onsdag 12. januar 2011

Tøybleieforsøket vårt...

Vi har bestemt oss for å prøve tøybleier til Lillebror. Eg har noko å innrømme... Vi får det liksom ikkje til!
Tanken er god, viljen er der og alt utstyr er på plass. Men kvifor får vi det ikkje heilt til å funke? Eg lurer på om kanskje Lillebror er litt misfornøgd. Det kan vere at eg ikkje skifter bleia ofte nok. Eller er det kanskje noko eg berre trur, for å ha ein grunn til å gi opp? Foreløpig blir det nesten oftare papir enn tøy, men vi har ikkje gitt opp enno! Kanskje du kan hjelpe meg med motivasjonen?

Bilda er frå stelleplassen, med klede, klutar og bleier i fine korger. Eg likar at det ser ryddig og freistande ut!
Og når eg har rydda litt, så blir det jo fint! Og i kleskorga kan du sjå kva slags fargeskala eg brukar mest til vesleguten... Deilige, fine blå, brune og grå, og ull, ull, ull...

Når dette innlegget blir publisert er eg forhåpentlegvis på flytur. Moro med planlegging! ;)
Ønskar deg ei framleis fin veke!

tirsdag 11. januar 2011

Ei varmande gåve

Først av alt vil eg berre seie takk for all responsen på forrige innlegg! 
Moro at mine små, fargerike prosjekt kan inspirere! 
Det er jo først og fremst difor vi bloggar, er det ikkje det? 
For å inspirere og bli inspirert! Hurra for alt vi kan dele! :)

Sjå kor stor Lillebror har blitt allerede! Tida går ganske fort, og det blir gøyare og gøyare med baby, etterkvart som ein får meir kontakt, meir respons og så utruleg gode smil! Eg smeltar!! :)
Den skjønne blå jakka har ei snill og flittig venninne strikka til han. Tusen takk, E! :)
Smokkesnora er frå Sebra, og den er det fleire som har spurt om etter bildet nedanfor her.
Men det eg eigentleg vil vise fram i dag er det supergode og supermjuke og utruleg anvendelege ullteppet Lillebror fekk av mormora si. Vi brukar det dag og natt, ute og inne... Rett og slett ein supersuksess, mormor!

Og då må eg jo berre lage ei lenke til eit prosjekt som mormora fall for, og som er eit utruleg bra initiativ!  
Tepper til Nepal er eit prosjekt du bør sjå nærmare på! Du kan følge med på prosjektet her,
og lese om korleis det vert strikka, samla inn, sydd saman ogsendt ulltepper til eit sjukehus i Nepal, 
der nyfødde er kleslause og fattigdommen og kulden er stor... 
Kanskje noko fleire av oss kunne bidratt til?
Send ei varmande helsing du også!

mandag 10. januar 2011

Orden i sakene

No skal du sjå det blir orden i stelleveska! Endeleg... ;)
Eg rekk ikkje så mange store prosjekt no for tida, men har storkosa meg med desse posane!
Stoff og band til posane har eg kjøpt både her og der, og inspirasjonen er stor på bloggane rundt omkring.
Kanskje kan du også inspirerast til å sy små posar! Ein treng i alle fall ikkje mykje erfaring for å få det til!
Denne øverste posen brukar eg til bleier i stelleveska, og den er verkeleg til å bli glad av! :)
Lillebror er ikkje særleg interessert i å ta smokken, men eg gir ikkje opp så lett. 
Det er jammen greit å kunne sette i den proppen i blant!
Men når smokken stort sett berre blir hengande i snora si eller liggande og slenge, 
då er det jammen greit med ein liten pose å oppbevare den i!
Skiftetøy må vi også ha med overalt, sånn som denne herlege bodyen frå Duns, som Lillebror fekk til jul.
Eg sydde ein liten pose av fleire ulike stoff, og no er det så mykje lettare å finne fram 
i den store veska som brukast til stelleveske!
På onsdag tar eg med meg barna mine og legg ut på reise! Åh, som eg gler meg!
Så då måtte bæresjalet også få ein liten pose, slik at det blir litt lettare å frakte med seg på tur.
Vi skal reise med både fly og tog, og kjem etter kvart fram til tanta og onkelen i Gøteborg.
Der blir det gåtur og cafèliv og masse opplevelsar, kos og hygge, tenker eg! Herleg!!
Litt fleire bilder heilt til slutt. Eg er jo ganske fornøgd med resultatet, men er enno ikkje heilt ferdig med poseprosjektet. På kjøkkenbordet ventar posane som eg skal pakke barna sine klede i, for alt skal jo opp i den stoore sekken som eg skal ha på ryggen. Eg elskar å vere på reise! Og med sekk på ryggen har ein armane fri, så eg forstår ikkje heilt dei som reiser med koffert, altså.. Ok, det har sine fordelar, men eg likar sekken min!

Kom forresten på at det kom ein del kommentarar om den fine ugla mi,
og den er ikkje frå House Doctor, men Madam Stoltz. Kjøpt på Ting.

Ha ei flott, ny veke!

søndag 9. januar 2011

Mokkasin

Bildet er lånt av Mokkasin

I dag skulle eg vise fram bilder av gårsdagens syprosjekt, men dagen gjekk så fort! Plutseleg var lyset ute blitt blått, og mørket kom snikande inn i huset...så då får fotograferinga vente til i morgon! Men det får så vere, for vi har gått ein lang og deilig søndagstur i staden. Med barnevogn og spark. Herleg!

Bildet eg viser er frå ein nydeleg blogg eg kom over i dag, og som eg berre må få anbefale!
Bloggen heiter Mokkasin og var i utgangspunktet butikkblogg for butikken Mokkasin.
Men no er det ein blogg om litt av kvart, og den skal eg nok kikke nærmare på!

No skal huset gjerast klart til ettermiddagsgjestar, og vi skal knuse pepperkakehuset vårt i dag...mmm!
Håpar du har ein flott søndag!

lørdag 8. januar 2011

Øyredobbar til Epla

Eg fyller stadig på Eplabutikken, 
og denne gongen med ganske spreke øyredobbar...
Det vil også komme ringar i samme stilen. Kva syns du? ;)

Ha ein fortreffeleg laurdag!

fredag 7. januar 2011

Deilig fredag

Dette er ein utruleg deilig fredag! Og eg er så glad for at eg veit å sette pris på den!
Kjenner at mulighetene er mange, sjølv om klokka alt er langt på dag.
Skal eg bli heime og pusle med noko?
Skal eg trille tur ute? Eller kanskje til byen?

Ein ting er i alle fall sikkert, i dag skal eg rydde bort dei små restane av jul som enno er i huset mitt.
Vi hadde jo ikkje så veldig mykje julepynt framme, i og med at eg skiller mellom advent- og julepynt, og vi var bortreist heile jula... Men litt er det, og det er deilig å rydde det bort. Det blir nesten som ein ny start!
Og særleg no når sola skin rett inn i stova mi, så får eg så lyst til å forandre på ting! Flytte litt på den, rydde litt der, kaste litt rot... Men det blir nok med tanken..hihi! Heldigvis søv Lillebror akkurat no, og det gjer så godt for oss begge! Ein kopp te og ei lita pepperkake, kanskje? :)
På gårsdagens bytur med ei utruleg koseleg venninne (takk, Johanne!), fekk eg bytta nokre julegåver, og eg satt mellom anna tilbake med denne herlege lysestaken. :) Ein lysestake er jo ikkje noko eg berre går og kjøper meg i tide og utide, så det var heilt perfekt! Har ønska meg ein lenge! -og soppane er vel obligatoriske... Nesten så ein blir lei soppar og ugler i bloggland, men det er jo ein grunn til at det er så populært! Superfine!! :) (Jaja, Lillebror, då var den duppen over... Så mykje rakk eg! Hihi..)

Ha ein deilig fredag, du også!

onsdag 5. januar 2011

Nye spenner til Epla

I ei skoeske pynta med fint papir har eg ein av hobbyane mine. Og denne skoeska var akkurat passe stor til å ha med på juleferie, så den kom opp i aktivitetsposen..ja, for det var jo sjølvsagt fleire krea-ting som måtte bli med! I skoeska har eg alt eg treng for å lage hårspenner, og det er så kjekt å halde på med! 
No er det lagt ut ein del nye hårspenner i Eplabutikken min,
og eg viser eit lite utval her på bloggen også.
Tusen takk for koselege kommentarar på innlegget i går!
Kjekt å vere tilbake, særleg når så mange seier hei og sånn!
Skal snart få tatt meg ein god bloggerunde, håpar eg! :)

Ha ein strålande dag!

tirsdag 4. januar 2011

Fine funn på Etsy

1. Sommarlege tøysko frå The Generation 
2. Årskalender 2011 frå Sarah Jane Studios
3. Frodig uglepute frå Karen Sagez
4. Froskestoff frå Kalla
5. Bilde av geitebukk frå Hillary Bird
6. Superskjønn nålepute frå Emma Lamb
7. Herleg sjiraff frå Contemori
8. Morsom epleukulele frå Celentano Woodworks

Eg startar året med herleg inspirasjon/ønskeliste frå Etsy... Joda, eg fekk mykje fint til jul, men ein kan jo likevel ønske seg noko! ;) Men mest av alt brukar eg Etsy til inspirasjon, og til tidsfordriv... I dag har eg hatt ein fot på vippestolen nesten heile tida, i alle fall når ikkje Lillebror har vore i armane mine. Og eg gleeer meg til han skal begynne å sove lang dupp! Det er så vanvittig frustrerande å ha så mange planar og ønsker for dagen, og så går all tida bort. Då er det VIKTIG å minne seg sjølv på at det faktisk er dette eg er heime for no. Eg SKAL bruke tida mi på babyen, for han er det viktigaste av alt! -men det hadde vore superdeilig om han berre kunne sove ein time eller to i strekk iblant...

Det har vore ein lang og god juleferie, og vi har kost oss med familiane våre. Eg har ikkje opna ein pc på over ei veke, og det har vore deilig, men no er det godt å vere tilbake. Takk for at de ikkje gir meg opp! ;)

Ønskar deg alt det beste for det nye året!


blogger template by lovebird