Dette er såååå gøy!
Eg syns det er utruleg inspirerande å vite at så mange er innom bloggen min, og eg blir så glad! Spesielt glad blir eg når eg får kommentarar, for då kan eg liksom sjå litt kven de er, alle de som følger med på det eg viser av inspirasjon, kreativitet, tankar og gleder. :)
For å kunne gjere litt ære på gjestane mine, vil eg gi ein av dykk ei gåve. Aller helst skulle eg gitt noko lite til kvar og ein, men det blir det ikkje, altså... :)
Give away
1. Legg att kommentar på dette innlegget, så får du eitt lodd.2. Legg ut link til bloggen min på din blogg, så får du enda eitt lodd.
3. Legg deg til som følger av bloggen, så kan du få eitt lodd til.
Du kan altså få tre lodd, og du må skrive i kommentaren kor mange lodd du tar.
Bruk gjerne det øverste bildet når du lagar lenke hit.
Denne rundputa går i posten til vinnaren. Den er laga av eit herleg, retro dynetrekk i blåtonar, eit stykke linstoff, ei heklebrikke frå loppis og nokre knappar og band.
Vinnaren trekkast fredag 5.februar.
Ha ei herleg veke!






























