lørdag 6. desember 2008

Min første voksipose

Her har eg laga trekk til ein voksipose, med stoff frå Ikea både utanpå og inni.
Eg la eit trekk oppå stoffet og teikna rundt, før eg klipte det ut, siksa kantane og sydde det saman. Snorene sydde eg på utanpå posen, for det vart litt avansert å skulle treffe med hol på dei riktige plassane i trekket. Håpar dyna vil halde seg på plass inni likevel.. Oransje bomullstråd vart brukt til å tvinne snorer, og så kjøpte eg ein stor oransje knapp og festa på.
Mottakaren vart visstnok mållaus - det er ganske skummelt å gi bort noko slikt, når ein ikkje veit om det klaffar! Om ho ikkje likar den, så håpar eg ho tør å seie det. ;) Eg skulle gjerne hatt den på dottera mi sin voksipose, men ho skal vel snart slutte å bruke den, trur eg.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar



blogger template by lovebird