lørdag 17. desember 2011

Knappekunst

 Fine, fine knappar! Skjøre, vakre og delikate, akkurat som eg likar dei. :) Eg kom over dei på Trondhjems-designernes julemarked for eit par veker sidan, og har enno ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke dei til. Dei er jo litt store, så dei hadde nok vore supre som dekor. Kanskje er det på tide å sy litt igjen?

Det er Tiril Havdal som er kunstnaren bak desse knappane, og eg har tidligare vist noko av henne i dette innlegget. Eg likar så godt kunsten hennar, og så er eg veldig fornøgd med den nye gule knappen min. ;)
Det er laurdagskveld, det er fyr i peisen, tente stearinlys, mat i magen, pappaen min er på besøk og det har vore ein verkeleg god dag. Eg er fornøgd!

Håpar din laurdag også er fin!

torsdag 15. desember 2011

Stjernefint!

Eg har kasta meg på trenden med papirstjerner, for det er ein av dei finaste julepynttinga eg har sett på lenge! No har det blitt bretta og ordna stjerner i fleng, og eg fekk endeleg brukt litt av papirsamlinga mi..! ;) Akkurat dette papiret vart kjøpt inn då eg var i København for nokre veker sidan, og eg fekk tips frå fine HOME by Linn. Bloggen hennar er full av vakre bilder og fine ord! Verkeleg inspirerande! :)

I kveld skal eg kose meg og pakke inn nokre julegåver og marsipangodteriet vi lagde til i går. Denne jula er eg ganske godt i rute med julegåvene, men ikkje så godt i rute med julehuset. Må vi verkeleg vaske inni kjøkkenskapa? Og må vi verkeleg rydde bort alle spor av mine kreative utskeielsar? Hmpf! Mannen er nok litt frustrert til tider, og joda, eg er det nok til og med sjølv, for her i huset er det papirrullar, stoffbitar, strikkepinnar, saks og pynteband i kvar ei krå... Vi kan jo kalle det teikn på liv og kreativitet, eller berre kalle ein spade for ein spade og sette i gang storreingjeringa. ;) Det er jammen godt eg enno har nokre fridagar att før jula tar til!
Tusen, tusen takk for alle kommentarar, forresten! Det er så umåteleg kjekt å sjå spor etter deg som har vore innom! Eg blir veldig, veldig glad, rett og slett! :) Takk, takk!

Ønskar deg ein strålande dag!

onsdag 14. desember 2011

Heimedag

Småsjuke barn er slettes ikkje kjekt, men jammen er det koseleg å sitte saman med Storesøster og perle Dronning Fjellrose ein heilt alminneleg onsdag!

Ønskar deg ein god dag!

mandag 5. desember 2011

Koseputer med lavendel

Eg tar sjansen på å vise fram noko av årets julegåveproduksjon... ;) Denne herlege ugleputa sydde eg i helga, av nytt og gammalt bomullsstoff, med ullfilt på baksida og fylt med vatt og lavendel. Den luktar deilig og beroligande, og kan vere ein god kosekompis for ein liten venn. Augene er teikna på med tekstiltusj.
Kosemonsteret er laga på omtrent samme måten, men er ikkje like feminin i stilen. ;) Ull på framsida og gammalt nytt på baksida. Han har glimt i auget og luktar også heilt nydeleg! Men neida, eg har ikkje stole mannens parfyme... ;)

I dag har eg vore heime med ein småsjuk Lillebror, og har brukt tida til å kose masse med han! Midt på dagen, då fotolyset var på sitt beste, tok han seg ein dupp i vogna, og eg fekk tid til ein liten fotoshoot. Det er jammen ikkje mykje lys her for tida! Julekortbilda lar vente på seg, for vi har nemleg tenkt å knipse dei ute i snøen, men det passar liksom aldri! Men-men, vi er jo aaaldri i rute med julekorta uansett, og kjem vel neppe til å vere det i år heller... Har du julekorta i boks?

Ønskar deg ei god adventsveke!

fredag 2. desember 2011

Reprise på adventskrans

Fjorårets adventskrans var nesten like heil, og er tilbake på plass på ytterdøra. Eg likar den! Du kan sjå fjorårets kransinnlegg her. Det var forresten kjekt å kikke på fjorårets juleinnlegg, for eg hadde jo mange gode idèar då også! ;) I år som i fjor er planane mange, ambisjonane høge og eg gler meg til "å jule"!

Fredagskvelden byr på sylyst, fredagspizza, sofa og tente lys. Deilig!

Ønskar deg ein fin kveld!

torsdag 1. desember 2011

Klokka mi

Klokka mi. Den viser at sola nettopp har vore på sitt høgste, før den no snart forsvinn bak trea i skogen her. Den viser at tida går ustanseleg, utan at vi på nokon måte kan påvirke farten. Den viser meg kor tid eg skal stresse, kor tid eg kan ta det med ro, kor tid eg bør dra hit eller dit, og kor tid eg skal hente barna på skulen og i barnehagen. Og så viser den litt kven eg er. For mi klokke er min favoritt, og eg fann den på Stilleben.

Det måtte liksom berre bli eit innlegg om tid i dag, syns eg. For det er noko eg stadig reflekterer over, og stresser på grunn av. Denne siste månaden har vore ubegripeleg travel, og slik vil vi jo ikkje ha det! Eg har storkosa meg med mange, mange små og store prosjekt, men har ikkje fått gjort alt som eg gjerne vil ha tid til. No lar eg skittentøyet ligge, hyblekaninene formere seg, kafferestane stivne i oppvasken og leikene flyte. No vil eg blogge, inspirerast, sy julegåver og kose meg! Og om nokre få timar hentar eg dei fine barna mine, og vil nyte ettermiddagen saman med dei! Det er jammen det aller viktigaste!

Igjen har livet og døden vist meg at vi må ta vare på tida vår. 
Vi må bruke den godt, for vi veit ikkje kor lenge vi har den. 

Håpar du har ei GOD tid!


blogger template by lovebird