fredag 29. april 2011

Glad blomsterjord...

Deilig formiddagstur i dag vart avslutta med nydeleg latte på trappa.
Der såg eg denne finfine posen med blomsterjord.
Tenk om all emballasje kunne vere så fin! :)
Dessutan passa den perfekt i fargen til
mine favorittsko frå Kawasaki.
Eg lurer på om bilda er like fine i innelys som her ute i sola...
Koseleg -  men ikkje heilt enkelt - å lage blogginnlegg ute
med ein etterkvart utolmodig Lillebror på fanget.. ;)

Ha ein god dag!

torsdag 28. april 2011

Nye hårspenner

Eg har jo kosa meg med litt småpusling også i påska, og då vart desse spennene laga.
Du finn dei i Eplabutikken min HER!

Og om du berre vil sjå det som er nytt, må du klikke på den kategorien på venstresida.
Det er jammen gøy å drive butikk, men det er også mykje arbeid som ligg bak!
Ikkje berre skal eg lage det eg skal selge, men det skal også fotograferast, redigerast og leggast ut i butikken. Dette tar jo nesten like lang tid som sjølve den kreative prosessen, og er langt ifra like morsomt..
Men no er det mange som har butikk på Epla, og du kan finne sååå mykje fint!
Ja, og ganske mykje som ikkje er særleg fint heller... ;)

Har du eit talent og tid til overs, så kan du også opne butikk! :)

Likar du forresten den vårlege overskrifta mi?
Tenkte det passa å bytte ut dei mjuke, gode ullkulene med frisk og fin kvitveis!
Bringer tankane til solrike dagar, blå himmel og 17. mai... ;)

Ha ein strålande dag!

onsdag 27. april 2011

Påskeglimt

Eg må jo berre komme med nokre bilder for å vise fram litt av mi påske, slik som så mange andre gjer.
Det blir tatt bilder litt i rykk og napp når eg er på tur. Enten har eg kamera framme og tar mange bilder, 
eller så ligg det godt pakka ned, og blir ikkje leita fram. Omtrent som pc-bruken, altså... ;)
Og så syns eg dette innlegget hos bareWunderbar sette så fint ord på det. 
Måske er det fraværet, der giver mig nærvær andre steder...
 Vi har vore på påskeeggjakt i skogen saman med nokre av fetterane.
Det er stor stas å vere på garden til bestemor og bestefar!
-og eg skulle jo tatt bilde av dei bittesmå lamma og geitekillingane!
Og vi har også vore ved havet. 
Det store, store, utruleg fascinerande havet.
Eg ELSKAR lyset der ute i havgapet.
Og den fredelege lyden av hav.
Og lufta som er så frisk!
Storesøster storkosa seg på stranda i den nye, herlege regndressen sin.
Og Lillebror fekk sine første raude roser i kinna, der han hang og kosa seg i bæresjalet på magen min.
Det var forresten nesten umulig å ta bilde av Storesøster, for ho var heilt i hundre heile tida, og ikkje særleg interessert i å bli tatt bilder av. Men eg syns det er greit. Det er jo jammen ikkje så ofte at vi har mormor i nærleiken og ei strand rett utanfor døra! Ja, for mormor leigde ei lita hytta nokre dagar, slik at vi kom oss ut i havgapet og hadde masse tid der. Eg blir nesten freista til å sette opp eit hus der ute ved havet, eg!
Lillebror nærmar seg 6 månader no. Og tida går så usannsynleg fort! 
Sjå kor stor og skjønn han er! (-og alltid lett å ta fine bilder av!)

Håpar du også har hatt gode dagar!

tirsdag 26. april 2011

Åh, så vakkert!!

Foto: Henrik Bengtsson

Dette er Gine.
Lisjesystra mi.
Og eg er så utruleg stolt!

No kan DU stemme på henne ved å følge denne lenka HER!
Ho fortener nemleg å vinne Musikkprisen 2011,
med sin eigenkomponerte song
Lingering Lover.

Klikk på hjartesymbolet for å avgi di stemme!
Om du vil høyre meir, kan du finne heimesida hennar her.

Vi har forresten hatt ei kjempefin påske, 
men no er ferien over og kvardagsblogginga tar til igjen. ;)
Det er kjekt å vere tilbake i bloggverda!

fredag 15. april 2011

Og vinnaren er...

Vinnarane av blogglotteriet mitt er no trekt ut!
Det vart nesten 80 lodd, og alle lodda vart lagt opp i denne skjønne skåla som  systra mi har laga.
Den er såå fin! Og bordet den står på er heilt nydeleg, rett og slett. Det er eit familieklenodium,
og som de kanskje forstår er eg og barna på påskeferie... Vi kosar oss!!
Lillebror trekte ut den heldige vinnaren, og eg kunne ikkje dy meg og måtte ta med ein trøstegevinst også. 
Det var jo så kjekt at så mange ville bli med, og så var det så stas å få så masse god respons på 
Eplabutikken min! Håpar de kjem tilbake dit! ;)
Hege/Hegemoni får dei rosa Dollyøyredobbane ho ønska seg,
og IdèSpiren får velge ut eit sett hårspenner til minispiren! ;)

Gratulerer!

Og så vil eg gratulere vinnarane av Handlaga 2011
Eg vart ikkje blant dei, men eg syns jammen det var kjempestas å få komme til finalen, eg!
Takk til dei som stemte på meg! :)

Ønskar deg og dine ein skjønn fredagskveld!

onsdag 13. april 2011

Knasande gode knekkebrød!

Eg har fullstendig dilla på desse lekre knekkebrøda!
Dei er superenkle å lage, og eg bakte faktisk forrige ladning mens eg steikte pannekaker ein dag!
Men dei forsvinn nesten like fort som dei kjem på benken, så eg rekk liksom ikkje å pakke dei ordentleg vekk, før eg må lage ny porsjon, så neste gong skal eg doble oppskrifta..minst!

Oppskrifta fann eg i ei utgåve av BoligLiv tidligare i år, eit blad som forresten er heilt fullt av store mengder nyttig inspirasjon og idèar, både når det gjeld mat, interiør, hage og hobby... Verkeleg eit favorittblad!!

Dessutan har eg funne ein skjønn, liten blogg som kom med ei freistande knekkebrødoppskrift til meg! Så no må mannen berre begynne å dyrke surdeig igjen.. ;) Ta ein titt inn hit!
Knasande gode knekkebrød 
à la BoligLiv
30 g havregryn
30 g solsikkefrø
30 g graskarkjerner
40 g sesamfrø
50 g linfrø
100 g kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
1 ts salt
1 dl vatn
1/2 dl olje
Bland det tørre før du blandar i vatn og olje. Deigen skal vere klissete.
Legg deigen på eit bakepapir, og legg også bakepapir over. 
Kjevle den ut så den passar på ei bakeplate, 
flytt den over og fjern det øverste papiret.
Steikast på 200 grader i ca. 15 minutt.
Avkjølast på rist og oppbevarast best i papirpose.

Kos deg!

- og hugs blogglotteriet som trekkast på fredag!

søndag 10. april 2011

Sikksakk-godis!

Sjå kor utruleg lekkert!! 
Eg NYT synet av dei nye sikksakkbanda mine, 
og har bestemt meg for å dele på godene...
Likar du nokre av desse fargekombinasjonane, kanskje?
Denne gongen har eg lagt saman tre ulike fargar à to meter i kvar pakke,
og du kan kjøpe dei her!

Dette er sikksakkbanda eg brukte i puta du ser i innlegget under dette,
og dei er i stor storleik, altså! Sjølve bandet er 10 mm breidt, og det er så flott!
Gler meg til å bruke det på både fleire puter, babytepper, posar, skjørt..osv!
Hiv deg med på sikksakkbølga, du også! ;) 
(Pling - der fekk eg vel ordspelpoeng..? Hihi..)

Forutan Eplajobbing, babykos og klesvask har denne søndagen inneholdt 
late timar rundt huset, og deilige, vårlege aktivitetar.
Dette er vel sikre vårteikn?
-og som du kan sjå på bildet, har ikkje sola smelta all snøen heilt enno..
Men det blir stadig meir plen her, og det er nok ikkje lenge igjen til eg kan begynne å plukke på beda mine no! I år skal eg få til så mykje fint! :) ...håpar eg, altså!

No inntar eg sofakroken ganske snart.
Då blir det te, pledd og tente lys,
og du skal ikkje sjå bort i frå at eg sovnar...
Ha ein skjønn kveld!

fredag 8. april 2011

Puteglede!

Det er fascinerande kor mykje tilfredsstillelse ein kan få av å sy noko ein blir fornøgd med!
Denne puta satt eg og streva med i går kveld, og eg er så utruleg fornøgd med resultatet!
Ja, eg kunne nesten tenke meg å ha den i sofaen, men mannen syns den var litt for fargerik...
- eg trur han meinte barnsleg...hihi! Men vi har jo nokre barnehjørne i stova vår også, 
så eg skal nok få kikka på den litt innimellom uansett! :)
På dette bildet prydar puta vogga som morfar har laga, og der LilleSommer også ligg og ventar på varmare dagar og deilige trilleturar. I dag har eg nesten haustfornemmelsar, med fyr i peisen, vinden susande rundt huset og kaldt regn som slår mot vindua... Snøen er heller ikkje borte frå hagen enno, men dette ruskeveret kan kanskje hjelpe på det? Uansett, det eg skulle fram til var at det var faktisk ganske mørkt i stova mi i dag. Det blir liksom ikkje heilt lyst når det er sånt pyton vèr! I tillegg har Lillebror bestemt at dette er den store skrikedagen, og eg har absolutt ikkje lyst ut på trilletur.. Nei, då får han heller sovne til puppen! Og så kan eg sitte og glo på alle dei fine sikksakkbanda, stoffa og tinga som ligg framme...og planlegge og drøyme om alt eg vil lage! No er eg igang, altså! ;)
Litt om puta: Den har konvoluttopning bak, og både det gule og det blå stoffet er frå Stoff og stil. Eg har berre små restar att av det blå no, som er ein favoritt som ikkje produserast meir. I fjor var Lille så snill at ho sendte meg nokre meter frå Kristiansand. Det er eg jammen glad for enno!! :) Bildet på puta er klipt frå eit stoff eg fekk av systra mi i bursdagsgåve. Det er såå fint! Verkeleg til å bli glad av! :) Eg har berre ein liten bit, så det skal jammen brukast med omhu. Og planane er som vanleg mange. ;) Ser du forresten den fine kanten rundt puta? Det er sikksakkband i ein variant du snart kan finne på Epla. Må berre ordne litt først.. ;)
Men enn så lenge fins det 16 ulike fargar i ein smalare (5 mm) variant i butikken min, altså!

Hugs å bli med i blogglotteriet, da!


blogger template by lovebird