Denne sanseputa er i ein romantisk stil, med Tildastoff frå Panduro.Til salgs kr.150,- (Solgt!)
Visste du at eg har laga fleire sanseputer? Du finn dei her!
Denne sanseputa er i ein romantisk stil, med Tildastoff frå Panduro.
Eg måtte berre vise fram kva eg har laga i dag! Denne sanseputa er super for småbarn! Den har grønt som grunnfarge, men har også andre klare former og fargar, ulike teksturar og mange band ein kan plukke på. Visste du forresten at gult er ein av dei første fargane små barn kan kjenne att?
Eg sit i godstolen min, i kroken som har stoore vindauge på begge sider. Gjennom det sørvendte vindauget skin sola frå en knallblå himmel, medan litt tåke ligg over kjøpesentra i det fjerne, slik at alt eg ser er fiiint! På den forvokste, gamle rosebusken heng dråpar som sølvperler tett i tett mellom nokre få grøne blad og oransje nyper. Kanskje eg må ut i hagen med kameraet snart?
Eg har forresten lært meg å hekle armband! :) Det var vel i helga det, at eg fann fram heklenål, bomullstråd og gulltråd (frå Stoff og stil), hekla litt, fann fram knappar (uff, har eg verkeleg ikkje akkurat sånne som eg vil ha?) og fekk fullført prosjektet. Etterkvart skal eg hekle fleire, for dette var raskt og greit, og ganske fint vart det også!
Lille A har verkeleg kosa seg i knappeeskene mine etter at eg leita dei fram. I går plukka ho ut alle knappane, la dei fint på rekke og rad, små og store og trykknappar i herleg blanding, kikka og lukta på, og putta dei opp i boksen igjen. Kosar du deg no? spurte eg. Ja, eg kosar meg, mamma, svara gullungen. Nokre av knappane kjente ho igjen som sine eigne, for ho har jo vore med med i possementsforretninga mang ein laurdag, og då kjøper vi alltid litt til kvar... Så no har eg lova å snart sy noko ho kan ha hjarteknappane og Kittyknappane på! Sjølv skal eg snart kjøpe diverse knappar til armband, sjølv om det vart ganske tøft med den kontrasten den store brune knappen skapte.
Etter å ha vore sjuk i ei veke er eg no rimeleg lei...og håpar energien snart skal komme strøymande tilbake! Torsdag skal eg etter planen vere tilbake på jobb, og då har eg ikkje lyst å få hosteanfall som nesten tek pusten frå meg, eller bli så sliten at dersom eg ikkje får lagt meg ned litt så tar eg til å skrike... Uff, apropos det, så føler eg meg som ei forferdeleg mor i dag! 4-åringen har jo forstått at mamma er dårleg, og har vore mild og god og snill, mens mammaen har vore tålmodig og god i det eine augeblinket, og verdas mest utålmodige og småsinte i det neste. DET er ikkje bra! Særleg blir det slik når pappaen ikkje er heime... Men vi snakkar ofte om det etterpå, slik at vi sørger for å vere gode venner, og ho er nok ikkje det minste i tvil om at ho er høgt elska, i alle fall!
I dag er faktisk første gongen på dagevis at eg har gjort noko anna enn å surfe og slappe av. For det første så var stoveteppet no så ruskete at det var ekkelt, så etter å ha irritert meg over det i ei veke, så støvsuga eg i dag stova. Det er jo måte på kor mykje eg skal gidde å mase på andre om å støvsuge, når støvsugaren til og med står i gangen enno, etter forrige runde for over ei veke sidan. Etterpå måtte eg legge meg nedpå litt, men så henta eg meg inn att og fekk satt meg til kjøkkenbordet for å pusle. Det er jo såå kjekt! Og eg spiste til og med! Yoghurten blir ekstra god med litt Møllerens frukostmüsli på.
Blomekortet er til veslesystra mi, og er ei forseinka bursdagshelsing. Men kva skjedde med fargane? Hm, eg må nok lære meg å stille inn kvitbalansen eller noko sånt... Det er altså ganske knallgrønt og knall guloransj, og bakgrunnen er eit raudt Tildaark.
Forresten skal veslesyster Gine ha konsert i Norge snart! (Ho spelar ein del i Göteborgområdet også for tida, trur eg..) Om nokon befinn seg på Sunnmøre, vil eg råde dykk til å ta ein tur på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg 8.november. Yours Truly spelar nyyydeleg jazz!
Via bloggen Floras Frue kom eg over dette fantastiske kunstverket i går! Det heiter noko sånt som Sosial design, og idèen er som følger: Du kan bli abonnent og få 25 blyantar kvar månad i 20 månader! Dvs seie 500 fargeblyantar i 500 ulike nyansar! Oioioi...eg blir heilt matt! Tenk for eit eventyr å ha eit stort, lyst arbeids-/hobbyrom der 500 delikate fargeblyantar kunne henge lett tilgjengeleg, som på det øverste bildet. Eg ville ha kosa meg med å farge, drodle, sortere, kikke.... Det er også sjarmerande å tenke på at dei har gitt kvar unike farge eit eige navn, som passar til fargen. Tea with Milk, Frog Pond, Lemon Drop, Norwegian sky... Klikk på bildet for å komme til sida!
Eller eg kunne velge ein annan type oppheng i plexiglas, som kunne gjere blyantane til kunst på stoveveggen eller kor som helst ellers. Eg syns idèen er genial, og når eg får meg eit stooort hus og pengar til overs, då vil eg bli abonnent!!
Mannen står fornøgd med espressoen sin og ser ut vindauget. Kva skal vi finne på i dag, tru? Vel, eg skal halde meg inne og i nærleiken av sofaen, men han kan jo gå ut med den nye, fine, varme ullgensaren sin!
Eg har jo skrytt av det hemmelege prosjektet mitt, og her er altså resultatet. Mannen fekk genser til bursdagen, men den måtte jo strikkast utan at han visste det, og det er ikkje like lett alltid... Heldigvis har vi hatt det litt rotete her i det siste, så han har ikkje lagt merke til den ekstra strikkeposen som av og til har stått framme i stova. ;)
Eg vann! EG har vunne dette nyyyydelege sjalet og korta, og det er eg så utruleg glad for!! Kjempestas!! :) Gler meg til å pakke meg inn i det!






I går var eg og Lille A heime, for ho var ikkje heilt i slag. Men ho var betre enn kvelden før, så ho kunne typisk nok sikkert vore i barnehagen likevel.. Eg likar ikkje at halvsjuke barn kjem i barnehagen, men trur det er lurare å ta ein dag heime, slik at ein kan bli skikkeleg frisk. Det er best for alle!
Papirtrekantar vart limt fast i sytråd, og det vart såå fint! Eg lagde mange rekker, og 4-åringen var delvis med på liminga (men syns kanskje at mammaen var litt for bestemt på resultatet?), før ho kosa seg med saksa i staden.
Tenkte kanskje at det kunne vere trøystepremie på konkurransen min..? Er såå glad for all respons! Kjempegøy!! :) Håpar de held fram med å legge att kommentarar, for det er så kjekt å sjå kven som stikk innom. Og så er eg spent på trekkinga på søndag...hihi!
Ha ein fin onsdagskveld!
Eg har ein kollega som er så snill og god og flink! Det er jammen godt, det! Og tenk, ein dag då eg kom på jobb låg det ein stoor, fin pakke og venta på heldige meg. Då hadde ho vore på loppis og funne noko eg ønska meg, og så hadde ho hugsa på det, og gav meg den i gåve! Du lurer kanskje på kva det kan vere...? Hihi, du må nok vente og sjå, for den skal få eit strøk kvitmaling før den blir presentabel nok til å få vere med her...hihihi!
Og så må eg berre ta med nokre få bursdagsbilder til...dette er ei heilt fantastisk god sjokoladekake, som vart hjertekake, heilt etter Lille A sitt hjerte... Og nei, det er faktisk ingen prins på kaka, men ei prinsesse med blå kjole! Eg likar den så godt, og syns det er stas med slike ting som vi kan leite fram og ha på alle bursdagskaker i åra som kjem!
Eit lite tips: i barneselskapet serverte eg nydelege fruktspyd. Det er rett og slett ulike gode frukter tredd på trespyd, og sett fast i ein honningmelon. Kjempepopulært, og alle ungane fann noko dei likte! Og med eit slikt fyrverkeri av eit fruktfat MÅ det jo berre bli fest! Resten av frukta kutta eg i mindre bitar og serverte med vaniljesaus til foreldra som var med dei minste barna som følge.
I går fekk både Lille A og eg besøk av kvar vår venninne, og hadde ein strålande ettermiddag og kveld! Det kribla i fingrane til oss voksne, for vi skulle sy når ungane hadde lagt seg...og heldigvis sovna dei ganske greit!
Men til Lille A vart den fiiin! Eg gav opp prosjektet mitt, og begynte på nytt. Så i dag har veslejenta tusla rundt i den utruleg mjuke, gode kosebuksa, og eg har vore ganske misunneleg... ;)
Vi har hatt det eine besøket etter det andre, og Lille A har vore såå trøytt! Det er vel ganske slitsomt å ha venninne på overnatting på rommet sitt, sjølv om det var stooor stas å våkne kl 06.38 for å begynne leiken...(Vanlegvis kan ho sove til 8...)
Har lyst å vise fram ein butikk som eg trur eg må innom på byturen min på laurdag... Den ligg på vakre Bakklandet i Trondheim, og dit kan ein gå for å kjøpe både nydelege og morsomme ting. Det er berikande for ein by å ha eit slikt strøk og slike butikkar! -og ta gjerne ein kaffe på Dromedar når du ruslar forbi!
No har eg hatt over 1000 besøkande innom bloggen min, og det må feirast med ein liten give-away!
Lille A var Bittelille A då ho var fødd, for ho kom litt tidlegare enn venta, og var berre 1200 gram! Det kan ein ikkje tru no, for ho er ikkje akkurat lita lenger! Sjølv syns ho det er litt rart, og blir nesten litt sjenert når vi leitar fram dei minimini kleda og lua, og ser på bilder og sånn.
Serviettane valgte eg... Eg fall for desse, altså! Skikkeleg prinsesse Snøkvit, men utan å vere så innmari rosa og dillete.
Her er Tuppen og Lillemor, som er jamngamle, gode venninner, som kosar seg i bursdag! Lille A i julekjolen frå Noa Noa, og venninna i heimesydd kjole i stoff frå S&S. Flinke mammaen!