mandag 31. mars 2014

Årets familebilde

Anna og Alfred har laga eit heilt herleg kunstverk for og med heile familien! Eg er både stolt og glad og fornøgd, og det store bildet har allerede komt opp på veggen i gangen. Eg har også vore med bittelitt, for det er jo kjekt å male! :) Dessutan har eg jo måtte vere til stades absolutt heile tida, for å hindre små og store maleulykker og krangling og slikt… Treåringen har malt frå eine sida, og åtteåringen frå andre sida, og vi har jobba i tre omgangar, sånn omtrent.

Her er nokre tips til korleis du og ungane kan lage årets familiebilde:

1. Kjøp eit ganske stort lerret, sånn som f.eks. dette på 70x100 cm frå Søstrene Grene. Slike sel dei mange ulike stader, og i alle prisklasser. 

2. Teip rundt kanten på bildet, så har du ferdig passepartout når du tar bort teipen til slutt. Dette syns eg rammar inn motivet på ein flott måte, og gir eit reinare uttrykk enn om ein malar heile vegen rundt.

3. Mal bakgrunnen på bildet først! Vi brukte grønne og blå nyansar, og ungane vart instruert til å gøyme bort alt det kvite på lerretet. Dette var kjekt for begge to! La dette tørke.

4. Mal konturane til motivet. Her vart åtteåringen bedt om å lage familien, og små uhell vart til blome og bie… Og pappa fekk ikkje skikkeleg plass, så han fekk berre kikke oppom kanten. "Han står liksom heilt nærme, så det er difor han er sånn…" forklarer Anna.

5. Følg litt med så ikkje dei minste blandar alle fargane heilt saman. Her har eg latt treåringen velge fargar sjølv, men har hjelpt han, slik at han har malt dei lyse fargane i eine enden av bildet, og dei mørke i andre.

6. Når alt er tørt igjen, kan ein begynne å fargelegge detaljane i bildet. Eg fulgte nøye opp åtteåringen, slik at ho ikkje skulle slurve... Det vert finare når ein er nøyaktig, og ho fekk enkle tips til korleis ho kunne lage beine strekar inntil det svarte og fylle ut fargen med nok maling. Og sjølv om vi begge var litt utolmodige innimellom, var både eg og Anna fornøgde med resultatet!

 


Slik såg bildet ut etter første arbeidsøkta.
Eg har kjøpt maleduk på Stoff og stil, og treng ikkje vere redd for malingssøl på bordet. Det er også fint for ungane at det ikkje er stress rundt dette med å søle litt, og dei har på maleforkle mens vi held på. Javel, så er eg litt småstressa for at dei skal søle på stolane og tapeten og slikt, men det meste går jo bort! ;)

Vi har forresten brukt akrylmaling frå Søstrene Grene og Hobbylakk og Allmogemaling frå Panduro. Noko blir blankt og anna matt, men alt kan blandast og enkelt vaskast bort med vatn.





Ha ei kreativ veke og ein fin mandag!

torsdag 27. mars 2014

Kreativ kos


Etter nokre dagar med dårleg form er treåringen endeleg i farta igjen. Og ikkje berre betyr dette mykje kos og tull og leik og sang, men også stunder med roleg pusling og nokre velfortente pauser for mor… Det er jo faktisk sånn at det er ganske slitsamt å vere heime med sjuke barn, og når ein i tillegg er prototypen på bekymra, forkjøla og trøytt gravid, så kjennast verda som ein betre stad å vere når barnet er i fin form! Då får optimismen fritt utløp igjen, og både mor og barn kan slappe av. Godt!

Figurane Alfred bygger med på desse bilda, har eg kjøpt på museumsbutikken til Nordenfjeldske kunstindustrimuseum i Trondheim. Det er fargeglade og solide pappbitar, som ein kan bygge saman til nydelege og morsomme kreasjonar. Her i huset synast ungane det er veldig kjekt å lage fjeset til pappa, kjærleik på pinne og bokstavar…og alt muleg anna. Når eg no fann nettsida deira Remember Paolo, ser eg at vi må hente meir inspirasjon og kanskje skrive ut nokre bilder. Dette er kjekt!

I går vart denne t-skjorta endeleg ferdig, og Alfred er glad og fornøgd! "Æ e en hai!!" og "Den hai-t-skjorta vil æ ha på mæ i barnehagen i morra!" er kommentarar som viser suksessen… ;) Den tok litt tid, for eg begynte å krangle med ermane, og når eg kranglar med slikt blir eg sur, og når eg er sur funkar det veldig dårleg å krangle… Så heile plagget vart liggande eit par veker, til eg i går klipte bort dei som krangla (Hah! Då vann eg i alle fall den krangelen!) og laga nye, snille, fine ermer. Mønsteret er frå Meedom og stoffet frå Stoff og stil.

Takk til gode venninner som i går oppfordra meg til å blogge litt igjen! Det går litt trått, men det er jo kjempekjekt! :) Og takk til alle som er innom og tar ein titt! Legg gjerne igjen ei helsing!!

Nyt dagen!

mandag 10. mars 2014

Om tid og sånn


Det er heilt ufatteleg at tida kan så fort som den gjer. Eit minutt er eit minutt, men når ein legg saman alle minutta og alle timane, så blir dei til dagar som flyg av garde. Den eine mandagen kjem hakk i hæl på den forrige, og vips! så er det jammen fredag igjen også. 

Slik kjennast det ut for alle som har ein travel kvardag. Alle som er i jobb, har barn og ein heim kjenner til dette. Men også der mykje ligg til rette for å kjenne at tida går sakte, kan ein kjenne at den går så altfor fort. Eg er ikkje i jobb no. Mine dagar er fyllt med trening hos fysio og legeavtalar, og jammen går det ein del tid på cafè også… Og heime skal huset stellast, sakte men sikkert, og når kvelden kjem er eg kaputt. Bekkenløysing og veksande mage har skulda for dette, for tida mi rår eg meir eller mindre over sjølv. Heldigvis. Og eg nyt minutta som kjennast lange, i solskinnet i godstolen i utsiktshjørnet i stova. ;) Eg kan trekke pusten og kjenne at dagen er god, at lyset er godt og at våren er her. 

Og små ting kan gjere at ein stoppar opp og kjenner etter. Små ting som ein legg merke til, som er vakre eller forunderlege. Kanskje også forgjengelege. Som denne tulipanen, som var ein del av ein fantastisk bukett eg fekk til bursdagen min, og som eg spreidde i mindre vasar, berre for å kunne feste augene på vakre tulipanar mange ulike stader i stova. Min favorittblome.



Bilda er tatt med mobilkamera, og er tidligare posta på instagram. 
Denne formiddagen skal eg prøve å nyte kvart minutt, men det er vel noko med alle planane og ønska og forventningane til dagen som gjer at den går så fort. 

Håpar du også legg merke til det gode og det vakre rundt deg!


Oj! Eg såg plutseleg at dette vart innlegg nummer 500! Det er nesten verdt ei lita feiring! :) Kanskje det blir det etterkvart, då? :)


blogger template by lovebird