torsdag 5. mai 2011

Om salat og GOD tid

Vanlegvis når vi har henta Storesøster i barnehagen leikar ho først litt med Lillebror, før ho blir opptatt med sine eigne ting. Ho kan leike med småstein, små figurar, pinnar, perler, fargeblyantar, ja, nesten kva som helst. Og dei lever sine eigne liv. Ho har lange fortellingar som ho ikkje likar å bli avbroten i. 
"Jammen, eg er ikkje ferdig å fortelle enda!" seier ho viss eg prøvar å bryte inn...
Fantastisk fantasi og leikeevner, seier mammaen. ;)

Men i dag låg mamma på golvet og berre såg på henne. Og Lillebror låg der også. Og vi hadde GOD tid. Ikkje berre mykje tid, men riktig god og fin tid. :) Utruleg deilig! Og då kunne ho ikkje bli opptatt med å lage forestilling for dukkene sine, men leika og kosa med mammaen sin. 
Åh, så godt det er! 

Men etterkvart måtte vi begynne på middagen, og ho fekk tilbod om å lage salaten.
"Skal eg hjelpe deg med å lage salat?" spør ho, "Nei," svarar eg, "du skal få lage salaten!"
"Ja, det kan eg!" Og eg hjalp ho i gong. Vi fann fram det ho ville ha, og ho var stort sett med på idèane mine. 
Forundra over at ho fekk låne den store, skarpe kniven, stolt over at ho fekk halde på sjølv. 
Eg vart jo opptatt med dei andre tinga, og hjalp ho berre når ho trengte det.
Vi fann fram fuglebollen frå PiP, og den var akkurat passe stor til ein salat til oss to store jentene. :) 
Der var det agurk, tomat, sukkererter, issalat (endeleg har ho forstått at det er godt!) og mais. 
Enkelt og godt. Og dressingen tok eg ved sidan av, for å vere litt grei.. ;)

Ho var stolt over å ha laga sin heilt eigen salat, og eg var glad. Ikkje berre glad for å få hjelp med middagen, men mest av alt glad for å gjere jenta mi stolt av seg sjølv. Og glad for at vi hadde så GOD tid i dag.

Håpar du får GOD tid i morgon!

PS. Snart kjem det eit blogglotteri på bloggen min, så følg med... ;)

onsdag 4. mai 2011

Eg vann!

Eg deltok i eit blogglotteri hos Inghild/Heilt Heimelaga for ei stund sidan, og no har eg fått premien eg vann!
Hurra! Desse legoposane er heilt geniale! All legoen ligg i ein pose som ein kan folde heilt ut på golvet når ein skal leike, og når ein skal rydde opp er det berre å dra i snora, så havnar all legoen i posen igjen! Supert!

Inghild syr slike posar og ulike andre ting på bestilling, og der er det kvalitet på tinga, altså! 
Ta deg ein tur innom, så kanskje du finn noko du vil ha! :)

I kveld, som i går kveld, er det sofaen som lokkar meg mest. Så får sysakene segle sin eigen sjø. Dei reiser uansett ikkje langt... ;) Eg derimot skal komme meg tidleg i seng og reise langt inn i draumeland.
Det er slitsomme dagar heime i permisjon, sjølv om det mest av alt er rein luksustid! Men når "arbeidsdagen" startar tidleg og ikkje er over før i åttetida på kvelden, og det ikkje har vore meir enn to halvtimespauser, så blir ein sliten. Det er ikkje så ulikt mange andre jobbar, vågar eg å påstå... Ja, viss ein elskar jobben sin, så klart! Eg NYT tida med barna mine, men skulle gjerne hatt meir overskot til andre ting! 

Innimellom treng eg imidlertid å minne meg sjølv på at den jobben eg gjer no er av uvurderleg verdi,
og at frøa eg plantar i barna mine skal bere blomst og er med på å forme dei som menneske.
Oi, dette er store tankar... ;) -men viktig å hugse på for ei sliten småbarnsmor!

Ta vare på stundene!

tirsdag 3. mai 2011

Så kjekt å sy lue!!

Denne lua fekk eg endeleg sydd i går, og det var rett og slett DEILIG!
Tenk at det kan vere så utruleg tilfredsstillande å sy!
Eg hadde riktignok litt startproblem, som vanleg, med denne gongen kom eg over desse og fekk løfta fram symaskina. Startproblema er kanskje kjent for fleire? Det er jo så tiltak å leite fram og rydde vekk symaskin, stoffbitar, fleire små koffertar med ulikt utstyr, for eg treng jo nesten alltid eit eller anna i akkurat den kofferten eg ikkje tok fram.. Og så er eg litt redd for å mislukkast, for då blir eg så sur. Og så blir eg tilsvarande glad når det blir som eg har tenkt! Og gjett kva slags humør eg endte opp med i går kveld? 
Jepp, blid og glad og stolt over det eg hadde fått til. Det skal ikkje så mykje til, nemleg...
Det første eg gjorde då vi kom opp på kjøkkenet i dag tidleg, det var å plassere Lillebror i stolen og få på han lua... Men trur du den passa? Neida, den er nok aaaltfor lita! Æsj, altså! Men det var jammen bra det var i dag eg fann det ut, og ikkje i går kveld. Då hadde eg jo gått glipp av den gleda..hihi! :)

I løpet av kvelden skal eg nok få fiksa på litt småtteri, og kanskje sydd ei ny, STOR lue til den store guten min. Så kan den vesle lua kanskje få seg ein tur til Epla? Kanskje er det nokon andre den passar betre til? Eg kjenner liksom ikkje så mange små gutar... Men den kan forsåvidt også brukast av ei jente, altså.
Den er sydd av ei småblomstrete gardin og "mjølkegutstriper" fra Stoff og stil. Resten av 17.mai antrekket er tenkt å passe til lua, og eg skal nok vise det fram etterkvart som det blir ferdig!

På eine sida har lua ulike band frå mitt mangfoldige sortiment, men den kan vrengast om ein vil ha ein litt meir nøytral variant. Det er også fint! :) Joda, eg kjenner at eg alt gler meg til å lage ei til! Dette var gøy! Litt småjusteringar av mønsteret (frå Sy till barnen 0-4 år/Gynther) så tenker eg vi er i boks! ;)
Lillebror ser litt skeptisk ut på dette bildet, men han var faktisk veldig fornøgd!
Og no har han sove i snart to timar, så då er eg veldig fornøgd også..!

Ha ein strålande ettermiddag!

mandag 2. mai 2011

Kom mai, du skjønne milde...

Vi storkosar oss med våren i Trondheim!
Eg trur jo at det vèret vi har akkurat no, er slikt vèr vi skal ha i lange tider framover. Har rett og slett vanskar med å forestille meg at det plutseleg ein morgon kan vere kaldt og surt,grått og trist, støvlar og strømpebukser igjen... Men for å vere på den sikre sida tar eg likevel inn dei nysådde frøa mine om natta.
Det er faktisk nesten minusgrader då, altså! Men enn så lenge strålar sola varmt og godt!

Denne helga hadde vi veldig lite planar. Vi skulle berre pusle rundt huset, rydde i hagen, gå tur og kose oss.
Det gjorde vi verkeleg også! Men kanskje kjekkast av alt var likevel turen vi hadde til Rotvollfjæra saman med gode venner. Storesøster kunne såvidt sykle aleine før vi tok turen dit, men etterpå hadde ho verkeleg stålkontroll! Det var heilt genialt å drive sykkeltrening på grasplenen ovanfor fjøresteinane. 
Flatt og fint å sykle på og heilt greit å ramle der. Ingen nye skrubbsår! :) Og ho var så stolt! 
På bildet ser du gliset, men du går glipp av lyden - ho ler heile vegen!
Vi fekk også testa ut litt av utstyret til Lillebror i helga.
Han har nemleg TFK sin nyaste vognbagmodell, Multi X, som du kan sjå nærmare på her.
Vi er så langt veldig fornøgde! Eg ville ha TFK fordi den er lett å trille, har handbremse og går lett inn i bilen.
Ikkje superfornøgd med alt, men så stiller eg høge krav også... Yrkesskade etter å ha prøvd ut utallige vogner i barnehagejobben? Skulle hatt min eigen perfekte kombinasjon av fleire ulike..!

Uansett: det store minuset med denne vogna har jo etter mi meining vore det at barnet må ligge vendt bort frå deg frå den dagen du velger å kutte ut bagen. Dette kan jo vere ganske tidleg, og då mister ein den kontakta ein har med kvarandre ute på tur, og som eg syns er ubetaleleg! Men med denne nye bagen kan ein altså fikse og trikse litt.. Ryggen kan hevast, fotenden gjerast litt om, bagen vippast opp - og hokus, pokus, du har ei sittevogn vendt mot deg! Hurra! Lillebror er enno litt liten til å sitte der særleg lenge, men det er heller ikkje mykje jobb å trylle den tilbake til den lune, gode bagen som er så god å sove i. :)

I vogna si har Lillebror no også fått den utruleg fine posen han fekk til dåpen sin. Den heiter LilleSommer, og du kan sjå nærmare på den her. Vi er så utruleg fornøgde med den! Kjempedeilig stoff, ullfòr og lekker design! Litt stor enno, men det betyr vel berre at han kan bruke den leeenge! Tuusen takk, J!!

No skal det syast her! 
Eg har funne ut at Lillebror må ha nye penklær til 17.mai, og det skal eg greie å fikse!
Har forresten lagt ut nye stoff til salgs i Eplabutikken min! :)

Ha ein deilig kveld!

fredag 29. april 2011

Glad blomsterjord...

Deilig formiddagstur i dag vart avslutta med nydeleg latte på trappa.
Der såg eg denne finfine posen med blomsterjord.
Tenk om all emballasje kunne vere så fin! :)
Dessutan passa den perfekt i fargen til
mine favorittsko frå Kawasaki.
Eg lurer på om bilda er like fine i innelys som her ute i sola...
Koseleg -  men ikkje heilt enkelt - å lage blogginnlegg ute
med ein etterkvart utolmodig Lillebror på fanget.. ;)

Ha ein god dag!

torsdag 28. april 2011

Nye hårspenner

Eg har jo kosa meg med litt småpusling også i påska, og då vart desse spennene laga.
Du finn dei i Eplabutikken min HER!

Og om du berre vil sjå det som er nytt, må du klikke på den kategorien på venstresida.
Det er jammen gøy å drive butikk, men det er også mykje arbeid som ligg bak!
Ikkje berre skal eg lage det eg skal selge, men det skal også fotograferast, redigerast og leggast ut i butikken. Dette tar jo nesten like lang tid som sjølve den kreative prosessen, og er langt ifra like morsomt..
Men no er det mange som har butikk på Epla, og du kan finne sååå mykje fint!
Ja, og ganske mykje som ikkje er særleg fint heller... ;)

Har du eit talent og tid til overs, så kan du også opne butikk! :)

Likar du forresten den vårlege overskrifta mi?
Tenkte det passa å bytte ut dei mjuke, gode ullkulene med frisk og fin kvitveis!
Bringer tankane til solrike dagar, blå himmel og 17. mai... ;)

Ha ein strålande dag!

onsdag 27. april 2011

Påskeglimt

Eg må jo berre komme med nokre bilder for å vise fram litt av mi påske, slik som så mange andre gjer.
Det blir tatt bilder litt i rykk og napp når eg er på tur. Enten har eg kamera framme og tar mange bilder, 
eller så ligg det godt pakka ned, og blir ikkje leita fram. Omtrent som pc-bruken, altså... ;)
Og så syns eg dette innlegget hos bareWunderbar sette så fint ord på det. 
Måske er det fraværet, der giver mig nærvær andre steder...
 Vi har vore på påskeeggjakt i skogen saman med nokre av fetterane.
Det er stor stas å vere på garden til bestemor og bestefar!
-og eg skulle jo tatt bilde av dei bittesmå lamma og geitekillingane!
Og vi har også vore ved havet. 
Det store, store, utruleg fascinerande havet.
Eg ELSKAR lyset der ute i havgapet.
Og den fredelege lyden av hav.
Og lufta som er så frisk!
Storesøster storkosa seg på stranda i den nye, herlege regndressen sin.
Og Lillebror fekk sine første raude roser i kinna, der han hang og kosa seg i bæresjalet på magen min.
Det var forresten nesten umulig å ta bilde av Storesøster, for ho var heilt i hundre heile tida, og ikkje særleg interessert i å bli tatt bilder av. Men eg syns det er greit. Det er jo jammen ikkje så ofte at vi har mormor i nærleiken og ei strand rett utanfor døra! Ja, for mormor leigde ei lita hytta nokre dagar, slik at vi kom oss ut i havgapet og hadde masse tid der. Eg blir nesten freista til å sette opp eit hus der ute ved havet, eg!
Lillebror nærmar seg 6 månader no. Og tida går så usannsynleg fort! 
Sjå kor stor og skjønn han er! (-og alltid lett å ta fine bilder av!)

Håpar du også har hatt gode dagar!

tirsdag 26. april 2011

Åh, så vakkert!!

Foto: Henrik Bengtsson

Dette er Gine.
Lisjesystra mi.
Og eg er så utruleg stolt!

No kan DU stemme på henne ved å følge denne lenka HER!
Ho fortener nemleg å vinne Musikkprisen 2011,
med sin eigenkomponerte song
Lingering Lover.

Klikk på hjartesymbolet for å avgi di stemme!
Om du vil høyre meir, kan du finne heimesida hennar her.

Vi har forresten hatt ei kjempefin påske, 
men no er ferien over og kvardagsblogginga tar til igjen. ;)
Det er kjekt å vere tilbake i bloggverda!


blogger template by lovebird