lørdag 23. mai 2009

Gode dagar


I dag har vi vore på lang og god sykkeltur. Finevèret kom, akkurat som eg vart lova, men då vart det jammen ikkje mykje tid til å sitte inne og blogge! Men uteliv blir derimot prioritert, og det er utruleg godt for kropp og sjel.


Lille Anna kosa seg også på tur. Ho sovna likegodt i sykkelvogna på dei humpete skogsvegane, og våkna ikkje før vi kom fram til vatnet der vi slo oss ned og laga middag. Nokre ender kom heilt bort til oss og fekk loff, og det var stas for store og små.


Etter ei hageøkt då vi kom heim, smakte denne godt!
Vi lagar ofte smoothie til kvelds på varme dagar, og brukar helst
banan, vaniljeyoghurt, frosne bringebær og eplejuice.
Men andre bær, yoghurtar og juicar funkar også bra!
-og det er alltid godt!
Posted by Picasa

2 kommentarer:

  1. Livets glade dager, er det noko som heiter!
    Eg blir glad sjølv, berre av ålese orda dine og sjå dei fine bilda. Takk!
    klem, mamma

    SvarSlett
  2. Var dere på Haukvatnet og bada? Syns det er så fint der! =) Og smoothien der så GOD ut!! :) Ser deg i morgen!

    SvarSlett



blogger template by lovebird