søndag 28. august 2011

Kreakroken...

Eg har endeleg fått meg ein liten kreakrok på kjøkkenet, slik at eg slepp å okkupere kjøkkenbordet i dagevis i slengen.. :) Nytt og mindre kjøkkenbord ga plass til ein liten pult, og som med bordet var også den eit funn frå låven hos svigers. Jippi! :) Beklager dårlege bilder, men vi går absolutt mot hausten og mørket kjem snikande tidligare og tidligare for kvar dag. Sånn er det berre. Det fine med det er stearinlys og deilig te..
Det manglar enno stikkontakt ved pulten min, men skøyteledninga funkar greit enn så lenge. Og Lillebror eeelskar ledningar, så han syns den var stor stas. ;) Uff, vi må verkeleg passe på han og ledningane i huset heile tida! Han halar og drar og spis på alt han kjem over. Berre i dag har eg fjerna to dottar med vatt, eit klistremerke med ei mus på og litt bark frå munnen hans... Skal tru kva eg ikkje rakk å fjerne før det gjekk i magen..? 

Kjolen som vart ferdig i dag var ganske stor suksess hos Storesøster, som sjølvsagt ville ha den på seg på skulen i morgon. Det er så kjekt når ho likar det eg lagar! Og det er så kjekt å lage noko fint!! :) Arkitektlampa er forresten ein original Luxo, som eg fann på ein loppis. Akkurat ein slik som eg ville ha!
Og denne Hoptimisten heng over kjøkkenbordet, til stor glede for store og små! 
Ja til leikne detaljar i heimen!!

Håpar du har det godt!

torsdag 25. august 2011

Gjer eit Eplakupp! :)

Eg har så lyst å gi noko tilbake til skjønne lesarar, blide kjøparar og andre gode folk,
og i tillegg må eg jo nesten feire at eg har solgt meir enn 100 produkt på Epla! :)

I grunnen har eg jo tenkt ei stund på at det er på tide med eit blogglotteri igjen, 
men eg er litt treig, så akkurat det tok visst litt for lang tid denne gongen. Men det kjem, det også! ;) 
Og medan du ventar kan du jo ta ein titt inn på Eplabutikken min HER
for der vil du få 30 % rabatt på ordren din 
om du skriv EINGULKNAPP i kommentar til selgar. 
Avtalen varer ut august! Løp og kjøp! :)

No følger eit aldri så lite bilderas, for å vise fram nokre av produkta som ligg eller har lagt i butikken. Enjoy!
Ha ein fin kveld!

tirsdag 23. august 2011

Haust i lufta

Det kjennast definitiv ut som hausten har komt til Trondheim. 
Riktignok varmar solstrålane enno, men lufta er klar og skarp,
og lyset og lukta og alt fortel meg at hausten er på veg.
På tide å gjere ferdig ullstrømpene til Lillebror.
Strikka i deilig, mjuk og varm alpakka, etter mønster frå Myk start.
Ei fantastisk strikkebok for gravide og andre som vil strikke smått!

Nyt dagen!

mandag 22. august 2011

Førsteklasses!

Dette er ein heilt spesiell dag. Ein dag med mykje spenning, mykje glede, sommarfuglar i magen, nye vennar, fine klede, gode smil, deilig kake, pannekaker til middag, strålande skulejente som boblar over av alt ho så gjerne vil fortelle. Om den nye, raude boka ho fekk av læraren. Om sangen dei song i Lykkekroken (ja, det heiter nok Lyttekroken, men eg syns Storesøster sin versjon, Lykkekroken, var eit godt alternativ...). Om å rekke opp handa når ein skal på do. Om jenter med rosa klede med stjerner på. Og om så veldig mykje anna!

Tenk at vår vesle jente har begynt på skulen! Det høyrast akkurat ut som ein klisjè, men det er jo faktisk akkurat slik, at eg blir forundra og overraska og nesten overvelda over kor fort tida går! Denne jenta som skulle komme til jul i 2005, og som plutseleg kom ein deilig, varm dag i begynnelsen av oktober. Lita som ei dukke var ho den gongen. No er ho stor og frisk og glad og flink - og skulejente! Eg er umåteleg stolt av henne, og eg håpar eg er flink nok til å vise henne kor glad eg er i henne og kor mykje ho betyr for meg! Mi eiga vakre, vesle jente!
Dagen starta altfor tidleg her i huset i dag, og medan eg tok igjen litt av den søvnen eg gjekk glipp av i løpet av natta, var Lillebror og pappaen i full sving på kjøkkenet. Og Storesøster hadde vore på badet og stelt seg og kledd på seg første-skuledag-kleda sine før ho kom og vekte meg. (Åh, tenk om ho kunne vere så rask på badet kvar dag!) Så vart det frukost og koseleg morgon før vi gjekk til skulen. Alle fire var med, og Storesøster gjekk fremst med den knalloransje sekken sin. Alle vi møtte langs vegen smilte til oss, og forstod nok at dette var høgtideleg og kjekt! :) Skulejenta var eksemplarisk, og vi foreldra var såpass til overs at vi gjekk heim og tok lunsj medan ho var på skulen. På Mikalsen Bakeri får vi kjøpt ferske, gode horn, og vi er så glade for at dei har opna filial rett rundt hjørnet! Og etterpå henta vi jenta vår igjen, og tok henne med til byen for å feire på akkurat den cafèen ho ville på. Mmmm...godt! Sjølvsagt vart det også pannekaker til middag, og før vi visste ordet av det låg far i huset så lang som han var på kjøkkengolvet og sov... Stakkars. Sliten, han! No har freden senka seg i huset, og eg nyt det. Strikke, lese, male eller blogge i kveld, skal tru?

































Det er ikkje berre Storesøster som har fått nye klede i det siste... Eg prøvde å ta bilder av meg sjølv i speilet i dag, men endte opp med dette som ho tok av meg. For eg vil jo gjerne vise fram det nye skjørtet mitt! Det var så enkelt og kjekt å sy, at eg slett ikkje ser bort i frå at eg lagar nokre til. :) Alltid kjekt å ha! Dette er sydd av mørk, ganske kraftig dongeri frå restekorga på Stoff og stil, og er pynta med ei lomme og sjølvlaga kanteband. Eg har ikkje brukt mønster, men la berre eit fint og passeleg skjørt rett på stoffet og teikna rundt. Så klipte eg og sydde. Linningen vart berre sånn cirka, og må nok finjusterast litt til neste gong. Denne gongen valgte eg berre å sy på litt stoff for å gjere det pent, og så sette eg i litt strikk akkurat bakerst, slik at det skulle henge på rompa, på ein måte.. 
Jaja, latskapen lenge leve! ;)
Puh - for eit langt innlegg! :)
Lovar at morgondagens berre blir eit bittelite eit..!
Eg veit allerede kva eg vil vise fram, nemleg.

Håpar din dag også har vore super!

søndag 21. august 2011

Blått og grønt og sånt...

Det er så utruleg deilig at det er helg! :) Eg prøvar å slappe av og ha masse overskot til ungane, men har litt for mange ballar i lufta, trur eg... I alle fall har eg ei lang, lang liste med ting eg vil ha gjort! Og jammen har eg ikkje fått gjort både det eine og det andre denne helga også, parallellt med barneleik og koselege besøk!

Då eg opna ytterdøra heime etter jobb på fredag, vart eg møtt av ei vidunderleg lukt av ferske bollar. O Lukke! :) Då hadde mannen baka skulebollar med heimelaga vaniljekrem og handknust kardemomme, og oppskrifta hadde han funne i denne inspirerande bakeboka av M. Schakenda. Det var så utruleg godt! Og så var det så skjønt å komme inn døra når det lukta så godt inne. Heile atmosfæren i huset blir annleis når det står fersk gjærbakst på bordet! :) Ja, så no håpar eg sjølvsagt at dette er den nye fredagstrenden...

Bordet er forresten ei historie i seg sjølv. :) Dette bordet fekk vi nemleg i sommar, då vi fann det på låven heime hos svigers. Det har stått i Farmorhuset, før det flytta inn til sauane... Det er knallfint, og har to ileggsplater som vi håpar vi får brukt mykje! ;)  Men det krevde ein del jobb, for sånne halvvegs vraka bord som ligg på låven, har det sjeldan så veldig godt der... Så vi begynte med ein liten pussejobb, før det vart måla med heftgrunn og tre lag sperregrunn. Då kom ikkje lenger beisen gjennom malinga, så då var det på tide med ytterlaga. Vi brukte vanleg, kvit interiørmaling, og sjølve bordplata fekk to strøk. Då såg den veldig fin ut, altså! :) Men no er den ikkje så fin lenger... Kaffe lagar flekkar i malinga med det samme den kjem på bordet, og det er også andre ting som alt har laga merker. Isj! Har du gode råd? Skulle vi brukt golvmaling eller noko? Eller skulle det vore lakka på toppen?
Tripptrappstolane er også nymåla. :) Ein grøn og ein blå. Herleg! No går det i grøn-blå-turkise nyansar i heimen her, og eg er fornøgd! - men ikkje heilt ferdig enno.. Tusen takk til Karen Klarbæk for masse inspirasjon!! Eg har ein slags mistanke om at det er ho som står bak fargane på ulike, nydelige produkt frå Søstrene Grene... ;) 
Ho står bak enormt mange gode idèar på bloggen sin også!

Fleire glimt frå hus, heim og kreaprosjekt kjem etterkvart! No skal den nye plassen min i kjøkkenkroken innviast ganske snart, trur eg..! Og forresten - såååå glad for koselege kommentarar! Takk!

Fargekodane til stolane vart etterlyst, så dei kjem her:
Vi fann ein mugge frå Ikea og ei skål frå Søstrene Grene i nyansar vi likte,
og i malebutikken brukte dei eit apparat som kunne gi riktig oppskrift på fargen. Genialt!!
Det vart ingen enkel fargekode av det, men på etiketten på boksen står resepten:
Den grønne: B-base, BV009 GI010 SV009,5 (009 1/2)
Den blå: Hvit-base, BS008 FS003,5 (003 1/2) SV009,5 (009 1/2)
(Vart dette forståeleg? Får ikkje til å skrive 1/2 med små teikn, 
men det er eigentleg det som står, og ikkje -,5!)

Ønskar deg ei fin og god veke!

onsdag 17. august 2011

Trøyste og bere...

Kvardagen har verkeleg innhenta oss!
Tenk, plutseleg har eg begynt på jobb igjen, etter eit laangt fråvèr. Og når nokon spør korleis det er, svarar eg som best eg kan. For eg ER ambivalent! Ja, det er godt å vere fagleg bevisst og bruke den delen av hovudet igjen, men det er også skrekkeleg slitsamt! Eg lengtar konstant etter Lillebror, og skulle så gjerne vore lenger heime med han! Han har blitt over ni månader no, men er framleis berre ein liten kosegut! Okey, han er ein ganske aktiv kosegut...men kos, i alle fall! Og det er den heldige pappaen sin tur å vere heime ei stund framover no. :) 
Veldig fint for dei, og ganske tøft for meg..

Heldigvis har eg ein fridag kvar veke, og det er luksusdagen min! Den skal eg bruke så godt som eg kan!
Mykje tid saman med dei to herlege barna mine, litt tid på å få det fint rundt meg og litt tid på å vere kreativ og skapande! Denne planen bør vel vere gjennomførbar, vel? :)

På bildet har eg Lillebror tett inntil meg i den supre Manducaen vi kjøpte hos Krusedull før ferien. Den har vi brukt mykje, og den er enkel å bruke, lettvint å ta med seg og så kan eg halde han såå nær meg! Deilig! :)
Ein skjønn bukett med dahlia pyntar stovebordet og dei nymalte tripptrappane står ved det fine, nymalte kjøkkenbordet, og eg NYT fridagen min! Kanskje blir det litt fotografering i dag? Kanskje nokre runder med malekosten på veggane i gangen? Kanskje lese litt faglitteratur? Eller kanskje berre vere... :)

Ønskar deg ein god onsdag!

torsdag 11. august 2011

Fantastisk blogglotteri!

Du kan enno rekke å bli med på dette lotteriet! 
Min pc-frie ferie gjorde at eg nesten gjekk glipp av sjansen,
men no kryssar eg fingrane og åpar på det beste!

Du kjem til lotteriet her!
Favorittbloggen bareWunderbar kan du nyte her!

Ha ein deilig kveld!

onsdag 10. august 2011

Dear Photograph

Dear Photograph, If I could turn the corner in 1942 and walk right into my mother, I’d ask her “May I walk beside you one more time?”
Love, Your Daughter
Bilde og tekst er lånt frå Dear Photograph
Berre eit lite tips - eg fall i alle fall verkeleg for denne idèen: Ta bilder av fortida i notida!
denne sida kan du finne massevis av morsomme, tankevekkande og fine bilder. Og eg likte spesielt godt dette som du ser øverst her hos meg. Men for min del skulle det ha vore mormora mi. Tenk om eg kunne møte henne på gata då ho var ung. Eg skulle så gjerne holdt ho i handa og fått ho til å fortelle om livet sitt! Eg vil så gjerne vite meir om kven ho var og korleis livet hennar var. Ho hadde ikkje eit enkelt liv, men fekk umåteleg stort ansvar då ho var berre 14 år. No er det mamma mi som vidareformidlar mormor si historie, slik det blir mitt ansvar å vidareformidle deira historier til mine barn og barnebarn ein gong i framtida. 
Håpar eg har mange historier å fortelje!

Tusen takk for gode tilbakemeldingar i går!
Blir så umåteleg glad for responsen!! :)

Ta vare på dagen!

tirsdag 9. august 2011

Godt å vere her!

For ein deilig, deilig sommar!
Ikkje sol og varme i store mengder, men litt inni mellom, 
og dessutan så betyr ikkje det all verda i den store samanhengen!
Eg har fryda meg over dei fantastiske barna mine, hatt god tid saman med den fine mannen min,
storkosa meg med gode vennar og familie, ete god mat, sett på flotte, inspirerande, små og store ting,
reist med mange ulike framkomstmiddel, sove i mange ulike senger, 
kjent på mange ulike følelsar...

Det er kjekt å vere tilbake! 
La oss ta vare på kvarandre 
og spre kjærleik, kjære vennar!
Lillebror er opptatt av dei små tinga. 
Eg er opptatt av små ting, store tankar, fine ting, djupe tankar, enkle ting, korte tankar..
For eg kan velge litt. Vil eg vere djup eller overflatisk i dag, skal tru? 
Ja, takk - begge deler! ;)
Tusen oppussingsprosjekt på gang i heimen, og altfor lite tid til handarbeid, rett og slett.
Neste veke skal eg tilbake til arbeidslivet, Storesøster blir skulejente, 
og pappa og Lillebror skal nyte hausten saman heime. 
Akkurat no ventar frukosten, familien og tekoppen. 
Regnet fossar ned, og eg vurderer å begynne med interiørblogging...hihi!

Ha ein fortreffeleg dag!


blogger template by lovebird