tirsdag 5. juli 2011

Bryllaupsgåveidè

I dag er ein slappfiskdag i denne heimen. Sommarforkjølelsen er verkeleg over oss og under oss og rundt oss og inni oss... Og medan Lillebror tar ein forhåpentlegvis laaang (dvs minst 45 minutt!) formiddagsdupp, ser Storesøster film om Den Lille Moldvarpen på tv. Herleg, nostalgisk lyd å ha i bakgrunnen! 
 Eg har tidligare skrive om Moldvarpen HER!
Ser du kva eg har bilder av denne gongen? Hihi...det er ein by eg ganske nettopp har vore i.. 
Dette er altså eit kunstverk, som eg har fått tak i hos Studio KMO på Etsy.

Då vi skulle i bryllaup i Paris hadde eg så lyst å gi brudeparet ei gåve som betydde mykje, utan at den nødvendigvis skulle vere veldig kostbar. Mannen var fotograf i bryllaupet, og eg syns vel eigentleg at det i seg sjølv er ei fin gåve.. Men vi ville jo gi noko anna også, og då dei fekk bildet i handa her ein kveld, viste det seg at det var ein suksess! Eg kjenner knapt nok paret, og visste rett og slett ikkje kva slags stil dei har. Mannen kunne av ein eller annan grunn heller ikkje utdjupe dette så godt for meg... Hæ? Så då vi kom over dette bildet meinte vi at det måtte jo bli bra. Det vil jo skifte uttrykk etter kva slags ramme du vil ha på det, og det vil vere eit minne om ein flott dag. Og eg tok meg til og med den friheita å feste på eit bittelite raudt hjarte der sjølve festen vart halden.. Romantisk og fint og ei super bryllaupsgåve!

Om du har sterke minner knytta til ein spesiell by, hadde det vel kjekt å ha eit slikt kunstverk på veggen frå den byen? Ta ein titt innom butikken og sjå kva du finn! Kanskje er din eller dykkar by der også? :)

No skal det bli kaffe og sjokoladebit på meg og mormor, og sikkert på Storesøster også.. ;)
Ha ein fin dag!

mandag 4. juli 2011

Mormorlukke og papirdukke

Storesøster og mormor er bestevennar.
Slike bestevennar som alltid er lukkelege når dei møtast.
Som kosar og tullar og ler og syng og smilar og er så veldig, veldig glade i kvarandre.
Og heldigvis er mormor flink til å komme den lange vegen på besøk i ny og ne.
Slik at dei kan vere saman og ha det godt i lag. Slik som no. :)
Du ser vel at dette er ei lukkeleg jente?
Her sitt dei i den gamle turkise sofaen ute på verandaen.
Storesøster har funne fram ein kjole frå H&M som ho eeeelskar å danse i,
men som nesten ikkje er lov å bruke fordi eg er så redd for den...
Den var nemleg lillesøstra mi sin på 80-talet ein gong! 
Fine søstra! Fine barnet! Fine kjolen!
Denne gongen hadde mormor som alltid med ei lita gåve då ho kom på besøk. Og den var suksess!
Du ser den på øverste bildet... Ei heilt skjønn papirdukke med mange ulike antrekk vart klipt ut og leika med. 
Det beste var at den heiter det samme som mormor, og den hadde klede frå 50-talet då ho vaks opp...
Ei herleg stund for to bestevennar! Takk, mormor!

Håpar du nyt fine dagar med dei du er glad i!

fredag 1. juli 2011

Perler på ei snor

Nye perler på handleddet i dag. Gule og fine. Faktisk enda finare på bildet enn på handa, for det er akkurat litt for mykje grønt i gulfargen. Nesten knallfin, men ikkje heilt.. ;) Men likevel, eg likar dei nye perlene mine, kjøpt for sånn omtrent elleve kroner og sekstiåtte øre hos Søstrene Grene. Og dei passar perfekt saman med den enda nyare og enda finare og ein del dyrare tunikaen i ein dus lysblå-grå-mint farge. :) Eg er klar for sommaren! Snakka forresten ein del om gult med ei venninne ein dag... Det finnast sterke meiningar om den fargen! ;) Kanskje gult er den neste fargen vi skal leite etter i husa våre, bloggarar? 
Eg vart forresten ein smule overraska då eg pussa tennene mine i dag tidleg.. Vi hadde nemlig somla litt på morgonkvisten, og mannen med flexitid låg enno i senga medan eg var på badet med ungane. Ooops - eg skulle jo til tannlegen! Då var det berre å pusse ferdig og komme seg ut døra. Og heldigvis - tannlegen var fornøgd, og då er jo eg det også! :) No har eg akkurat hatt ein velfortent formiddagskaffe i sofakroken, og skal tilbake til arbeidsbordet på kjøkkenet. Store prosjekt på gang! :)

Ønskar deg ein deilig fredag!



blogger template by lovebird