I
dag har eg lyst å vise fram ein liten del av waldorfdukka mi. Er den
ikkje skjønn, vel? ;) Neivel, så ser du kanskje ikkje så mykje av den på
dette bildet, men det er jo fordi den ikkje er heilt ferdig enno. Men
du kan tru den har personlegdom! Og eg har nesten blitt glad i den, eg
er i alle fall veldig stolt, og det ligg mange timar med arbeid bak eit
slikt produkt! :) I går kveld hadde vi dukkesyerskene hårkveld, og eg
kom godt igang med håret. Panneluggen vart ikkje heilt som eg tenkte
først, og då slo det meg eit lite kvartsekund; eg kan jo berre feste
luggen med ei hårspenne no, og så veks det jo ut etterkvart... ;) Joda,
den er som eit bittelite menneske, men manglar enkelte kvalitetar
likevel... Hihi!
Vesten på dette bildet er inspirert av denne frå Pickles.
Men det måtte sjølvsagt litt justeringar og ein råsjans til, og med
tynnare tråd og pinnar og cirka halverte maskeantal, vart den faktisk i
perfekt storleik! Jippi! Neste gong skal eg prøve å få den større, slik
at den kan passe seksåringen. Veldig fin og superenkel! :)
Såg forresten at inspirerande, flinke og trendsettande Linda/Den Gode Feen har waldorfdukkeplanar også no. Så då blir det kanskje neste trend? Ellers kan du jo kikke på dukkene til Smilerynker eller Tusindfryd eller Fröken Skicklig for å nevne nokon... Så mykje fint! :)
Slik
ser arbeidsplassen min ut i dag. Arbeidsbordet er plassert i
stovekroken, med sola inn frå sør og skogen som utsikt rett fram. Eg er i
julemarkedsmodus, og frydar meg over fridagen min, slik at eg kan halde
på heime!
Dukka mi skal bli ferdig til julemarkedet neste søndag.
Kom-kom! Det er ein årleg tradisjon i Sommerfuglen Steinerbarnehage, at
foreldre og ansatte saman får til ein kjempefin dag, med mykje ulikt til
salgs, aktivitetar for barna, god mat i cafèen og fullt av folk i heile
barnehagen. Det er ope for alle! Kl. 10-16 i Havsteinekra 7. :) Og om du skulle vere i tvil: det er i Trondheim det skjer! ;)
Trudde
du forresten at eg skulle fortelle frå København i dette innlegget? ;)
Nei, det må nok vente litt til.. Eg har mykje å fortelle, mykje å vise
fram og hadde ei strålande helg! Men symaskina og julemarkedsvarene
ventar.
Ha ein super fredagskveld!