onsdag 28. oktober 2009

Romantisk sansepute

Denne sanseputa er i ein romantisk stil, med Tildastoff frå Panduro.
Til salgs kr.150,- (Solgt!)

Visste du at eg har laga fleire sanseputer? Du finn dei her!

Fresh sansepute

Eg måtte berre vise fram kva eg har laga i dag! Denne sanseputa er super for småbarn! Den har grønt som grunnfarge, men har også andre klare former og fargar, ulike teksturar og mange band ein kan plukke på. Visste du forresten at gult er ein av dei første fargane små barn kan kjenne att?
Til salgs kr.150,- Solgt!

I dag skin sola på meg!

Eg sit i godstolen min, i kroken som har stoore vindauge på begge sider. Gjennom det sørvendte vindauget skin sola frå en knallblå himmel, medan litt tåke ligg over kjøpesentra i det fjerne, slik at alt eg ser er fiiint! På den forvokste, gamle rosebusken heng dråpar som sølvperler tett i tett mellom nokre få grøne blad og oransje nyper. Kanskje eg må ut i hagen med kameraet snart?

Denne dagen kjennast ut som den blir betre enn gårdagen. Då publiserte eg jo eit heller sutrete innlegg... Men sånn er det faktisk her også, sjølv om eg gjennom blogginga vel å ha fokus på det som er fint og godt og vakkert, så hender det faktisk at kvardagen er grå og trist. Dagen i dag skal imidlertid fyllast av positiv energi! I morgon skal eg tilbake på jobb, i natt har eg sove rimeleg bra, og berre for å toppe det heile så har muraren komt i dag! Hurra! Han skal til å legge fliser på badet, og no vågar eg å tru at vi har bad innan november er over! Det skal bli så ubeskriveleg godt!!
Eg har forresten lært meg å hekle armband! :) Det var vel i helga det, at eg fann fram heklenål, bomullstråd og gulltråd (frå Stoff og stil), hekla litt, fann fram knappar (uff, har eg verkeleg ikkje akkurat sånne som eg vil ha?) og fekk fullført prosjektet. Etterkvart skal eg hekle fleire, for dette var raskt og greit, og ganske fint vart det også!
Lille A har verkeleg kosa seg i knappeeskene mine etter at eg leita dei fram. I går plukka ho ut alle knappane, la dei fint på rekke og rad, små og store og trykknappar i herleg blanding, kikka og lukta på, og putta dei opp i boksen igjen. Kosar du deg no? spurte eg. Ja, eg kosar meg, mamma, svara gullungen. Nokre av knappane kjente ho igjen som sine eigne, for ho har jo vore med med i possementsforretninga mang ein laurdag, og då kjøper vi alltid litt til kvar... Så no har eg lova å snart sy noko ho kan ha hjarteknappane og Kittyknappane på! Sjølv skal eg snart kjøpe diverse knappar til armband, sjølv om det vart ganske tøft med den kontrasten den store brune knappen skapte.

tirsdag 27. oktober 2009

Dagen i dag

Etter å ha vore sjuk i ei veke er eg no rimeleg lei...og håpar energien snart skal komme strøymande tilbake! Torsdag skal eg etter planen vere tilbake på jobb, og då har eg ikkje lyst å få hosteanfall som nesten tek pusten frå meg, eller bli så sliten at dersom eg ikkje får lagt meg ned litt så tar eg til å skrike... Uff, apropos det, så føler eg meg som ei forferdeleg mor i dag! 4-åringen har jo forstått at mamma er dårleg, og har vore mild og god og snill, mens mammaen har vore tålmodig og god i det eine augeblinket, og verdas mest utålmodige og småsinte i det neste. DET er ikkje bra! Særleg blir det slik når pappaen ikkje er heime... Men vi snakkar ofte om det etterpå, slik at vi sørger for å vere gode venner, og ho er nok ikkje det minste i tvil om at ho er høgt elska, i alle fall!
I dag er faktisk første gongen på dagevis at eg har gjort noko anna enn å surfe og slappe av. For det første så var stoveteppet no så ruskete at det var ekkelt, så etter å ha irritert meg over det i ei veke, så støvsuga eg i dag stova. Det er jo måte på kor mykje eg skal gidde å mase på andre om å støvsuge, når støvsugaren til og med står i gangen enno, etter forrige runde for over ei veke sidan. Etterpå måtte eg legge meg nedpå litt, men så henta eg meg inn att og fekk satt meg til kjøkkenbordet for å pusle. Det er jo såå kjekt! Og eg spiste til og med! Yoghurten blir ekstra god med litt Møllerens frukostmüsli på.

Og så har eg omsider fått i orden nokre pakkar som eg måå få sendt i veg snart! Uglekorta vart laga med inspirasjon frå både den eine og den andre bloggen, så om nokon vil ta æra, så ver så god! :)
Blomekortet er til veslesystra mi, og er ei forseinka bursdagshelsing. Men kva skjedde med fargane? Hm, eg må nok lære meg å stille inn kvitbalansen eller noko sånt... Det er altså ganske knallgrønt og knall guloransj, og bakgrunnen er eit raudt Tildaark.
Forresten skal veslesyster Gine ha konsert i Norge snart! (Ho spelar ein del i Göteborgområdet også for tida, trur eg..) Om nokon befinn seg på Sunnmøre, vil eg råde dykk til å ta ein tur på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg 8.november. Yours Truly spelar nyyydeleg jazz!

mandag 26. oktober 2009

Eg fall pladask!

Via bloggen Floras Frue kom eg over dette fantastiske kunstverket i går! Det heiter noko sånt som Sosial design, og idèen er som følger: Du kan bli abonnent og få 25 blyantar kvar månad i 20 månader! Dvs seie 500 fargeblyantar i 500 ulike nyansar! Oioioi...eg blir heilt matt! Tenk for eit eventyr å ha eit stort, lyst arbeids-/hobbyrom der 500 delikate fargeblyantar kunne henge lett tilgjengeleg, som på det øverste bildet. Eg ville ha kosa meg med å farge, drodle, sortere, kikke.... Det er også sjarmerande å tenke på at dei har gitt kvar unike farge eit eige navn, som passar til fargen. Tea with Milk, Frog Pond, Lemon Drop, Norwegian sky... Klikk på bildet for å komme til sida!
Eller eg kunne velge ein annan type oppheng i plexiglas, som kunne gjere blyantane til kunst på stoveveggen eller kor som helst ellers. Eg syns idèen er genial, og når eg får meg eit stooort hus og pengar til overs, då vil eg bli abonnent!!

søndag 25. oktober 2009

Eit hemmeleg prosjekt..

Mannen står fornøgd med espressoen sin og ser ut vindauget. Kva skal vi finne på i dag, tru? Vel, eg skal halde meg inne og i nærleiken av sofaen, men han kan jo gå ut med den nye, fine, varme ullgensaren sin!
Eg har jo skrytt av det hemmelege prosjektet mitt, og her er altså resultatet. Mannen fekk genser til bursdagen, men den måtte jo strikkast utan at han visste det, og det er ikkje like lett alltid... Heldigvis har vi hatt det litt rotete her i det siste, så han har ikkje lagt merke til den ekstra strikkeposen som av og til har stått framme i stova. ;)

Då eg hadde strikka armane og bolen opp til der mønsteret tar til, la eg merke til feil eg hadde gjort... Genseren såg veldig liten ut, men det tenkte eg jo at kunne strekkast til! Men så stemte ikkje antal masker då eg kom så langt, så eg måtte rekke opp heile bolen! Dumme meg hadde strikka med 104 i staden for 140 masker, og det er ikkje til å anbefale... Eg holdt nesten på å gi opp heile genseren, pakka den djupt ned i posen sin og gøymte den bak sofaen.

Men mannen reiste på jobb til Italia ei veke, og då fekk eg fart på meg igjen! Då han kom heim var genseren nesten ferdig, og eg måtte berre vise han den! Så stolt! -og han vart glad for gåva! :)

Den er strikka av Alfa (85% ull, 15% mohair) og med utgangspunkt i ei oppskrift frå Sandnesgarn. Brukte pinnar 6 og 7, noko som passar meg perfekt! Kjekt med vellukka prosjekt!

fredag 23. oktober 2009

Fredagskos...

I dag har eg funne fram heklenål og bomullstråd, og skal prøve meg på armbanda som Karen Klarbæk lærer bort... Dei er skjønne! Klikk på bildet for å komme direkte til instruksjonen, eller gå inn på namnet for å komme til den inspirerande bloggen.

Eg har vore sjuk i dagevis, og har rett og slett ikkje fått til blogginga. Det krever jo litt overskot å blogge, og ikkje minst å produsere noko fint å blogge om.. ;)
Det var då litt av ei trøyst å få beskjed om dette i dag:
Eg vann! EG har vunne dette nyyyydelege sjalet og korta, og det er eg så utruleg glad for!! Kjempestas!! :) Gler meg til å pakke meg inn i det!

Fin i Formen er ein blogg med handarbeid av ulikt slag, og ho har til og med eigen nettbutikk. Strikking, hekling og papir er nokre stikkord... Tuuusen takk!

No ventar gullrekka, potetgull, cola og heklenål...herleg! Satsar på enno finare form i morgon.. ;)

mandag 19. oktober 2009

Om å sjå med opne auge...


På ei lita grein i eit stort tre hadde ein liten familie funne huset sitt. Det låg fint plassert i skogkanten, med naturen og byen innan rekkevidde. For fuglane likte dette; at dei kunne ta ein frisk og luftig tur innover i skogen, eller dei kunne velge det travle bylivet. Alt etter kva som passa dei best akkurat denne dagen.


Den vesle fugleungen elska livet i treet. Alt det spennande den kunne finne der! Det var blad i vakre fargar, det var pinnar i rare former, det var mark, det var lys og det var mørke. Og så var det så mykje lyd i det treet. Kvar dag kunne ein høyre fuglefamilien skvaldre og pippe og synge. Og fugleungen mest av alt. Den hadde så mange lydar den måtte øve på! Den peip og plystra, og lyden den fekk fram vart vakrare og vakrare... Til slutt måtte alle som gjekk forbi treet stoppe opp og lytte. Kva er det slags fugl som bur der, undra dei seg. Det er den finaste lyden eg har høyrt på lenge, sa dei. Det må vere ein utruleg nydeleg fugl som lagar den lyden, var dei einige om. Og det var det.


Det var ingen som riktig kunne sette fingeren på det. Men den lyden minna dei om noko.


Den minna dei om alt det vakre dei hadde sett i skogen. Den minna dei om at dei ein gong hadde hatt auge for det som dei ikkje lenger la merke til. Den minna dei om å stoppe opp. Berre då kunne dei høyre at det var fleire fuglar i skogen, det var vakre haustblad på trea, og det var så mykje spennande å sjå! Men ein må ned om ein verkeleg vil sjå det..


Takk Lille A, for at du opnar augene mine! For at du opnar øyrene mine! For at du har erobra hjartet mitt!


blogger template by lovebird