Når kjem lillebror til verda, trur du?
Vil du vere med å gjette på datoen, så kan du vinne ein fiiin premie!
Eg kan presentere premien først, og deretter sjølve konkurransen.
(Ja, og beklagar dei dårlege bilda..ikkje lett å ta bilder med sjølvutløysar!)
Mi kjære, skjønne, flinke syster har gitt ut jazzplate,
- Yours Truly -
-og det er ei skikkeleg koseplate! Nydeleg musikk til haustkveldane,
til romantiske middagar eller berre til å nyte medan du gjer andre ting.
Denne plata kan bli di! Høyr Gine og Yours Truly
her!
Alt du treng å gjere for å delta er
å gjette kva for ein dato vesleguten vår blir fødd!
Du skal få litt info for å vite litt meir om kor tid du trur det kan bli.
I morgon er eg endeleg i veke 37, og det vil seie at termin er sett til 30.oktober.
Dei siste målingane har han lagt ca. 3% over gjennomsnittet i storleik, og har det nok fint i magen!
Eg er imidlertid veldig lei, og trudde ikkje eg skulle gå gravid såå lenge.
Sist fekk eg svangerskapsforgiftning, og storesyster vart fødd 2,5 mnd før termin.
Denne gongen har eg blitt fulgt tett opp, og ingenting tyder enno på at eg skal bli dårleg.
Går til akupunktur, og har fått modningsakupunktur i eit par veker no.
Kva trur du?
Alle kan delta, med eller utan blogg. :)
Berre legg att kommentar under innlegget, og hugs å skrive e-postadresse om du ikkje har eigen blogg, så veit eg kven du er. Om fleire skulle treffe riktig dato, så blir det loddtrekning og kanskje ein trøystepremie eller to.
Takk til herlege
Ulla som gav meg idèen om gjettekonkurranse!
Ønskar deg ein deilig tirsdag!