mandag 31. mai 2010

Såpebobling...

Åh, så gøy det er med såpebobler! For store og små!
Vi velger Jättebubbelmix frå Sverige, men det fins mange oppskrifter for å lage den heilt spesielle blandinga, til dei heilt spesielt store, flotte boblene! Du kan mellom anna finne oppskrift hos Badut.
Ønskar deg ei deilig veke!
La glede boble i magen!

lørdag 29. mai 2010

Deilig regnvèr...

I dag regnar det. Akkurat no bøttar det verkeleg ned, og eg sitt ved kjøkkenbordet og høyrer lyden av regnet. Eigentleg er det ein ganske fin lyd, om ein berre lyttar. Ja, no er det altså ikkje slik at eg syns regnvèr er like deilig alltig, men det er noko med fargane ute i dag. Dei er så intense! Det grøne er så fantastisk grønt, og i så mange ulike, friske sjatteringar! Då er det deilig å sitte ved vinduet med ein deilig kopp kaffe, og berre kikke ut.

Bildet over er frå den "nye" stovekroken vår. Eg måtte ommøblere litt ein dag, og denne gamle, velbrukte sofaen kom til sin rett i den deilige, lyse kroken. Og på formiddagen i dag låg vi heile familien framfor dette vindauget og kikka på den nye naboen vår... Hihi, kanskje kjem det meir om han seinare? Ein ganske morsom og søt fyr (eller muligens ei lita dame), med stor buskete hale og eit nysgjerrig fjes, som hoppa og dansa rundt i grantreet og bygde seg reir! Åh, så vi gler oss til det kjem litt fleire barn i strøket her!
Og så må eg jo få skryte litt av denne! Stor, frodig, velluktande og god står den no midt på kjøkkenbordet. Den trivast så godt i huset vårt at den til og med har begynt å blomstre! Endeleg ser det ut til at fingrane mine blir grønnare...haha. ;) Det er i alle fall ein minibasilikum, kjøpt på matbutikken, men oppvokst på eit gartneri ikkje så langt unna. Kanskje får den komme ut i kjøkkenhagen etterkvart? Enn så lenge så trivast eg med å ha den i umiddelbar nærleik. :)

Ser de forresten at eg held på å forandre litt på bloggen min? Eg endrar utsjånad litt, etter inspirasjon og gode råd herfrå. Dette er forøvrig også ein fin blogg, og vel verdt eit besøk. Headeren min skal også endrast, for den ser litt snodig ut for øyeblikket, men det kan fort ta litt tid...eg er jo litt somlete!

Ønskar deg ein god laurdag!

torsdag 27. mai 2010

Ikkje snill, men klok!

Eg er så heldig at eg har blitt forelest for i dag. Det nyt eg verkeleg! Ja, viss det er gode forelesarar, sjølvsagt! ;) I dag var det ein verkeleg dyktig mann som snakka, og han fekk oss til å le og nikke og klappe og ikkje minst reflektere. Tema var etikk, og det var så interessant!
Mannen heiter Einar Øverenget, om nokon er interessert i det..

I alle fall så snakka han mellom anna om autonomi. At vi som menneske har både retten, evnen og plikta til å bestemme over oss sjølve. Det betyr vel i praksis at vi haldast ansvarlege for eigne handlingar, og ikkje på nokon måte kan skulde på andre for dei valga vi tar. 

Han snakka også såvidt om begrepet moral, at det er våre oppfatningar om rett og galt, og at det ikkje betyr at det samme er rett eller galt for ulike personar.

Lurer du på grunnen til at eg trekker fram dette her og no?
Her i blogglandia deler vi noko verdifullt!
Vi deler av våre tankar og idèar, og vi er i større eller mindre grad personlege i bloggane våre. Men er vi verkeleg bevisste på kva vi viser fram og deler med eit uvisst antal ukjente menneske? Sjølvsagt har eg trua på lesarane mine; at de er gode og snille menneske, og at vi berre vil kvarandre godt. Og dette synet vil eg behalde! Det er berre det at av og til viser det seg at det inni mellom alle desse kjekke folka her i blogglandia, så dukkar det opp personar utan den indre stemma som fortel dei om kva som er rett og gale..! Har dei evnen til å sette seg inn i tanken på korleis deira handlingar ville kjennast viss nokon gjorde det mot dei?

Eg viser ikkje til nokon spesiell person, men det er dessverre slik at ein av favorittbloggane mine no har vore utsett for tjuveri! Og når det skjer at nokon forsyner seg av bilete lagt ut på nett, så gjer dei ingenting ulovleg etter regelverket, men det bryt mot dei fleste sine oppfatningar om kva som er greit å gjere! Og for den som opplever at bilder av barn og familie plutseleg er på avvegar, kjennast naturleg nok både sinne, sorg og fortvilelse. Ein misser rett og slett kontrollen over bilda sine, og det er ikkje ei god kjensle!
Uansett kva som skjer der på web'en, så må vi halde fram med å dele! Vi må ikkje la desse opplevingane stoppe oss eller ta frå oss det vi har her. Eg syns blogginga er verdifull, både for oss som er deltakande, men også for mange som eg veit les bloggane utan å ha eigen blogg. 
Men ein ting skal vi passe oss for, og det er at vi ikkje blir for snille, men at vi er kloke i dei valga vi tar!

Dei vakre illustrasjonsbilda har eg lånt av kesia/weheartit.

mandag 24. mai 2010

Ver så god, sitt.

Denne stolen er laga av Camilla Hounsell Halvorsen: Drops, 2009

Ver så god, sitt.

Levande norsk møbeldesign.

Kunstindustrimuseet 28.05.2010—29.08.2010
"Norsk møbeldesign er i rivande utvikling og har fått auka merksemd nasjonalt og internasjonalt. Klassikarar frå etterkrigstida er igjen komne i produksjon, og unge designarar utviklar spennande produkt for framtida"

Av og til skulle eg ønske eg budde i Oslo, for då kunne eg mellom anna gått på 
Kunstindustrimuseet
og fått prøvesitte 100 ulike, herlege stolar! :) 
Kanskje nokon andre vil gå, og så fortelle meg om det etterpå?
Men kanskje burde eg heller bli litt meir merksam på kva som skjer i min eigen by? 

 Kos deg!

lørdag 22. mai 2010

The Mayberry Sparrow

Må berre komme med eit aldri så lite tips på laurdagskvelden. Eg har nemlig vore på Etsy igjen, og denne gongen kjøpte eg noko som eg har kikka på såå mange gongar!

får du kjøpt handlaga stempel med skjønne motiv! No viser eg ikkje fram akkurat dei eg kjøpte, men eg hadde enormt store vanskar med å velge, og det er nesten så eg angrar no når eg kikkar på nytt... Eg er uansett sikker på at eg blir fornøgd, og håpar frakten frå Canada går raskt og smidig. :)
Denne Dalahesten syns eg er ganske fin, og dessutan minner den om ein raud souvenirdalahest vi hadde heime då eg var lita, i tillegg til at den minner meg om mi fantastiske søster, (sjekk lenka til musikken hennar på sida!) som bur i Sverige. Joda, hjerna lagar koblingar i massevis. ;)
Ugla likar eg også, for den er tøff og enkel! Kanskje er det noko med fargane også som gjer stempla ekstra attraktive? Kanskje eg må gå til innkjøp av nye, freshe stempelputer med det samme..? 

Håpar du har hatt ein fin dag! Eg kosar meg med kjekt besøk i helga, men skulle gjerne hatt sola her! Trur jammen at ein blir litt ekstra trøytt og sløv av grått vèr! Kjenner du det også slik?
Og forresten, tusen takk for alle kjekke kommentarar! Blir sååå glad av responsen! :)
Alle bilder er lånt av The Mayberry Sparrow  
Ha ein fin laurdagskveld!

torsdag 20. mai 2010

Fantastisk matpakke!

Litt lei av matpakken din? Eller er barna småspiste og treng litt morsom mat? Dette her er i alle fall dei mest fantastiske og vanvittige lunsjboksane eg har sett nokon gong! Det ser utruleg godt ut!! Kanskje ein idè dersom du har altfor mykje tid til matpakkesmøring om morgonen?
Eg fann bilda via Lia og  Bloesem Kids, og dei er lånt frå Bentolicious.
Enjoy!

onsdag 19. mai 2010

Sommarskjørt

I morgon skal Lille A i bursdag til ei barnehagevenninne, og saman fann vi ut at ho skulle få eit skjørt i gåve. Lille A ville gjerne at det skulle vere rosa, så eg fann fram ulike rosa stoff og lot ho velge. Deretter fann eg fram resten, og fekk godkjenning på at det kom til å bli kjempefint.
Med den store, vesle jenta mi på fanget prøvde eg å sy saman dette skjørtet, og det vart slett ikkje verst! Og så er det jo utruleg gøy å sy skjørt! Og medan eg heldt på med klipping og styr, så laga eg til fleire skjørtesett, som berre var til å sy saman. Difor har eg den sista tida laga ikkje mindre enn tre skjørt, og eg veldig fornøgd med det! 
Desse to skjørta er no til sals i Eplabutikken min
Herlege sommarskjørt som passar jenter som er cirka 4-5 år.

Ha ein deilig vårdag!

tirsdag 18. mai 2010

Dagen etter...

Sjå så vakker denne er! Ein heilt vidunderleg, nydeleg, skjønn kvitveis, som verkeleg strålar! Eg finn lukke i slike vakre under! Og eg fann lukke i går, då eg rusla bort i vegen i finstasen for å plukke ein fin bukett til selskapet vi skulle ha. Mannen og Lille A var på bytur, men eg vart heime og gjorde siste finishen i huset, såg på 17.mai-tv og kosa meg.
Den tok seg godt ut på bordet. Og ein liknande bukett på pianoet var akkurat like vakker. Og bjørkekvistane med flagg stukke ned i mellom var også fint. Det blir høgtid her hos meg straks eg har fått orden, pynta og tatt inn levande blomster! 
Ei anna som var prega av høgtid var denne vesle jenta. Med selskapsskoa på seg, solhatt i 17.maifargar, herleg regnkåpe og flagg var ho både stolt og glad på bytur. Saman med venninner hadde ho først ei fin stund inne i Nidarosdomen, før ho klatra rundt og kosa seg på utsida. Is, kaker, ballong og musikk høyrer også med, og alt var som det skulle! (Bortsett frå at mammaen ikkje kunne bli med til byen, men det gjorde visst ikkje så mykje... )
Då ho kom klatrande ut av bilen heime, med ein havhest like stor som ho sjølv, gjekk smilet frå øyre til øyre. Sååå fornøgd!! Ho hadde nesten ikkje tid til å bli med inn, men fann ut at ho kunne vere på verandaen i staden. Der leika ho med ballongen sin, og rett før gjestane skulle komme knytte ho den fast i gelenderet og gjekk inn. (Inne hadde vi faktisk ei ulukke, men det er ei heilt anna historie! Men eit lite tips: Hugs å sjekke om du verkeleg festa den Billy cd-hylla i veggen....)
I alle fall, medan vi spiste eit herleg måltid, med vaksne for seg sjølv, og ungane jublande rundt eit eige barnebord, såg eg plutseleg at ballongen var borte! Oioioi, det kunne bli ei aldri så lita krise, tenkte eg, og gjorde det eg kunne for at ho ikkje skulle hugse på den. Då ho skulle legge seg hadde ho imidlertid snakka med pappaen sin om den flotte havhesten, og han måtte fortelle at den var blitt borte, for den var ikkje knytt skikkeleg fast. Trur du det vart katastrofe, eller? Neida, det vedunderlege barnet mitt sukka litt og sa: Men pappa, neste gong må nok du knyte den fast! 
Dagen vart avslutta med potetløp i hagen, og alle var fornøgde og trøytte og glade. Eg er forresten både fornøgd og trøytt og glad enno eg, og det håpar eg du også er! :)

søndag 16. mai 2010

Dagen før dagen

I morgon er den store dagen! 
I morgon er det fest og baluba over heile landet, 
i eit stort, unisont jubelrop og hurra for vakre, frie Norge!

17.mai er nok først og fremst ein festdag for dei minste. Tenk deg for ei utruleg oppleving! For det første har vi jo ordna, rydda, pynta og styra både inne og ute i dagevis, vi skal ha på finkleda, vifte med flagga (oi, det minner meg om dei må finnast fram og strykast!) og tute i tuten, om vi har.. I byen er det fullt av folk, og alle ser så mykje gladare ut enn vanleg! Det er ikkje dei samme fjesa som ein ser på ein travel laurdag. Nei, denne dagen er folk smilande, venlege og det er til og med slik at ein ropar og ler høgt! Hipp-hipp-hurra!!

Vi brukar å møte vener i byen, gå i Nidarosdomen, kikke på Borgertoget, spise is, springe med ballongane på Vestfrontplassen og koooose oss, før vi har hageselskap på ettermiddagen. Dette året skal selskapet vere her hos oss, og eg håpar verkeleg at det blir like fint vèr som i dag! Vi kosa oss med sein frukost på trappa i 18 grader i dag, og plutseleg vart bjørka grøn i løpet av dagen. Jammen flaks at den rakk det før den store dagen! Det blir "korgfest", og eg gler meg sjølvsagt til all den gode maten, kakene, vennane og dei lukkelege barna. Eg har planar om forskjellige leikar ute, som for eksempel det obligatoriske 17.mai-potetløpet. ;)
Denne kveldshimmelen lovar vel godt for i morgon? Vakker var den i alle fall! (Sjølv om det ikkje alltid er så lett å feste på film...)

Ønskar deg og dine ein fantastisk 17.mai!

torsdag 13. mai 2010

Vinnarane er....

 Oioioi, for ein respons det har vore på blogglotteriet mitt!
Kjempekjekt at såå mange vart med, og tuusen takk for det! Eg har vore innom alle bloggane, men har enno ikkje funne tid til å legge att kommentar hos alle, så det får bli seinare... Håpar de tilgir det! 

Eg set i alle fall utruleg stor pris på all energien, all skapergleda og all inspirasjonen vi bloggarar er så heldige å dele. For meg blir dette viktigare og viktigare. Det er ikkje kjedeleg kvardag som er interessant, men kvardagslukke, humor, kreativitet, refleksjon og engasjement. Eg har fått mange tilbakemeldingar om kva som gjer bloggen min attraktiv, og vil sjå meir på dette etterkvart som eg vil vidareutvikle bloggen. For det vil eg. Kva skal den bli? Kva for ein veg skal eg gå? Kva er interessant for lesarane mine? Hm...ja, no vart eg litt betenkt. Medan eg grublar vidare skal eg sette meg ved sybordet, la kreativiteten få utløp og kjenne kriblinga i heile meg når produktet blir som eg håpar! Moro!

Loddtrekninga stod Lille A for, og det var spennande!
Så snart vinnarane har sendt meg adressa si, skal eg få sendt pakkane i posten!

Den heldige vinnaren av eit putetrekk (med mindre du heller vil ha ein liten pakke) er
Nina med bloggen SuperLille

Dei to små pakkane går til
Frida med bloggen FridoLi
Ida Victoria med bloggen Ida og Muskatt

Ta vare på kvarandre!

onsdag 12. mai 2010

Siste sjanse...

Deilig, lett sommarskjørt til Lille A. 
Dette likte ho, og dette likte eg...kanskje det blir eit til meg også?

I morgon skal eg trekke blogglotteriet mitt. Syns blogglotteri er eit bra ord! Har lenge leita etter ei god erstatning for give away, for eg likar å skrive norsk. :) 
I alle fall: om du vil vere med, så heng på!

Ha ein god kveld!

tirsdag 11. mai 2010

Kjempeinspirasjon!

Gjett om eg jubla då Lille A kom inn med posten her om dagen!
Eg vart sååå glad!
Har du høyrt om boka Myk start? Eller bloggen?

Fotografen og handarbeidsdama May står bak nokre herlege bøker, og den nyaste, som heiter Sikksakk, ville ho gi bort til meg. Eg hadde alt bladd i den hos ei venninne, og hadde konkludert med at dette var ei vakker og inspirerande bok! Stor var difor gleda då eg fekk den, og kunne bla meir i den. Eg kan bla og bla og bla, for bilda er så skjønne, oppskriftene så lettfattelege, fine og morsomme, og eg finn mengder av inspirasjon!

Sjølv om eg ikkje er så veldig opptatt av (eller flink til) å følge oppskrifter, så var det god hjelp å hente her, og eg har alt sydd ei bukse til Lille A med mønster herifrå som basis.
I går kveld hadde vi strikking her hos meg. Då samlast vi nokre venninner for å skravle, ete og (ja, faktisk!) strikke! Men er det fleire som kjenner at strikkelysta forsvinn litt etterkvart som våren kjem fram? Eg har i alle fall pakka bort det siste, håplause strikkeprosjektet mitt, og lagde hårspenner i staden. Og medan ei hekla, teikna ei anna mønster til barnekjole...og ALLE likte vi Sikksakk like godt!

Ser desserten god ut, syns du? Mmmm....eg fann jordbær på butikken, og bestemte meg for at eg ville lage noko med jordbær og krem, men det måtte vere både søtt og friskt, og jordbæra var jo ganske belgiske og kjedelege...hihi! Resultatet er ei blanding av piska krem, melonyoghurt, non stop, jordbær og knuste pikekyss, og med banan og anna godt på toppen! Suksess!

Hugs at no nærmar det seg trekning av give away!

søndag 9. mai 2010

Charlie og Lola

Hos Kids Haus fann eg ein DIY på sånne lekre hårspenner som Lola har...åh, eg syns ho er så herleg! Lola, altså! :) Og med desse herlege, leikne hårspennene blir det jo enno betre! 
Eg har ikkje prøvd å lage dei sjølv enno, men har hatt andre prosjekt dei siste dagane... Har vore utan kamera, og då freistar ikkje blogginga så veldig.

Om du vil sjå ein av filmane om  
Charlie og Lola 
finn du ein her, eller du kan kikke på heimesida her.

Nok hårspenner for ei stund...? 
Håpar du har ein fin søndagskveld!

tirsdag 4. mai 2010

Hårpynt igjen..

No har eg endeleg oppdatert Eplabutikken min igjen!
Denne gongen har eg lagt ut nokre av hårspennene eg laga rundt påsketider. Dei er sommarlege og fine, og eg trur nok at eg er klar for å lage fleire. Dette var koseprosjekt! 
Håpar du har det fint!

søndag 2. mai 2010

Give away!

No skal det feirast! Eg har bikka 20 000 besøkande på bloggen min, og det er kjempekjekt at så mange kikkar innom! Enda kjekkare er det at mange legg att koselege helsingar når dei er her!

I takksemd til alle mine lesarar vil eg no arrangere ein give away, og reglane er som vanleg:
1. lodd - ein kommentar der du skriv noko om kva du likar ved bloggen min. (Hugs e-postadresse om du ikkje har eigen blogg)
2. lodd - lenke/innlegg med bilde på din blogg. (Bruk bildet over.)
3.lodd - å bli/vere følger av Ein gul knapp

Førstepremien er eit putetrekk i str. 45x45cm.  Det er laga av mest nye, men også nokre gamle lappar, og har lys lilla bakside med gul glidelås. Sjølvsagt kan vinnaren vere raskt ute og seie at ho syr mykje sjølv, så ho vil heller ha andrepremien... Ja, for andre og tredjepremien består av ein liten forundringspakke med stoffbitar, band og knappar. Ikkje noko store greier, men nok til å sy småtteri. :)

Trekning torsdag 13.mai.

Lukke til!

lørdag 1. mai 2010

Sommarleg saum

Store Lille A er glad og fornøgd. Ja, ho er eigentleg det mesteparten av tida, men særleg når det vankar overraskingar. Då trippar og hoppar ho, og spør med si finaste stemme om det er godteri som er overraskinga? Men ho blir slett ikkje skuffa over andre ting heller. Slik som denne tunikaen. Mmmm, eg vart såå fornøgd! Fann inspirasjon hos Den Gode Feen, fekk oppskrift av ei venninne som abonnerar på Alt om håndarbeide, og sette igang. Det lilla stoffet er frå Stoff og stil, mens det blå lommestoffet er gammalt. I nakken er det splitt og knapp, og knappen vart veldig søt, trekt i det blå stoffet. No må det berre slutte å snø, slik at vi kan gå ut med sommarklede på! :)
Håpar de har ei herleg helg!


blogger template by lovebird