torsdag 1. august 2013

Nymalt parkett

Å male golv er, tru det eller ei, kjempekjekt! Til og med mannen syns det var gøy, for då ser ein verkeleg fort resultata! :) Ein heilt ok bjørkeparkett, ikkje perfekt på nokon måte, har no fått nokre strøk med Trestjerner i fargen fabrikk. Perfekt. I alle fall nesten. ;)

Eg er klar for fortsettelsen. Fleire golv, takk! Berre synd at lister, tak og veggar også må malast. Og vindu og dører. Og skap. Og stolar og hyller. Og trapp. Joda, eg har litt å sysle med framover. Enn du?

1 kommentar:

  1. Eg har fargen fabrikk på stueveggen. knallfin! :) lykke til vidare <3

    SvarSlett



blogger template by lovebird