mandag 21. desember 2009

Smilerynker

Smilerynker.dk er ein heilt nydeleg blogg, som no har ein herleg julegiveaway! Du kan vinne metervis med flott vintagetapet, og det syns i alle fall eg hadde vore utruleg kjekt! Klikk på biletet over for å komme til bloggen, og på tapetrullane for å komme direkte til konkurransen.
Ho skriv sjølv: Smilerynker er herligt børnetøj i skønne farver og mønstre. Genbrug og nyt blandet sammen i skønt design. Jeg laver dejlige dukker der dufter af uld og børnetøj syet med kærlighed. Her elsker vi naturen, køer med horn, bondemand Niels´ biodynamiske grøntsager og 70érne. Det hele er godt rystet sammen og er blevet til kjoler syet af retro-sengetøj, bukser i økologisk fløjl og mormors hæklelapper. Børnetøj som giver mor smilerynker, fordi det minder hende om dengang hun selv var barn…

lørdag 19. desember 2009

Sukker på landet

Dette har vore ein utruleg deilig førjulslaurdag! Joda, vi skulle nok heilt sikkert ha stressa som så mange andre, men det hadde vi ikkje lyst til! Lille A vekte oss då ho vakna litt over kl.10, og då bada og somla vi, slik at laurdagsfrukosten vart både sein og god... :) Og så skulle vi jo på julemarknad i dag!

Designmarkedet Sukker hadde flytta ut på landet for ein dag, og det var så fint der! Sjølve garden var idyllisk og skjønn, og alt det som var på marknaden....åh! Først må eg seie noko om korleis det var ute der...med eit fint lag mjuk og kvit nysnø, fuglenek, faklar, blå himmel, fredeleg gardstun. Det er nesten så eg kunne tenke meg å flytte ut av byen igjen (men berre nesten!). Denne fine lykta du ser øverst stod utanfor hønsehuset, og den er av is. Såå fint når lyset skin gjennom isen!Lille A fekk kose seg på juleverkstad for borna...og eg kosa meg også med det! ;)
Det var også kjekt å få helse på Gekko! Ho var der med nokre av dei fiiine tinga som ho syr, og vi kjøpte eit heilt herleg skjørt, som Lille A likte så godt. Actionbileta får heller komme seinare. ;)
Vi kjenner også til Tiril som har vakse opp på denne garden, og som er keramikar og billedkunstnar. Ho deltok sjølvsagt også på marknaden med dei vakre tinga sine. Og når vi kikka oss rundt forsto vi jo at det bur kreative folk på garden.
Til slutt ei vinterbilete av meg, med det mjuke, gode skjerfet dama bak Fin i formen har hekla til meg. :) Og eg har lova å gi mannen min cred for bileta... Takk, B! Han tar forresten mange gode bilete, og om du vil sjå fleire finn du nokre av dei her.

Vidare også var laurdagen ein suksess, altså! Det har vore skigåing i hagen, baking av nydelege biscotti og pizza framfor tv... Og julestresset? -det får komme i morgon eller mandag...hihi!

torsdag 17. desember 2009

Lær å brette søt eske


I dag har eg lært meg å lage slike fine, små esker. 
Dei er verkeleg søte, og eg vil gjerne prøve å lære det bort!
Det einaste du treng er ei saks og to ark. 
Eg brukte eit A4-ark frå Ikea til lokk, og eit anna til botn. Først brettar du arket og klipper av, slik at du får eit kvadrat.
Brett kvadratet andre vegen også, slik at du får eit kryss i midten.
Brett hjørna inn mot midten av krysset. 
Hugs at dersom du stryk neglen over kanten, vil den bli tydeleg og lettare å brette seinare.
Når alle fire hjørna er bretta inn, brettar du ut att, 
før du brettar inn eit hjørne og brettar det ein gong til, 
slik at kanten ligg inntil bretten som alt er på papiret. 
Gjer dette på alle sidene.
No kjem den vanskelegaste og kjekkaste delen, der du ser at eska finn fasongen sin. 
Du tar to sider og brettar dei med spissen inn og sida opp.
Dei to andre sidene løftast så dei står opp.
I hjørna på eska brettar du flikane inn.
Spissen brettast ned, og slik fikserer du også veggen på eska.
Vips, så har du ein del av ei eske, og manglar berre den andre halvparten. 
Når du lagar botnen klipper du berre kvadratet 5mm mindre, så blir det ganske passe!
Spissane inni eska kan festast med eit fint merke, 
og eska kan fyllast med noko som er kjekt å gi bort...

Lukke til!

onsdag 16. desember 2009

Når ein peparkakebakar...

I vår andre peparkakebakerunde har eg og Lille A trykt ut bokstavar til den store gullmedalje... Dei skal vere oppi nokre julegåver, så då passa det fint med bokstavkjeks med peparkakesmak. :) Bokstavformene fekk eg som premie i ein eller annan bokklubb, og fekk endeleg brukt dei!

Morgondagen ventar med hjartepynting, nonstop og silkeband...mmm... :)

tirsdag 15. desember 2009

Misteltoe...

Sjølv om det å kysse under mistelteinen ikkje er ein norsk skikk, så syns eg dette var litt morsomt...og fint var det også! Oppskrifta fann eg hos Matsutake. :)

Må oppdatere dykk på kamerafronten, for no er vidunderet i hus, men eg har sydd så mykje i kveld at eg ikkje har hatt sjansen til å gjere så mykje med det enno... Men er i alle fall glad for at det kan ta fine bilder, sjølv i gult innelys om kvelden...hihi!

lørdag 12. desember 2009

Endelig sying...men ikkje kamera ;)


Photo by mobilkamera i kveldsmørket...
Har fått i oppdrag å sy to firkanta toalettmapper, og måtte prøve meg i dag. Den vart jammen ganske fin, sjølv om eg nok kjem til å gjere nokre endringar på dei neste i morgon... ;) Måla vart ca 18x18x9,5 cm, i staden for ca 30x20x20, så då er det vel berre å finne fram penn og papir. Eg må teikne for å klare å visualisere mønsteret og måla...og så er det vel berre å bruke matematikkunnskapane?

Det er faktisk fleire ting som har blitt produsert ved symaskina i dag, og det er så utruleg tilfredsstillande! :) Ganske stolt også! Og så vart eg så glad i dag, for mannen var ein snartur til byen og fekk bestilt kamera! Hurra! Så i løpet av neste veke skal eg vel kunne klare å lære meg det godt nok til å ta fiiiine bloggbilder igjen.

Ønsker dykk alle ei riktig god helg!

fredag 11. desember 2009

Esperanza Spalding

Har sett og høyrt fredspriskonsert, og særleg denne vesle jenta med den store kontrabassen fascinerte meg... Må nok høyre meir på Esperanza Spalding etterkvart, og har difor lagt opp ei lita speleliste på sida her (uff, eg slit visst litt med å få det til denne gongen, og forstår ikkje heilt kvifor...), i tillegg til at bildet er linka til heimesida. Enjoy!

onsdag 9. desember 2009

DesignArtist Shawn Soh

Den koreanske designaren Shawn Soh har laga dette treet, som for anledninga er julepynta... Eg fann det først som eit grønt tre, og det var heilt nydeleg som bokhylle i eit barnerom! Linken til desse inspirerande bileta finn du her. Av respekt for copyrighten tok eg ikkje dei bileta ho hadde merka med (c), berre dei ho ga bort.. :)
Eg likte det reine, naturlege uttrykket, og at det ikkje berre er dekor, men også veldig brukbart! Av omsyn til miljøet er det laga i metall, og det er også noko eg har sansen for. Ikkje metall, altså, men at designaren tenker på miljø...det er jo viktig!
Alle bilder er henta frå www.designartist.co.kr


blogger template by lovebird