fredag 1. juli 2011

Perler på ei snor

Nye perler på handleddet i dag. Gule og fine. Faktisk enda finare på bildet enn på handa, for det er akkurat litt for mykje grønt i gulfargen. Nesten knallfin, men ikkje heilt.. ;) Men likevel, eg likar dei nye perlene mine, kjøpt for sånn omtrent elleve kroner og sekstiåtte øre hos Søstrene Grene. Og dei passar perfekt saman med den enda nyare og enda finare og ein del dyrare tunikaen i ein dus lysblå-grå-mint farge. :) Eg er klar for sommaren! Snakka forresten ein del om gult med ei venninne ein dag... Det finnast sterke meiningar om den fargen! ;) Kanskje gult er den neste fargen vi skal leite etter i husa våre, bloggarar? 
Eg vart forresten ein smule overraska då eg pussa tennene mine i dag tidleg.. Vi hadde nemlig somla litt på morgonkvisten, og mannen med flexitid låg enno i senga medan eg var på badet med ungane. Ooops - eg skulle jo til tannlegen! Då var det berre å pusse ferdig og komme seg ut døra. Og heldigvis - tannlegen var fornøgd, og då er jo eg det også! :) No har eg akkurat hatt ein velfortent formiddagskaffe i sofakroken, og skal tilbake til arbeidsbordet på kjøkkenet. Store prosjekt på gang! :)

Ønskar deg ein deilig fredag!

8 kommentarer:

  1. Sikke en lækker gul farve, det er blevet rigtig fint :o)

    SvarSlett
  2. Så rart, jeg tok gule bilder her hjemme for noen timer siden Ü
    Herlig armbånd! Blir mer og mer glad i gult (bare det ikke er på veggene!), det er vel kanskje en "mote-ting"? Uansett, det er ei farge som gjør meg glad Ü
    God helg!

    SvarSlett
  3. Så dejlig en farve... den kan jeg virkelig godt lide!

    SvarSlett
  4. lekkert ;)
    kan se for meg at det hadde vært flott på solbrun hud, den har jeg ikke sett så mye til her i gården enda, for å si det sånn ;)

    SvarSlett
  5. Og ønsker deg en fredelig helg tilbake - og det er godt når tannlegebesøk er et tilbakelagt kapittel ;).

    SvarSlett
  6. Nydeleg og sommarsleg perlearmband! ♥

    God laurdag til deg og dine!

    SvarSlett
  7. Har ingen gule plagg selv.Men synes gult kan være flott i små doser...som små fargebomber, nettopp som her på armen din! KULT!

    SvarSlett
  8. Lysegult - i LOVE IT! Lys, lys gul og knallgul. :) Og så er det SÅ fint i lag med akkurat den lyse, lyse blåturkise fargen du har på tunikaen! Ordentlege sommarfargar...

    SvarSlett



blogger template by lovebird