tirsdag 27. september 2011

Treng du ei gulrot?

Av og til må eg berre le av meg sjølv. Og jammen er det berre ikkje eg som ler.. ;) Det kan vere mange grunnar til desse små utbrudda av latter, som plutseleg boblar fram, med eller utan bismak. Kanskje er det fordi eg plutseleg kjem på at fridagen min er i morgon, eller kanskje fordi eg oppdagar at genseren er tatt på med innsida ut? Kanskje er det fordi eg har gått rundt med leverposteiflekk på kjolen heile dagen, eller fordi eg berre fekk tatt på mascara på eine auget og ikkje oppdagar det før eg går på do og ser meg i speglet i pausen min? Kanskje er det fordi eg krøllar meg saman på sofaen og er stuptrøytt, men ikkje orkar å gå ned for å legge meg? Eller så kan det vere som i går... I går lo mannen min av meg, mens eg kanskje var mest oppgitt. 

Når eg tenker tilbake på skuletida mi, tenker eg med gru på alle gymtimane. Eg var veldig glad i mange av skulefaga, men akkurat gym var heilt pyton. Ikkje sprang eg fort og ikkje hoppa eg høgt, og aldri vart eg valgt først til noko som helst slags lag. Men å kaste liten ball, det kunne eg.. Uansett, det var jo slik at eg måtte ha gym kvar einaste veke i 12 år, og då lærer ein sjølvsagt nokre teknikkar for å sleppe unna. Vondt i foten, vondt i hovudet, kvalm...etc. Og eg har ikkje blitt dårlegare på unnskyldningar seinare heller. ;) 

I går kveld hadde eg ein avtale med ein mann på treningssenteret. Eg var nemleg innom der for ein månads tid sidan, for å få hjelp til å sette opp eit bra treningsprogram no som eg ikkje lenger går til fysioterapeut. Eg har jo hatt eit veeeldig skranglete bekken, og har trent det fast to gongar i veka sidan lenge før Lillebror vart fødd. Men kroppen har jo ikkje akkurat blitt sterkare av all stillesittinga og vondtinga, og no når eg er tilbake i barnehagejobben igjen, er jo musklar og kroppsleg vedlikehald rett og slett noko som berre må til. Difor fekk eg altså sett opp eit lite styrketreningsprogram, som eg planla å gjennomføre minst to gongar i veka. Hah! Eg har knapt vore innom sidan sist, og grudde meg skikkeleg til å møte den skumle treningsmannen igjen i går.. Tenk om han vart streng! Eg satt rett og slett på ein stol her heime, ferdig kledd i treningstøy, og prøvde å snike meg unna.. Hallo, eg er jo vaksen no! Eg måå jo ikkje gjere slikt som eg ikkje har lyst til lenger! Eller..?

Mannen på treningssenteret var ein tolmodig mann. Og eg er ein ærleg person. Og fordi eg sa rett ut at eg mangla fullstendig motivasjon, til trass for at kroppen min skrik etter å bli sterkare, ga han meg eit bra tilbud. Ikkje akkurat ei gulrot, men ein fast avtale. Og eg tenker på at han ikkje er gymlærar, men ein som vil mitt beste. Og faktisk så har eg betalt nok gjennom dei siste fem åra til å ha ein personleg trenar ei god stund, så det må eg berre utnytte... For faktisk er det det han skal vere dei neste vekene. Han ville pushe meg gjennom ein halvtime eller to i veka dei neste vekene, heilt gratis. Og når nokon ventar på meg, då kjem eg. Hjelp!

Og kor kjem gulrøttene inn i bildet? Joda, desse gulrøttene er i miniatyr, henta opp frå kjøkkenhagen. Eg treng gulrøtter. Enten dei er lange og gule, lilla eller kvite, eller som ein premie eg kan unne meg sjølv når eg har gjort noko eg ikkje har lyst til. Som gym. Hehe... Det er vel berre å ta seg sjølv i nakken, eller kva? ;)

Korleis belønnar du deg sjølv? 

Håpar du har gode dagar!

onsdag 21. september 2011

Varmt teppe frå varmt hjarte

Dette teppet har Guro med bloggen m.i.l.c.h.schaum hekla av den mjukaste alpakkaull, berre for å gi det bort til nokon som verkeleg treng det. Eg syns teppet er heilt nydeleg fint, og at gode Guro (joda, det fins fleire gode Guroer.. ;) ) heilt sikkert har eit varmt og godt hjarte også! Og bloggen er verkeleg inspirerande, så ta ein titt innom! Bildet har eg fått lov til å låne av henne.

Eg har tidligare skrive om aksjonen Tepper til Nepal i dette blogginnlegget.

I kveld skal eg kose meg med strikketøy og gårsdagens episode av Grey's. Det er så deilig å synke ned i sofaen i blant, berre for å sløse med tida og ikkje stresse med noko. Og ja, det blir heilt sikkert ein kopp te og nokre tente lys også, for det har jo blitt haust! :)  (-og Blogger streika for meg i kveld, men eg har kost meg, altså! Men no er det natt for min del.. Sov godt!)

Ønskar deg ei fortsatt fin veke!

søndag 18. september 2011

Fager kveldssol lyser...

Aura
Veslejenta mi har litt av ei utstråling! :) - og på dette bildet var pappaen så heldig å fange litt av den.. Eller faktisk har han berre tatt bildet i ein korridor med sterkt motlys gjennom vindauget i andre enden. Det vart litt magisk! Vi har vore på tur i helga, og har fått ein stor dose med musikk, sosialt liv, nye bekjentskaper, lyd og leven. Herleg! - og ganske slitsomt.. ;) Og atter ei veke tar til i morgon, og den har vel omtrent akkurat like tett program som den forrige. Målet for veka er å komme ajour med hus og heim! Eg har forstått det slik at det er mange som kjenner seg att i at kvardagen er både hektisk og intens, og slik skal det kanskje vere. 
Takk for at de gir meg både oppmuntring, inspirasjon og pusterom!
_DSC5155
Ha ein fin kveld!

torsdag 15. september 2011

Gammalt på nytt

Eg gjorde ein morsom oppdagelse i dag! På ein liten snartur innom Stoff og stil fann eg dette skjønne stoffet i billigkroken, og det var gøy! Den fine rosebrosja har eg laga for ei stund sidan, og den er laga av dei gamle kjøkkengardinene vi hadde då eg var lita! Ein gong på åttitalet sat mamma og sydde blå kjøkkengardiner, med matchande lampetrekk, og no har stoffet komt på nytt. Det ser til og med ut som det har komt i samme blåfarge, for det eg har berre blitt bleika litt av sola. Brosja er laga etter boka Sikk sakk.
Her ser du rosebrosja liggande på det nye, fine stoffet mitt.

No skal eg springe på eit slags juleverksted. :) På tide å tenke på julemessa!
Ha ein fortreffeleg kveld!

søndag 11. september 2011

Som ein vind

Dette er heilt vanvittig! Tida går så fort som ein haustvind! Dagane kjem og går på rekke og rad, og rutinene må vere på plass for at vi skal rekke alt vi må rekke. Det er godmorgonklem og nattakos nesten rett etter kvarandre, det er middag, lekser og barnetv før vi rekk å lande på sofaen. Ettermiddagskaffen blir kald medan Lillebror får kveldsmat, og Storesøster må i seng før vi rekk å lese ferdig eit heilt kapittel. Og så kjem plutseleg helga... Men veit du, den er jammen over like brått som den kom!

Heldigvis er vi ganske flinke til å gjere koselege ting når det passar sånn! Vi har middagsgjestar, går på skogstur eller bytur, vi leikar, les, tullar og kosar. Vi sit inne og ser på fuglane i hagen, eller vi går ut og plukkar haustblad frå bakken. Vi høyrer på musikk og vi lagar musikk. Vi er saman med mange eller med få. Vi er glade, vi kranglar, vi ler. Og når det blir kveld og barna er i seng, ja, då er dei voksne trøytte og slappe og giddalause. Som i kveld. ;) Skjønne mormor er på besøk, pappa har vore på fjelltur i helga og eg har vore våken med Lillebror og soloppgangen. Så no er eg fullstendig slappfisk, og mormor måtte ta kinoturen på eiga hand. Neste gong skal eg vere med på både kino og andre kjekke ting! :) 
Desse bilda tok eg på ein trilletur for ei stund sidan, og eg likar dei. Dei har hausten i seg, og eg likar hausten!
No blir det ferske rundstykker til kveldsmat, og strikketøyet får kanskje eit par nye striper i løpet av kvelden. Så blir det natta, og snart er eg klar for ei ny turboveke. Og den er verkeleg turbo! Håpar eg finn tid og ro til litt blogging! Det er så givande å kikke rundt på alt det inspirerande og tankevekkande eg finn rundt omkring, for ikkje å snakke om deilige, gode kommentarar frå dykk til meg. Blir umåteleg glad! :)

Ønskar deg ei inspirert veke!

mandag 5. september 2011

Crazyblå...

Altså, eg må berre beklage bildekvaliteten, som i min iver på å vise fram kveldens ugjerningar (?) vart så stusseleg... Åh, hjelpe meg for ein crazy blåfarge! I alle fall på ein vegg! ;) Her i heimen er vi jo glade i å få det fint rundt oss, men vi er enten veldig treige eller veldig impulsive, og sjeldan noko midt i mellom. Denne gongen var vi også ganske treige, heilt til det plutseleg vart kjøpt inn ein farge i dag. Og då kom den på veggen! Fargen er ein nyanse lysare enn den blå Tripp trappen du kan sjå her, men den er nok framleis cirka sju nyansar for mørk og skarp... ;) Eg trur nesten vi må ha enda ein boks med blåmaling, så får eg kanskje den lyseblå som er i tapeten? Eller skal eg berre gjere det blå feltet litt mindre..? Vi får sjå. Litt vegg blir kanskje kvit att i morgon. :) Tapeten er forresten verkeleg til å bli glad av, og den har eg kjøpt her.
Ikkje fullt så crazy, men ganske blå er desse fine skinntøflane. Eg må berre dele dette tipset, for slike skinntøflar er nesten eit must i barnehagen. Dei er gode å ha på, sit godt på foten, er sklisikre og lagar lite støy. Og dessutan så får du dei nesten gratis hos Shoeszoo! Rask levering frå Canada er det også! :) - og berre for ordens skuld: eg er ikkje sponsa, men måtte betale for dei tre para eg kjøpte.. ;)

Malebuksa er framleis på, og eg må snart ut i gangen og kikke litt igjen. Hjelpemeg, kva har eg gjort? ;) Hihi!
Håpar helga di var god, forresten! Her vart Lillebror forkjøla og hadde feber, men no er han betre att, så kanskje denne natta kan by på litt kvalitetssøvn? ;) 

Ha ei fin veke!

fredag 2. september 2011

Hausthagen og den trøytte mammaen...

For ein deilig dag dette har vore! Ein bonusdag. Ein kosedag. Ein haustdag. Ein sommardag. Ein kviledag. Ein vaskedag. Ein fotodag. Ein fridag. Ein fredag. Kjært barn har mange navn... ;)

Etter ei ganske slitsom natt, med ein gut som aller helst vil ha smokken heile natta, var det både godt, luksus og heilt nødvendig å ta det med ro i dag. Smokken til guten heng nemleg fast i mammaen, og mammaen orkar ikkje å ha nokon hengande i puppen heile halve natta. Dermed ligg guten i senga si og hyler, medan mammaen og pappaen blir surare og surare, både på han og på kvarandre... Ikkje fordi vi vil det, og ikkje fordi vi syns vi burde det, men rett og slett fordi det faktisk er midt på natta, og vi er desperate etter søvn. Kroppen gjer nesten vondt, fordi den så gjerne vil ligge og kvile, og hovudet er tungt og fylt av bomull. Vil sove! Noo! Men greier vi å komme oss tidleg i seng om kvelden? Neida...skal berre, først...! ;) Kjenner du deg att, eller?

Så no forstår du kanskje kvifor eg har sett så stor pris på denne dagen. Min eigen fridag. Eg har kosa masse med Lillebror, leika, tulla og hatt GOD tid saman med den skjønne guten min. Heldigvis er han så skjønn, så er han tilgitt så snart klokka bikkar sju om morgonen... ;) Han er jo GULL! - og takk og pris søv den fantastiske storesøstra så vanvittig tungt om natta, så ho våknar ikkje av nokon ting. Heldigvis!
Etter ein liten trilletur i formiddag, rusla eg litt rundt i hagen med kamera. Ja, no høyrast det nesten ut som hagen vår er stor som ein park, men det er den altså ikkje. Det er ein liten hage, men faktisk ganske romsleg for rekkehushage å vere. Vi likar den! Og endeleg kan eg no vise fram det fine utebordet vårt, for det har eg vel ikkje gjort før? Dette bordet snekra flinke mannen til 17.maifesten vår, men så var det så dårleg vèr at hagefesten måtte vere i stova, og det store bordet fekk stå der ei stund. Men etterkvart fekk vi flytta det ut i hagen, og eg mala det i ein nyydeleg lillagråblå farge. Føtene til bordet kjøpte vi på Ikea, og inspirasjonen fann vi hos Stylizimo. Herleg! Og faktisk så vellukka at vi vurderte å lage eit liknande til kjøkkenbord også..
Eg leika meg med kamera og macrolinse i dag. Og vart ganske fornøgd med humlebildet mitt! Sjå også dei fine biebilda til The Brekkevolds her. :) Mi humle fann eg i kjøkkenhagen, der den susa rundt på det eg trur må vere ein timian, om eg ikkje hugsar feil. Desse roseknoppane fann eg også, og eg syns dei ber preg av at sommaren er på hell. Eg lurer på om dei rekk å bløme før det blir for kaldt?

No skal eg hjelpe Poirot å løyse ei sak, medan ullgenseren til Lillebror får vokse på strikkepinnane.

Ønskar deg ei nydeleg helg!

torsdag 1. september 2011

Waldorfinspirasjon

        1. Harepus - LoriNichols
        2. Bitekjede - KangarooCare
        3. Dukker - Pingvini
        4. Sopp - Shroompers
        5. Ballerina - Chestnutdolls
        6. Filtsteinar - HouseofMoss
For ei vidunderleg skattekiste Etsy er!! Her kan eg bruke timesvis på å sjå dei nydelegaste ting og samtidig suge til meg enorme mengder inspirasjon! Når eg ser slikt får eg lyst til å sette meg å pusle med ting med det samme, og tanken på at eg for eksempel aldri har prøvd nålefilting før skremmer meg ikkje... Men eg er jo litt realistisk også, og erfaringane mine viser at eg faktisk ikkje får til alt så pent som eg forestiller meg det. I tanken ser det jo så fint og enkelt ut, men det er faktisk ganske mange ting eg heller burde kjøpe på Etsy. ;) 

Inspirasjon og skaparglede er gratis, heldigvis, men takk og pris for at det finnast kunstnarar der ute som kan lage nydelege ting til oss. La oss støtte dei og faktisk handle litt av og til, enten via Etsy eller Epla... Og syns du det er vanskeleg å finne fram? Du kan jo bruke søkeord, og gå ut ifrå dei bilda som du blir tiltrekt av. Og så går du vidare via favorittar. :) Lukke til!

Denne gongen søkte eg på Waldorf, og det er av den enkle grunn at eg i år sit i julemarkedskomitèen i Steinerbarnehagen vår. Vi skal jobbe for fullt dei neste månadane med å produsere, delegere, inspirere, motivere og lage til tidenes beste julemarked! :) Det er kjempekjekt!! Her kan du sjå dukkene eg laga til fjorårets marknad. Kanskje blir det liknande også i år? Du skal uansett få følge med på framgangen med dette enorme prosjektet som ein julemarknad er!

        1. Reisedukker - FeeVertelaine
        2. Silke - BeneathTheRowanTree
        3. Dukke - Krasik
        4. Søvning mor og baby - AsherJasper
        5. Kaninfamilien - MaiseyHandmade
        6. Julekrybbe - Softearthart
        7. Mus i mjølsekk - GingerLittle
        8. Kval - ImaginationKids
Eg kunne komt med veldig mange fleire forslag til butikkar å stikke innom, eller eg kunne valgt nokre heilt andre. I dag fekk du i alle fall eit lite utvalg, og eg håpar du kikkar deg litt rundt! :) Kos deg!
Tusen takk for alle superkoselege kommentarar eg får! Eg er innom kvar og ein av dykk innimellom, men tida mi strekk ikkje heilt til når eg planlegg å skrive ei helsing tilbake... Skal prøve å bli flinkare til det!

Ønskar deg ein super torsdagskveld!
For meg startar helga no, og det er deeeilig!!


blogger template by lovebird