
onsdag 22. april 2009
tirsdag 21. april 2009
fredag 17. april 2009
Mi første bukse!

Så har eg endeleg gjort det! Eg satt med dette prosjektet i går kveld, og det var faktisk ganske enkelt! Stoffet er frå Panduro, og linningen og strikken nederst i beina har eg klipt frå ei øydelagt jakke. Anna vil sjølvsagt ikkje prøve den, men eg får lokke og lirke litt meir.. Veit ikkje heilt korleis storleiken vart, for eg er så innmari unøyaktig.
onsdag 15. april 2009
Sansepute

Dette er ei sansepute eg laga til Live 6 mnd. Ho likte den med det samme! Den er laga av 19 ulike band i ulik storleik og tekstur, grøn smalstripa kordfløyel, lilla bomullsblondekant og eit utklipp frå "Rascals"-stoff. På baksida er den brun med grøne prikkar. Slik vil eg stimulere både syn og kjenslesansen til barnet, og den vart rett og slett ganske fin!