torsdag 25. november 2010

Gnistrande!

Vi stod opp til gnistrande kulde i dag! Gradestokken viste 17 minusgrader!
Då er det berre ein ting som nyttar og det er ULL! Frå innerst til ytterst!

Heldige Lillebror har fått deilig, mjuk og fin alpakkavest,
som blir trekt utanpå alle dei andre ullkleda,
og så blir han lagt på eit skinn, under eit ullteppe.
Eg fyrer i ovnen og sitt i den turkise sofaen, der eg kan
nyte nokre varmande solstrålar gjennom sørvinduet.
Men vinduet er trekkfullt, og eg frys faktisk på baken..

Eitt av vindua ser slik ut, med fantastisk fine og fascinerande isroser!
-og for dei som lurer så har vi super skøyteis på eit vatn i nærleiken,
og Storesøster skal nok få ta seg ein tur dit med pappaen igjen, 
når det berre blir litt mindre kaldt i lufta.... Fysj, det er iiiiskaldt!!

Tusen, tusen takk for varmande og fine kommentarar! 
Tida mi strekk ikkje heilt til om dagen, men eg lovar å bli flinkare til å gi respons tilbake! ;)
Ønskar deg også ein gnistrande fin dag!

9 kommentarer:

  1. Ja nu er det blevet vinter.. vi har slet ik den samme kulde her i dk, men det er koldere end sædvanligt og der ligger sne.. Det har været sjældent i magne år, men pludseligt er vinteren kommet tilbage.. Det er dejligt for julestemningen.. :)
    Hav en dejligt og gnistrande (det ord kunne jeg godt li!) dag... ;)

    SvarSlett
  2. Så fin vest han har fått seg! Lenge sidan vi har sett dåke no.. Treffast snart? :-)

    SvarSlett
  3. Ikkje rart du er kald med sånne vindauge! Det er vakkert, men ikkje tett :)

    SvarSlett
  4. Brrr...og eg som synest her var kaldt i dag tidleg (-5)! Vi har også eit trekkfullt hus, takk og pris at vedomnen er ein liten kraftkar! :)

    Ha ein fin vinterdag!

    SvarSlett
  5. Nydelige ullplagg!
    Høres ut som du har like kaldt hus som meg - brrr. Vi har også en ovn som jeg syns det er vanskelig å få gang på igjen hvis det dør ut.. dermed høres jeg ut som min mormor som alltid måtte hjem og fyre :)

    Herlig med skøyteis da!
    Ha en fin dag
    Kjersti

    SvarSlett
  6. Hei:) Ja uff d e bare t å finna fram ullå! D e d besta å pakka seg inn i i denne kuldå:) Nydeligt d va på vindue då! heilt fascinerane fantastiskt:)
    varme klem fra meg, hehe:)

    SvarSlett
  7. Finaste guten! Saknar dykk alle! Klem frå mormormams

    SvarSlett
  8. Det ser så smukt og gnistrende ud med de fine frostblomster men I har det godt nok koldt deroppe i det øverste nord. Jeg håber I allesammen får en dejlig weeekend.

    SvarSlett
  9. Hei! Alpakka er herlig :-) og vesten hadde nydelige farger som alt annet inne på bloggen din :-). Den er kjempefin og jeg titter stadig innom. De fargerike kulene er bare superfine. Jeg elsker sjokkfarger!! Ha en riktig fin lørdagskveld! Klem fra Anita

    SvarSlett



blogger template by lovebird