søndag 16. mai 2010

Dagen før dagen

I morgon er den store dagen! 
I morgon er det fest og baluba over heile landet, 
i eit stort, unisont jubelrop og hurra for vakre, frie Norge!

17.mai er nok først og fremst ein festdag for dei minste. Tenk deg for ei utruleg oppleving! For det første har vi jo ordna, rydda, pynta og styra både inne og ute i dagevis, vi skal ha på finkleda, vifte med flagga (oi, det minner meg om dei må finnast fram og strykast!) og tute i tuten, om vi har.. I byen er det fullt av folk, og alle ser så mykje gladare ut enn vanleg! Det er ikkje dei samme fjesa som ein ser på ein travel laurdag. Nei, denne dagen er folk smilande, venlege og det er til og med slik at ein ropar og ler høgt! Hipp-hipp-hurra!!

Vi brukar å møte vener i byen, gå i Nidarosdomen, kikke på Borgertoget, spise is, springe med ballongane på Vestfrontplassen og koooose oss, før vi har hageselskap på ettermiddagen. Dette året skal selskapet vere her hos oss, og eg håpar verkeleg at det blir like fint vèr som i dag! Vi kosa oss med sein frukost på trappa i 18 grader i dag, og plutseleg vart bjørka grøn i løpet av dagen. Jammen flaks at den rakk det før den store dagen! Det blir "korgfest", og eg gler meg sjølvsagt til all den gode maten, kakene, vennane og dei lukkelege barna. Eg har planar om forskjellige leikar ute, som for eksempel det obligatoriske 17.mai-potetløpet. ;)
Denne kveldshimmelen lovar vel godt for i morgon? Vakker var den i alle fall! (Sjølv om det ikkje alltid er så lett å feste på film...)

Ønskar deg og dine ein fantastisk 17.mai!

torsdag 13. mai 2010

Vinnarane er....

 Oioioi, for ein respons det har vore på blogglotteriet mitt!
Kjempekjekt at såå mange vart med, og tuusen takk for det! Eg har vore innom alle bloggane, men har enno ikkje funne tid til å legge att kommentar hos alle, så det får bli seinare... Håpar de tilgir det! 

Eg set i alle fall utruleg stor pris på all energien, all skapergleda og all inspirasjonen vi bloggarar er så heldige å dele. For meg blir dette viktigare og viktigare. Det er ikkje kjedeleg kvardag som er interessant, men kvardagslukke, humor, kreativitet, refleksjon og engasjement. Eg har fått mange tilbakemeldingar om kva som gjer bloggen min attraktiv, og vil sjå meir på dette etterkvart som eg vil vidareutvikle bloggen. For det vil eg. Kva skal den bli? Kva for ein veg skal eg gå? Kva er interessant for lesarane mine? Hm...ja, no vart eg litt betenkt. Medan eg grublar vidare skal eg sette meg ved sybordet, la kreativiteten få utløp og kjenne kriblinga i heile meg når produktet blir som eg håpar! Moro!

Loddtrekninga stod Lille A for, og det var spennande!
Så snart vinnarane har sendt meg adressa si, skal eg få sendt pakkane i posten!

Den heldige vinnaren av eit putetrekk (med mindre du heller vil ha ein liten pakke) er
Nina med bloggen SuperLille

Dei to små pakkane går til
Frida med bloggen FridoLi
Ida Victoria med bloggen Ida og Muskatt

Ta vare på kvarandre!

onsdag 12. mai 2010

Siste sjanse...

Deilig, lett sommarskjørt til Lille A. 
Dette likte ho, og dette likte eg...kanskje det blir eit til meg også?

I morgon skal eg trekke blogglotteriet mitt. Syns blogglotteri er eit bra ord! Har lenge leita etter ei god erstatning for give away, for eg likar å skrive norsk. :) 
I alle fall: om du vil vere med, så heng på!

Ha ein god kveld!

tirsdag 11. mai 2010

Kjempeinspirasjon!

Gjett om eg jubla då Lille A kom inn med posten her om dagen!
Eg vart sååå glad!
Har du høyrt om boka Myk start? Eller bloggen?

Fotografen og handarbeidsdama May står bak nokre herlege bøker, og den nyaste, som heiter Sikksakk, ville ho gi bort til meg. Eg hadde alt bladd i den hos ei venninne, og hadde konkludert med at dette var ei vakker og inspirerande bok! Stor var difor gleda då eg fekk den, og kunne bla meir i den. Eg kan bla og bla og bla, for bilda er så skjønne, oppskriftene så lettfattelege, fine og morsomme, og eg finn mengder av inspirasjon!

Sjølv om eg ikkje er så veldig opptatt av (eller flink til) å følge oppskrifter, så var det god hjelp å hente her, og eg har alt sydd ei bukse til Lille A med mønster herifrå som basis.
I går kveld hadde vi strikking her hos meg. Då samlast vi nokre venninner for å skravle, ete og (ja, faktisk!) strikke! Men er det fleire som kjenner at strikkelysta forsvinn litt etterkvart som våren kjem fram? Eg har i alle fall pakka bort det siste, håplause strikkeprosjektet mitt, og lagde hårspenner i staden. Og medan ei hekla, teikna ei anna mønster til barnekjole...og ALLE likte vi Sikksakk like godt!

Ser desserten god ut, syns du? Mmmm....eg fann jordbær på butikken, og bestemte meg for at eg ville lage noko med jordbær og krem, men det måtte vere både søtt og friskt, og jordbæra var jo ganske belgiske og kjedelege...hihi! Resultatet er ei blanding av piska krem, melonyoghurt, non stop, jordbær og knuste pikekyss, og med banan og anna godt på toppen! Suksess!

Hugs at no nærmar det seg trekning av give away!

søndag 9. mai 2010

Charlie og Lola

Hos Kids Haus fann eg ein DIY på sånne lekre hårspenner som Lola har...åh, eg syns ho er så herleg! Lola, altså! :) Og med desse herlege, leikne hårspennene blir det jo enno betre! 
Eg har ikkje prøvd å lage dei sjølv enno, men har hatt andre prosjekt dei siste dagane... Har vore utan kamera, og då freistar ikkje blogginga så veldig.

Om du vil sjå ein av filmane om  
Charlie og Lola 
finn du ein her, eller du kan kikke på heimesida her.

Nok hårspenner for ei stund...? 
Håpar du har ein fin søndagskveld!

tirsdag 4. mai 2010

Hårpynt igjen..

No har eg endeleg oppdatert Eplabutikken min igjen!
Denne gongen har eg lagt ut nokre av hårspennene eg laga rundt påsketider. Dei er sommarlege og fine, og eg trur nok at eg er klar for å lage fleire. Dette var koseprosjekt! 
Håpar du har det fint!

søndag 2. mai 2010

Give away!

No skal det feirast! Eg har bikka 20 000 besøkande på bloggen min, og det er kjempekjekt at så mange kikkar innom! Enda kjekkare er det at mange legg att koselege helsingar når dei er her!

I takksemd til alle mine lesarar vil eg no arrangere ein give away, og reglane er som vanleg:
1. lodd - ein kommentar der du skriv noko om kva du likar ved bloggen min. (Hugs e-postadresse om du ikkje har eigen blogg)
2. lodd - lenke/innlegg med bilde på din blogg. (Bruk bildet over.)
3.lodd - å bli/vere følger av Ein gul knapp

Førstepremien er eit putetrekk i str. 45x45cm.  Det er laga av mest nye, men også nokre gamle lappar, og har lys lilla bakside med gul glidelås. Sjølvsagt kan vinnaren vere raskt ute og seie at ho syr mykje sjølv, så ho vil heller ha andrepremien... Ja, for andre og tredjepremien består av ein liten forundringspakke med stoffbitar, band og knappar. Ikkje noko store greier, men nok til å sy småtteri. :)

Trekning torsdag 13.mai.

Lukke til!

lørdag 1. mai 2010

Sommarleg saum

Store Lille A er glad og fornøgd. Ja, ho er eigentleg det mesteparten av tida, men særleg når det vankar overraskingar. Då trippar og hoppar ho, og spør med si finaste stemme om det er godteri som er overraskinga? Men ho blir slett ikkje skuffa over andre ting heller. Slik som denne tunikaen. Mmmm, eg vart såå fornøgd! Fann inspirasjon hos Den Gode Feen, fekk oppskrift av ei venninne som abonnerar på Alt om håndarbeide, og sette igang. Det lilla stoffet er frå Stoff og stil, mens det blå lommestoffet er gammalt. I nakken er det splitt og knapp, og knappen vart veldig søt, trekt i det blå stoffet. No må det berre slutte å snø, slik at vi kan gå ut med sommarklede på! :)
Håpar de har ei herleg helg!


blogger template by lovebird