa mot den lyse himmelen utanfor, men på bilda med skogen som bakgrunn, er den mørkare. Då eg satt og sydde i dag, la eg plutseleg merke til eit nydeleg fenomen! Sakte, sakte snurra fuglen rundt, og solstrålane sendte refleksen rundt i stova som ein vakker, vakker fugl. Fram med kamera. Catch the moment. Beautiful!


Eit langt blogginnlegg på denne nydelege vinterdagen. Takk for at du er innom her, og tusen, tusen takk for kommentarane! Eg blir veldig glad for dei! :)
Håpar du også nyt dagen!

fredag 13. januar 2012

Eg vil bli ein betre fotograf!

Det er formiddag, det har begynt å bli ganske lyst, det har komt ein meter med snø på nokre få dagar, og no er himmelen delvis blå! Åh, så godt det er! :) Eg har leika med vårt litt for avanserte Nikonkamera, men det var nok før det vart heilt lyst, og mens det var overskya og snøkave ute... Men uansett; det så mykje å lære! Eg jobbar med saka, og reknar med at før sommaren kjem, så skal eg vere ein betre fotograf enn eg er no! ;) Det er jo veldig mykje lettare å prøve seg fram når ein er heime samtidig som dagslyset, og dessutan har eg funne massevis av gode nettsider eg må lese gjennom. Men bruksanvisninga til kameraet? Nei, takk, det er ikkje noko for meg! :)

Dette bildet var i utgangspunktet altfor gult og kjipt. Litt sånn typisk inne-på-kjøkkenet-i-dårleg-lys! Forstår du kva eg meinar, eller? Eg brukte jo både kvitt kjøkkenbord og sidelys frå vinduet, men likevel... I alle fall, så syns eg dette var ein litt morsom effekt på akkurat dette bildet. Eg brukar gratisprogrammet Picasa, og akkurat denne effekten heiter svart/hvitt-fokus. Eg fjernar fokuset frå kantane, og får fram dei fine fargane på ullkulene, tusjpennane og den fine keramikken. Den er forresten kjøpt på Stilleben (Københavns-yndlingsbutikk), og er laga av Meyer Lavigne. Klikk på navna så finn du meir info!

Treng du gode fototips, så kan du jo for eksempel gå hit, så finn du nok noko du får bruk for! Eller har du kanskje nokre gode råd du vil dele med meg og andre? No skal eg ut og nyte fridagen min. Cafètur freistar veldig, for det er lenge sidan sist! Og om du er i Trondheim kan vi kanskje ta ein kaffe i lag? Send ein e-post eller legg att ein kommentar, om du tør! ;)

Ha ein fortreffeleg fredag!


blogger template by lovebird