onsdag 30. juni 2010

Fridagar...


Ah, så utruleg deilig det er å ta nokre dagar fri med familien! 
Ikkje at eg akkurat jobbar så veldig mykje no for tida, men det er det andre som gjer... Eg går mest heime og steller med meg sjølv, medan folk flest jobbar og slit og ventar på ferien. Det er luksus! Men for å vere heilt ærleg så skulle eg heilt klart heller ha vore rask og sprek og på jobb!

Bildet viser korleis den knallgule, fine valmuen såg ut etter nokre dagar heime aleine...

Uansett, så tok vi nokre dagar borte, eg, mannen, Lille A og morfar. Vi sette oss i bilen, håpa feberen og forkjølelsen til Lille A var på retur, og køyrde til Østersund. Det trur eg nemleg er ein fin by! Og eg gledde meg til å harryhandle både det eine og det andre, men det vart heller lite handling. Fredag kveld pluss laurdag formiddag såg eg kanskje 30 personar totalt i gatene i sentrum av byen. Det var som om heile byen sov. Ingen opne butikkar, ingen opne restaurantar, ingen opne kioskar...jammen godt at vi hadde fint hotell!
Heldigvis kunne Lille A gå i dyreparken og på tivoli med pappa og morfar, 
medan eg fann eit herleg konditori, som heldigvis tok seg godt av meg og mine behov...
Vi kosa oss alle saman, heilt til øyreverken vart for intens, og hotellsenga og godisen var det beste. :)
Foto: Bertil

Hugseliste til neste gong:
  1. Sjekk at byen er open før du drar (ikkje dra når det er midtsommar!)
  2. Sjekk at du ikkje treng krykker lenger (utruleg slitsomt å gå rundt med krykker...og vondt) og at alle er friske!
  3. Sjekk at du har rikeleg med cash til alle dei små loppisane langs landevegen (og hugs kva som er verdt ein stopp, og kor du berre kan køyre rett forbi, om du tør...)
 No ventar vi på sommaren, som vi fekk ein smakebit av i går!
Ha ein fin dag!

torsdag 24. juni 2010

Nyfiksa nattbord

Eg er så fornøgd med dette!
Fann dette nydelege nattbordet i ein bruktbutikk her om dagen, og kjøpte det med det samme, sjølv om eg syns prisen var litt stiv for eit nattbord med stygg bordplate. Men så har eg jo ikkje kjempepeiling, da... Kva syns du om 175,- for dette? Eg er uansett kjempefornøgd, og pengane gjekk til ei god sak, så då er det liksom greit. Det er ikkje like kjekt å betale overpris til privatpersonar som har dytta seg fram i ei loppiskø, berre for å gjere kupp dei kan selge vidare. ;)
Bordplata trengte altså litt god behandling for å bli fin, og sjølv om det vart langt frå perfekt vart det meir enn fint nok for soverommet mitt! (Bildet er ikkje tatt der, for der var det så mørkt..)
Kanskje skulle eg prøvd meg på ei skoeske eller noko slikt først, men eg var så ivrig at eg kasta meg over nattbordet med ein gong eg stod opp i går. :)

Brukte lim/lakk berekna på decoupage, og var kanskje litt raus. Det trekte i alle fall litt lim gjennom papiret, og det skrukka seg litt, men det er greit. Så lærte eg litt..hehe! Typisk meg, altså! 
Utolmodig, entusiastisk og evig optimist....

Endeleg kom sommaren til Trondheim også, og det er sååå godt! 
Og så ELSKAR eg lyset på denne tida av året! 

Ha ein LYS og GOD dag!

tirsdag 22. juni 2010

Fine smilerynker!

Ei anbefaling på morgonkvisten.. :)
Danske Lisbet har ein fantastisk skjønn blogg, Smilerynker.dk, med massevis av herlege bilder og
inspirasjon, og om du enno ikkje har vore der burde du stikke innom ein tur!
Akkurat no har ho eit blogglotteri med utruleg rause premiar, og eg vil vinne alt! :)
Ha ein god dag!

mandag 21. juni 2010

Strøkent!


Åh, det er så fantastisk deilig, reint og ryddig her!
Det er nesten flaut å innrømme det, men det kjennast nesten litt framandt.. Huset vårt er aldri så strøkent, og no har det i alle fall ikkje vore det på leeenge! Det var på tide, det var godt og det skal ein innsats til for å halde det sånn ei stund, kjenner eg oss rett... Kjenner du deg att, eller er det slik at alle bloggarar har det slik heime som dei viser på bloggane sine?

Viser ein liten kollasj frå stova vår. Fann nyyyydelege valmuer i hagen, på ein stad der ingen kunne sjå dei, og to av dei har no komt inn i varmen. Fiiine, skjøre og forfriskande! Det lille barnebordet frå Ikea er dekka til fest, og skal freiste til fin rolleleik. Og det nederste bildet viser siste store endring i stova... Vi har rett og slett flytta gjestesenga ut av gjesterommet, opp i stova og omdøypt den til Kosesenga. Vi fylte den med nokre puter, tepper og skinn, og etter litt idèmyldring bestemte eg og Lille A navnet. Herleg! Der kan/må den svært bekkenlause mammaen i huset legge seg ned nokre gongar i løpet av ein dag...og gjerne med Lille A og ei bok eller tre! :)
 
Håpar du får ei fiiin veke!

lørdag 19. juni 2010

Sommarskjørt

Endeleg nye skjørt i butikken min!
Desse skjørta er sydde av stort sett nye stoff, har mjuk, deilig linning,
og er i følge Lille A veeeldig gode å ha på. (Ho har eit grønt, og brukar det gjerne!) 
Lommene gir skjørta det lille ekstra, og er fine til å gøyme skattar og andre småting i .
Oppdatering: Det rosa skjørtet er solgt!

Storleik: 4-6 år
Pris: 250 kr
Eg har ikkje akkurat hatt stor suksess med skjørtesalget, men denne jenta gir seg ikkje så lett! ;)
Kan det vere at prisen er for høg, skal tru? Det er i alle fall ikkje lett det der med å prise varer ein sjølv har laga, men eg fann mange gode tankar og tips om dette her
Ho har også eit oppfølgande innlegg som du kan sjå her.

Ha ein heilt konge laurdag!

fredag 18. juni 2010

Papershop!

 
Sender vidare eit tips om ein nettbutikk, 
som har såå skjønne ting! 
Klikk på bilda, så finn du den!
Eg vil anbefale deg ein tur innom  
for du kjem nok også til å finne noko du likar!
Håpar du har ein flott dag, 
enten det er sol eller regn der du er!

torsdag 17. juni 2010

Moskus på nært hald!

Bildet skal mannen min ha æra for..
I går køyrde vi over Dovrefjell, og veit du, rett nedanfor Kongsvoll såg vi plutseleg ein diger moskus! Vi svingte fort av vegen, og mannen og Lille A sprang i veg med kamera, medan eg heldt meg nervøs i nærleiken av bilen... (Joda, eg hadde nok gått nærmare om bekkenet hadde latt meg gjere det..)
Moskusen lot seg ikkje merke med gjestane, som stod 10-15 meter unna og kikka nysgjerrig på den. Tenk å komme sååå nærme ein moskus! Det er ei once-in-a-lifetime-experience!
No lurer du på om vi verkeleg er så dumme at vi går nærme ein moskus? Eg har høyrt at ein ikkje bør gå nærare enn 200 (!!!) meter, og her sender eg mann og barn ut med ein avstand på mindre enn ein tidel av anbefalt grense... Men det som gjorde det heile så ideellt, var den strie elva som var mellom oss. Driva, med all si viltre makt, freista ingen til ein dukkert, så vi var trygge, fornøgde og heilt i hundre! Herleg!

No er vi vel heime frå miniferien vår, og det er jo godt å komme heim også!
Men Sunnmøre er ein vakker stad! Og turen var nydeleg, med så mange, flotte markblomster langs vegen alle stader! Elskar denne tida på året!! 

Ha ein fin dag!

mandag 14. juni 2010

Grandtante Hildur

I helga har eg vore på ein utruleg fin fest!
Mi kjære grandtante Hildur vart 90 år!

Denne dagen har vi venta på i lange tider, og den var godt planlagt. Den gamle, skrøpelege dama vart henta av min snille mann, køyrt i nesten to timar heim til broren min med familie, og der var vi samla. Store og små, nært knytta til gode Hildur. Tenk, no var det eitt og eit halvt år sidan sist ho var ute av bygda si... Det vart ein strålande dag! Ikkje ute, men inne stråla sola. Jubilanten hadde nok ein fantastisk dag! 

Ein slik dag gjer meg takksam!
Takk for at vi har kvarandre!
Takk for at vi har helse!
Takk for gode samtalar!
Takk for gode klemmar!
Takk for musikken!
Takk!

To skjønne sangerinner ved bursdagskaka. 
Det vart ikkje berre bursdagssang denne dagen, for grandtante Hildur vart utdanna innan klassisk sang i gamle dagar! Ho har ei nyyydeleg stemme, sjølv om den no er prega av alderen. Heldigvis fekk vi høyre henne litt, og det var ikkje mange tørre auge i rommet då.. Også Gine, som er utdanna jazzsangerinne, var med, og saman med ein stor musikalsk familie vart stova fylt av vakker musikk... Herleg!

Håpar du også har hatt ei fin helg!

fredag 11. juni 2010

Bokklubb? Ja, takk!

Ei rask oppdatering av bloggen i dag... Må berre fortelje om ein utruleg deilig start på dagen! Eg stakk nemleg innom postkontoret etter å ha fulgt Lille A i barnehagen, og der gjorde eg ikkje mindre enn TO kjekke ting! I går kom det nemleg ei ny bestilling på Epla, og det gjer meg alltid like glad og stolt og fornøgd! Så i dag fekk eg sendt eit putetrekk i posten, samtidig som eg fekk henta ein stoor pakke til meg sjølv!

Vel heime sette eg meg tilrette i den gode, gamle stolen vi har arva av mannens farmor, sjølvsagt ute på trappa, og med deilig iskaffe attåt.. :) Inni pakken fann eg dette! Tre tjukke, gode bøker og ei nyyydeleg Mariskål! Ja, eg veit enno ikkje om bøkene er gode, men det trur eg nok at dei er.. Eg skal finne det ut i løpet av sommaren! Eg likar bokklubbar!
Dette er i alle fall mitt nye samleobjekt! Herved utpekt som favorittskål! 
-og eg får lyst på dessert med det samme!!

Ønskar deg ein strålande dag og ei deilig helg!

torsdag 10. juni 2010

Sjå verkeleg nøye

Det er så vakkert ute når sola skin og himmelen er blå! 
Graset er utruleg grønt, løvetennene strålande gule, raude, blå og lilla blomar i ulike nyansar... Eg måtte ta med meg kamera i hagen og kikke litt i dag. Min første tur med berre tær i graset, litt vind og herlege 13 grader i skuggen... Det minner i alle fall om sommar!
Fann hageinspirasjon både her og der på min daglege bloggrunde i dag, og har sett at det er jammen mange som har gode råd å komme med! Sjølv veit eg så altfor lite om det som veks i hagen min, og er berre utruleg takknemleg for alt ho sette i jorda, ho som budde her før, og som var såå glad i hagen sin!

Planane for hagearbeid er mange. Nokre enkle og nokre langtidsprosjekt. Eg er ganske utolmodig, så eg vil jo helst at ting skal bli som eg vil med det samme! Tenk å måtte vente til neste år! Eller enda verre, tenk å måtte vente i årevis før hagen blir som ein vil! Men eg har jo begynt å forstå at det er slik det er med hage... Heldigvis har eg evna til å glede meg over ALT det som blomar i hagen! Og når ein kikkar nøye; dei er jammen bra fantastiske, detaljerte og perfekte desse blomane?!

Ha ein fin dag!

onsdag 9. juni 2010

Eg vil sette spor...

Endeleg kom Canadapakken min i posten! :) 
Eg vart så glad, og saman med Lille A måtte eg prøve ut dei nye stempla mine. 
Råflott? Javel, men eg skal jo bruke dei til noko! :)
No kan eg sette spor etter meg både her og der. Kanskje sette navnet mitt i ei bok? Eller skrive eit godt, gammaldags brev, som eg kan stemple? Ja, og så må eg jo sjølvsagt prøve å lage fine merkelappar på det eg får solgt på Epla! :) Trur dette blir min måte å tagge på..hihi!
Stempla er kjøpt hos The Mayberry Sparrow.

Tuuusen takk for mange fine helsingar på innlegget i går! :)
Utan at dette skal bli ein gravidblogg, så er det nok sjansar for at de får ta del i litt av kvardagen vår, og får følge med på korleis det går med Lillebror... Det er utruleg kjekt å vite at det er liv i magen, og at det skal bli eit barn til i familien! Sjølve svangerskapet er derimot ikkje berre fryd og gammen, men sutring hjelp ikkje mot noko! Eg gjer det eg kan for å nyte forsommaren og ta vare på dei gyldne augeblinka! Deilig!
Vakre blomar og små detaljar kan gi kvardagslukke!
Ta vare på det som gjer deg godt!

tirsdag 8. juni 2010

Ein kjole for dei heilt spesielle anledningane

Er ikkje dette eit fint bilde? Eg syns denne kjolen er såå skjønn! Særleg med blomster i håret og baby i magen...
No skal det altså ikkje vere hemmeleg lenger.... Eg har ein liten baby i magen!!
Lille A er utruleg lukkeleg over å skulle få ein lillebror, og eg og pappaen gler oss også veldig!
Og sjølv om magen veks og tida går, så er det framleis lenge igjen... Kanskje blir det oktober?


Bilda har eg lånt frå Grosgrain, som viste dei i dette innlegget for ei god stund sidan.

Takk for alle kommentarane, forresten! Utruleg kjekt med tilbakemeldingar, og eg tar gjerne ein visitt til dei bloggarane som legg att ei helsing. :) Sånn, då har eg laga innlegg nummer 200. :)
Nyt kvelden!

mandag 7. juni 2010

Sydag med gode venninner

Dette kan verkeleg anbefalast! 
I går lånte eg og tre venninner ein barnehage, der vi hadde god plass til å boltre oss med symaskiner, sybøker, stoff, god mat og godt selskap heile dagen! Eg fekk laga to skjørt og ei bukse (som ikkje akkurat vart superflott..), og var godt fornøgd med dagen.
Takk, kjære P, M og I! :)

På kvelden, då eg kom heim, leita eg fram det eg hadde laga for å vise det fram til entusiastiske Lille A. Eg fortalte at skjørta hadde eg tenkt å selge, og i det eg trekker fram det rosa skjørtet kjem det spontant:
Åh, mamma! Det kan du selge til meg!! Og det blå ville ho også gjerne kjøpe...hihi! Det er deilig med slik anerkjennelse! Buksa prøvde ho på i dag før barnehagen, men passforma var ikkje heilt god, så den må fiksast litt før bruk. Uff, for eit rabalder det vart ei lita stund! Ho ville så gjerne ha den på! (Men fargane er heilt på styr, og ho har ingenting som passar til! Hrmpf, trur eg må vente litt før den blir fiksa på...)

Ei ny veke har starta, og det er eigentleg ganske godt. Sola skin og det har vore ein deilig mandag!
Håpar du også har det fint!

lørdag 5. juni 2010

Iskald kaffefavoritt

Ingenting er som ein iskald, deilig kaffe på trappa i sola!
Mi oppskrift baserer seg på nykverna, ferskbrygga espresso, mjølk, isbitar og evt. sukker og sånn. Dette køyrer eg i blender til isen er knust og kaffien blir lys og luftig. Sugerør og passande glas høyrer med til opplevinga. ;)
Har du ein kaffefavoritt om sommaren?

Ha ein strålande solskinnsdag!

onsdag 2. juni 2010

Så skjønne dei er!

I dag har eg kosa meg på Etsy igjen... Vart så innmari inspirert av besøket vi fekk då vi åt middag. Eg såg plutseleg eit ekorn i bjørka utanfor, og før vi visste ordet av det sprang det ned stammen, inn under bilen, opp innkjørselen vår og heilt opp på trappa! Såååå fiiiiint! Eit nydeleg, lite ekorn, som vi trur har flytta inn i grantreet på baksida av huset. Håpar i alle fall at det har det, for slikt besøk er utruleg stas!
No i ettermiddag gjekk eg inn på Etsy si framside, og søkte etter ekorn. Det var utruleg mange treff, og eg har berre begynt å kikke, men vil vise fram varierte eksemplar av arten. Alle bilda er linka til "sin" butikk!

Dette var altså nokre få av dei mange, mange ekorntinga eg fann.. Noko spesielt du er ute etter i dag? Prøv å søke, så finn du heilt sikkert inspirasjon og noko du likar. For eit utruleg mangfald!

Håpar du har ein fortreffeleg onsdag!


blogger template by lovebird