onsdag 28. april 2010

Clothkids

Eg har nettopp komt over ein fiiin nettbutikk! Så då må eg berre gi tipset vidare til alle dykk andre sy- og/eller stoffgale der ute. ;) Syns forøvrig forretningsidèen var glimrande, og dei har visst halde på sidan 1968! I 2008 hadde dei imidlertid ei relansering, og framstår no som freshe og fine!
Dette japanske stoffet frå Echino Kokka er herleg fargerikt og leikent! I alle fall, idèen deira går ut på å tilby ferdige pakkar med alt ein treng for å klippe og sy fine kjolar og friske puter, eller du kan betale ekstra for å få det levert ferdigsydd. Mmmmm....
Ein sånn kjole fekk eg lyst til å lage!
Eller kva med eit skjørt til meg sjølv?
Du kan også få kjøpt stoffa metervis og forskjellig tilbehør, slik som desse enormt store sikk-sakk-banda. Eller kva med kanteband i Libertystoff? Eller knappar til knappebruk eller øyredobbar? Eller-eller-eller...! Eg blir inspirert, eg!
Du skal nok ikkje sjå bort i frå at det kjem inn ei bestilling frå meg...
Butikken heiter
-og eg håpar du kosar deg om du stikk innom!

tirsdag 27. april 2010

Delikate kunsthandverk

Min kjære, gode, snille og flinke svoger er keramikar. 
Eg er stolt av det han får til! 
Her viser eg bilder eg har lånt frå Sintra Konsthantverk, og dei viser Erik si vindusutstilling denne månaden. Kanskje er du i Gøteborg i blant? Då bør du i alle fall ta turen innom galleriet, som ligg i Haga.
Nydelege tekanner og koppar som er heilt skjønne er noko av det han lagar. Men det mykje anna også! Kanskje såg du innlegget mitt frå Gøteborg i februar? Du finn det i alle fall her... Om du vil vite eller sjå meir av keramikken hans, så kan eg vidareformidle kontakt! :)
Ønskar Erik Krouthèn og Sintra lukke til vidare!

Her på mine kantar er det litt produksjon av barnekle og slikt om dagen, 
og bilder kjem snart. :)

mandag 26. april 2010

Ein eventyrleg stad...

Ein nydeleg sti tek oss med vidare innover... Hos meg set den i gang refleksjonar og tankar, og hos deg..? Denne stien har eit fantastisk overbygg av pil, og etterkvart som sola og varmen får betre tak skal den bli tett av blad. Den blir herleg grøn og full av springande, leikande og leande barn! Kan du sjå det for deg? For ein draum av ei fantasiverd for eit barn!
Greinene strekker seg mot himmelen, og det er mange slike flotte tunnelar på denne her! -og sklier og klatrestativ, bålplass og gapahuk. Her er det godt å vere!
Forrige helg var det regntøy som var tingen...denne helga var det joggesko. Det går framover!
Takk til fotografmannen, forresten ;)

Ønskar deg og dine ei eventyrleg veke!

onsdag 21. april 2010

Nytt og fresht

Herlege, vårlege, fargeglade, lyse, lette, fulle av minner... 
Endeleg har eg sydd nye putetrekk til sofaputene! Og eg er så utruleg fornøgd! :) Joda, mannen var litt skeptisk då han såg kva eg holdt på med, men han likte resultatet. Og så matchar putene sjølvsagt vimpelrekka som heng på veggen i stova. I utgangspunktet skulle den vimpelrekka vere til fest og moro, men den er så fin at eg ikkje kan ta den ned... Kanskje har du sett bildet før, men eg må vise det igjen. Eg har brukt nokre av dei samme stoffa, og nokre nye. Det er gammalt og nytt, brukt og ubrukt om kvarandre, og eg hugsar korleis og kvifor eg har dei ulike stoffbitane, og det er jo halve sjarmen (minst)!
Det er forresten moro å sjå at teljaren nærmar seg 20 000 besøkande, og eg har begynt å tenke på ein passande give away for å feire.... 
Følg med, følg med...!

Ha ein herleg dag, venner!

mandag 19. april 2010

Jippijei!

Vil berre anbefale denne bloggen! Herleg at kreative, flinke folk kan livnære seg på eigne idèar og produkt! Dette har vi vel respekt for?! Om du er rask har du også sjansen til å vinne noko av
Ingrid Riddervold
Klikk på bildet for å komme til konkurransen!

søndag 18. april 2010

Dagens muffin

På ein søndag er det godt å unne seg noko ekstra...
Vi har vore ute i hagen og pusla i dag, og mannen og Lille A jobbar framleis der ute, medan eg gjekk inn då det kom ei ny snøbyge...tenkte faktisk å få litt sol i fjeset!
I staden blir eg sittande inne, og lurer litt på kva eg skal ta meg til. Har jo mykje å velge mellom! Hihi, no ser eg akkurat at nabodama faktisk har tatt ut strykebrettet og står ute med strykejarnet. SÅ stort er behovet for å vere ute, og så lite er det å gjere i hagen enno...! Men det blir vel vår tur.

I mellomtida kan vi jo for eksempel lage muffins. Det er jo alltid deilig til formiddagskaffen! (Ja, frukosten vart sjølvsagt sein, så då må kaffen også bli det.) Eg veit om ei muffinsside på nettet, som eg gjerne deler med dykk. Der finn du alle slags muffins, og kan søke etter kva du vil dei skal innehalde. Nammm...!

Ta ein tur innom  
og la deg inspirerere!

Eg har lånt alle bilda frå den sida, og viser fram


Ha ein god søndag!

torsdag 15. april 2010

Litt av ei frue!

Ein dag før påske var eg den heldige vinnaren i ein fin give away! 
Det var herlege Rakel med bloggen Fruens syslerier som var den gavmilde, og ho har ein av favorittbloggane mine! På bloggen hennar kan du lese om små og store ting, kreative saker, interiør, bøker og litt av kvart. Ho har ein utsøkt sans for fargar og det estetiske, samtidig som ho skriv på ein veldig god måte. Etter mi meining er det ein uslåeleg kombinasjon... :) Takk til deg for masse inspirasjon! -og eg gler meg til å finne på noko kjekt med dei fine små tinga i pakken!
Akkurat no foregår det ein ny give away hos Fruens syslerier,
og du kan vinne lekre gåver frå Girlie Hurly.
No i ettermiddag har eg kosa meg med ei bok, og det er så kjekt! Trur eg må komme med nokre bokanbefalingar snart... :) Men veit du, medan eg satt under teppet mitt og drøymde meg bort snødde det ute, og no ligg det eit tynt, kvitt snølag på plenen utanfor vinduet! Det hadde eg ikkje planlagt, altså! Men det var vel kanskje like greit at det var kvitt det vart, og ikkje grått av vulkansk oske... Eg lar meg fascinere av slike naturfenomen, men det er jo synd for dei som rammast av det.

Håpar du er der du aller helst vil vere i kveld!

tirsdag 13. april 2010

Endeleg tilbake...

Dette bildet får symbolisere vår, skjønnheit og optimisme...
Eg har lånt det av joojoo på Etsy.

Tilbake etter langt fråver....igjen. ;) Har hatt behov for å gjere andre ting ei stund, og har kosa meg med bloggefri, mens våren er på frammarsj. Ikkje at eg manglar noko å blogge om, men eg har mangla motivasjon til å blogge. Det er litt rart det der, for når eg verkeleg er inne i det, så er det sååå kjekt! Det gir meg masse når eg får tilbakemeldingar på innlegg eg lagar, og eg hentar masse inspirasjon frå andre sine innlegg. No håpar eg energien og overskotet er tilbake, slik at eg får laga nokre innlegg kvar veke. Det er målet. Og eg må jo seie at eg alt har nokre tankar om tema...

Gler meg til å kikke meg litt rundt her inne igjen!
Og tusen takk for koslege kommentarar og varmande meldingar!

Ha ein fin kveld!


blogger template by lovebird