tirsdag 14. februar 2012

Heimelaga plastilina!

Har du leika med leire eller plastilina eller play-dough nokon gong? Kanskje saman med barn? Hugsar du kor umulig det er å kose seg med det når leira er heilt hard, og det blir umulig å forme noko med små barnehender? Eg kom over ei oppskrift som løyste problemet, og i helga kosa eg og barna oss med heimelaga playdoh! Gøy! Det meste eg trengte hadde eg i huset frå før, men måtte gå til innkjøp av Kremortartaris (på apoteket) og skikkeleg matfarge (i muffinsavdelinga på Obs). Du finn oppskrifta her!
Mjuk og god og spennande, men sjølv om den er ufarleg å smake på, trur eg ikkje Lillebror vil anbefale det. Han syns ikkje den smakte godt, i alle fall... ;) Fargen kan smitte av litt, så vi brukte voksduk på bordet. Og no ligg deigen i lufttette boksar, der denvisstnok skal halde seg fin i seks månader. Mykje moro framover, altså!

Eg har forresten mottatt bekymringsmeldingar fordi eg bloggar så lite for tida. Men eg har det bra! Vi har hatt nokre runder med feber og slikt i huset, men ingenting alvorleg. No skal eg kose meg med kaffe før eg drar til fysio for å få skikk på eit skranglete bekken, og har ein deilig dag! Håpar du også har det!

Ønskar deg ein fin tysdag og ei god veke!

11 kommentarer:

  1. Du kan også farge plastilinaen med kreppapir som er lagt i vatn. Eg har ikkje prøvd sjølv, men det er super-suksess i barnehagen til dottera vår. Blir knalle og fine fargar. Tippar trikset er å ikkje ha for mykje vatn.

    Helsing Ingeborg (som trur ho kjenner mannen din)

    SvarSlett
  2. Så kjekt! Prøvde å lage sånn ein gong eg og, men var sitronsyre i den, så fekk tak i alt på matbutikken ;-)

    Elles gledar vi oss til Tr.heimstur alle saman :-)

    SvarSlett
  3. Dette har jeg også tenkt å lage. Skal jammen sjekke i dag på apoteket om de har det jeg trenger. Var det i oppskrifta jeg leste at man kan bruke KoolAid (saftblanding fra USA)til å farge? Eller så har jeg lest det en annen plass. Da vil den også lukte godt Ü Men den blir kanskje hakket mer spennende å spise også da?? Ja, også går det jo an å ha glitter i. Dette må prøves!

    SvarSlett
  4. Smart!!!! Dette skal jeg prøve nå som det blir vinterferie her snart, Så den oppskriften skal testes ut :o)

    ha en topp dag videre.
    klem.

    SvarSlett
  5. Ai, hvor ser det fint ud. Det må afprøves :)

    SvarSlett
  6. Sikkert supermorsomt for de små!!

    SvarSlett
  7. Jeg savner blogginnleggene dine. Håper dere har det fint=) Klem fra Vibeke

    SvarSlett
  8. Tusen takk for at du har delt oppskrift og inspirasjon (nok en gang...). Va har hatt mye morro med lekedeigen i helga. Stor stas =o) Sees i morgen

    SvarSlett
  9. Det er bare altid et hit. Mine unger elsker det også.

    Søndagsklem

    SvarSlett
  10. ville bare si HEI! håper du har det bra ;)

    SvarSlett
  11. Moro med hjemmelaget plastelina. Det var iallefall flotte farger:)
    Kos dere i påsken!

    SvarSlett



blogger template by lovebird