søndag 3. april 2011

Vår og sol og herlege fargar...

For ein solstråle!
Eg seier berre:  Sol ute, sol inne...
Sol i hjartet, sol i sinnet,
SOL - berre sol!

Denne søndagen har vore så utruleg deilig, med 15 grader og strålande sol.
Snøen forsvinn i rasande fart - heldigvis! - og eg har fått farge i kinna i dag!

På bildet ser du Lillebror liggande inne på det nye vatteppet mitt, som også gir solskinn til stova.
Det var eit bruktfunn eg gjorde i ein kyrkjekjellar i Asker forrige helg, 
(Vardeåsen kirke har stort bruktmarked kvar tirsdag ettermiddag!)
og som eg greidde å stappe ned i sekken min for å ta med på toget heim til Trondheim.
Blir så glad av å sjå på det! Og sjølvsagt også av å sjå på den skjønne guten..!

Veldig kjekt med god respons på blogglotteriet!
Men no må eg også få reklamere litt for nye varer i Eplabutikken,
nemleg metervis med sikksakkband i 16 ulike fargar. 
Det er vel meir enn dei har på Stoff og stil...! ;)
Løp og kjøp!

Ønskar deg ei vårleg veke!

fredag 1. april 2011

Blogglotteri

Eg har så lyst å feire! 
Det er mange gode grunnar til feiring, og eg tenkte nesten å ramse opp nokre, men  syns det vart for vanskeleg å begrense meg... I staden seier eg berre TAKK!

Premien i dette lotteriet er ei vare etter eige val i Eplabutikken min, som du finn her!
Denne gongen stiller eg to krav for å vere med i trekninga:
Legg att ein kommentar der du skriv kva du ønskar deg frå butikken,
og skriv kvifor du likar akkurat denne tingen!

For eit ekstra lodd legg du inn dette bildet og ei lenke hit frå bloggen din eller facebook.
Også dei utan blogg kan delta, men hugs å legge att e-postadressa di, så eg kan nå deg om du vinn!

Trekning blir fredag 15.april!

Takk for at du er med!

torsdag 31. mars 2011

Og dei nominerte er........

Oioioi - så utruleg moro!!
Du har vel fått med det flotte initiativet Handlaga 2011?
No har dommarane valgt ut finalistane og eg er med! 

Må seie at det er ei skikkeleg vitamininnsprøytning for tiltakslysta og kreativiteten,
og håpar eg får gjort litt meir framover enn eg har gjort i det siste... Vil begynne med det samme!
Syns tida går så fort, og les om alle som storkosar seg med prosjekta sine på kveldstid, 
men kva gjer eg...? Joda, eg sitt ved pc'en eller tv'en og glor, med ein kopp te og eit teppe,
og gler meg til å komme i seng, for eg er så trøytt... På tide å nattamme litt sjeldnare snart?
Eller kva med å foreslå at Lillebror søv lengre enn 30 minutt om dagen snart?
Det finnast ulike kategoriar i denne konkurransen, og etter ein nominasjonsrunde har dommarar plukka ut ti finalistar i kvar kategori. Så skal stemmene delast ut, og du kan kun stemme ein gong i kvar kategori. 
Bruk stemmeretten din innan 12. april! :)

I kategorien for Smykker finn du ringen min, og kan stemme på den her!
I kategorien for Barn finn du sanseputa mi, og kan stemme på den her!

Begge deler og meire til kan du finne i Eplabutikken min her!

Kos deg!

onsdag 30. mars 2011

Tilbake til snøen..

Eg har vore på tur i helga, nesten heilt aleine, og det har vore såå kjekt!
Det var altså berre meg og Lillebror, for han må jo vere der puppen er, med vogn og ryggsekk på togtur til Oslo. Så deeeilig! Der var det jammen skikkeleg vår! Eg hadde heldigvis lagt att Sorelstøvlane heime og pakka tøysko i bagasjen, og kunne vandre rundt i kjente trakter på Grünerløkka på tørr asfalt.
Det vart cafèmarathon og Sprellbesøk med skjønne M på fredagen, deilig lunsj med gamle kjente på laurdagen og litt andre venninner innimellom. Så godt å ha to heile dagar og ikkje berre to timar i byen!
Søndagen var eg fadder i barnedåp, og det var eit nyyydeleg dåpsbarn og ei fin feiring! 
Og det er jammen litt av ei ære å få vere fadder! :) Takk BO! 
Desse herlege keramikkmagnetane av Tiril Havdal kjøpte eg på designmarkedet Sukker før eg reiste.
Det er så koseleg å ha med ei lita gåve til vertinna! Ho var så snill at ho lånte ut det vesle soverommet sitt til meg og Lillebror, og låg sjølv på sofaen i stova i fire netter... Slik er det med ein liten toroms sentralt i byen. Men vi storkosa oss! Dessutan var dette eit besøk som var enklast når vi ikkje kom fire på ein gong! Hihi..
Og heime i Trondheim var det ei Storesøster og ein pappa som sakna oss, og det syns eg også var heilt greit!
Eg trur jammen det er sunt for alle at vi saknar kvarandre innimellom! Og så godt det er å sjåast igjen! :)

Vel heime er det full vinter og snø i store mengder! Eller...vi merkar jo at det er vår!
Himmelen er blå, sola varmar og snøen smeltar... Tid for frappe, kanskje? ;)

Ha ein herleg dag!

tirsdag 22. mars 2011

Grandtantekos

Eit klassisk motiv. Den 90 år gamle, fine, mjuke handa, og den lubne, gode handa til ein baby.
Men for meg er ikkje dette berre eit fint motiv, det er noko som betyr noko. For meg.

Dette er handa til grandtante Hildur, som vi ser altfor sjeldan, og som nesten ikkje ser oss lenger.
Og så er det handa til Lillebror, som grip tak i det han når og held i det med eit fast grep.
Ho som har eit langt og spennande liv bak seg, og han som har det framfor seg.
Vi veit ikkje kva som ventar, og eg kjenner at eg gjerne skulle visst meir om det som har vore.

Grandtante Hildur kan fortelle om kva ho gjorde den dagen krigen kom til Ålesund og Norge, ho kan fortelle om eit slit for å leve og om ei spennande tid som student på musikkonservatoriet i Oslo. Ho er har faktisk utdanning som klassisk songarinne, men har jobba i butikk store delar av livet. Men songen og gleda over musikken har ho alltid med seg, og det er heilt fantastisk å høyre den skjelvande, skjønne stemma synge! Musikkgleda har fleire i familien arva, og vi prøvar alltid å få Storesøster til å halde ein liten konsert når vi treff Hildur. Eg syns vi er heldige. Det er ein rikdom å ha familie og historiefortellarar rundt seg!

Eg gler meg til påske! Då skal vi treffe familien igjen! :)
Tankefull helsing frå meg i dag. Berre fordi eg kom over dette fine bildet.
Og som de veit; eit bilde seier meir enn tusen ord!

Ha ein fin kveld!

mandag 21. mars 2011

Stoff til salgs

Eg har lagt ut nokre stoffbitar på butikken min på morsomme Epla Materiell! :)
Men det er verkeleg vanskeleg med prissetting! Har lest litt kva andre meiner om dette,
og har samanlikna med andre stadar ein handlar slikt... Trur du eg greier å treffe?
Om du kikkar innom butikken blir eg glad for tilbakemeldingar!

I dag høljeregnar det i Trondheim, og eg er eigentleg glad for det...
Kanskje snøen snart kan bli borte, då? :) Kosar meg inne med dei skjønne barna mine no, 
og siklar litt over dei nyaste stoffkjøpa mine. Kanskje eg må sy noko av dei snart? Og vise fram?
Forresten - tuuusen takk for mange koselege kommentarar på innlegget mitt i går! Eg blir så umåteleg glad for dei! Ikkje alltid eg rekk å svare alle, men eg prøvar å kikke innom kvar og ein! :)

Ønskar deg og dine ein god mandag!

søndag 20. mars 2011

Dinglande uro og Rie Elise Larsen

Lillebror treng meir underhaldning for å halde humøret oppe under påkledning, og eg har difor laga ei uro som skal få henge over stellebordet. Eg har ikkje vore superkreativ akkurat, for liknande skyer og regndropar har eg jo sett flust av rundt omkring på bloggane, men ikkje ein slik variant... 

Hos Fargevandring blir eg alltid inspirert, og ho har jo også ein slags skyuro øverst i bloggen sin. 
Og dessutan har ho så mange lekre bilder, så den bloggen er vel verdt eit besøk! :)

Min uro er altså ikkje sydd, men laga av papir. Og fordi Lillebror skal ligge under og kikke opp, så har eg laga dråpane litt spesielle, noko som også gjer at dei snurrar så fint når ein blæs på dei. Mesteparten av papiret er laga av den dyktige dama Rie Elise Larsen, men noko er også kjøpt hos Søstrene Grene.

Eg kjenner at eg berre MÅ vise litt fleire av Rie Elise Larsen sine ting, 
og har lånt bilder på heimesida hennar.
Dette er verkeleg INSPIRASJON:










Blir jo litt flau over mitt eige dårlege urobilde no... Burde sjølvsagt ha fiksa meir på både omgivelsane og fargane i bildet, men det har eg altså ikkje gjort! Og no er det nesten natt, så nye bilder blir ikkje tatt i kveld, i alle fall. ;) I kveld blir det Livvaktene på tv, tente lys og sofakos.. Og alle verdas katastrofer får ikkje sleppe inn så veldig i kveld. Kjenner det blir både nok og for mykje av tragediar på ein gong no..

Ønskar deg ein deilig søndagskveld!

fredag 18. mars 2011

Stille for Japan

I dag er det stille dag for Japan blant mange bloggarar.
Eg er ikkje heilt stille, men det betyr ikkje at eg ikkje tenker på katastofen der.
For det er jammen ei katastrofe av enno uante dimensjonar,
med så veldig mange hendingar som vi enno ikkje kjenner summen av.

La oss vere stille for Japan, 
be ei bøn, tenne eit lys, gi ei gåve,
eller kva enn DU vil gjere 
for dei som er ramma!


blogger template by lovebird