onsdag 24. mars 2010

Hårpynt

Etter å ha mottatt ein heilt herleg bunke filt frå Etsy, måtte eg prøve meg med saks og lim, nål og tråd. Og dette var gøy! Eg likar sånne prosjekt som eg kan få gjort unna medan eg eigentleg held på med noko anna, og som kan ligge utover heile kjøkkenbordet, men får plass i ei skoeske på 1-2-3. :) Har ein plan om å legge ut slike på Epla, men satsar på litt påskekos først, slik at lageret blir litt større. Og dessutan har eg ei jente som gjeeeerne vil ha spenner, og som har kosa seg masse med å rangere dei allerede...hihi!

Ha ein fortreffeleg kveld!

tirsdag 23. mars 2010

Joda, det blir nok vår!

Så godt det er når himmelen er så knallblå, sola varmar og det drypp frå taket! Då får eg trua på at det skal bli vår på våre breiddegrader også! Må seie at det er ein smule irriterande at snødekket ligg tungt i hagen enno, medan eg ser bilder frå småblomstrande hagar rundt om i bloggverda.
Men eg er optimist, og som du kan sjå på bildet over smeltar snøen fort i strålande sol!
 På bildet under ser du imidlertid at det er ein del snø som skal renne bort, før eg kan fikse hekken, lage grønsakshage og kose meg med hagepuslerier... Ser du forresten det eg trur er harespor i snøen? Ganske sjarmerande! :)
Ja, eg har faktisk sydd litt også, men no er det ei stund sidan..det går i rykk og napp!
Lille A er sååå fornøgd med pingvinlua si! Den er fora med kvit, mjuk fleece, og er dessverre litt i minste laget. Har love å lage ei ny, men den får bli litt meir vårleg.
Ser du at jenta kooooosar seg på ski?! Ho elskar å vere ute, og strålar meir enn sola når ho får leike og le i snø eller regn eller vind eller stille.... Ho bryr seg ikkje om vèret, men har godt utstyr og supert humør, så då spelar det heller inga rolle.

Må forresten få seie tusen takk for alle koselege kommentarar eg får! Eg set enormt stor pris på dei, og går innom kvar og ein som legg att kommentar. Skal prøve å bli flinkare til å legge att spor etter meg sjølv også... :)

Ha ein fin kveld!

fredag 19. mars 2010

Nostalgisk sy- og strikkebok!

Fredagskveld. Deilige, deilige fredagskvelden!
Eg skal kose meg i sofaen med gullrekka, pizza og fyr på peisen.

Er det nokon som kjenner att denne boka? Eg såg deg i eit innlegg hos Den gode feen, og kjente den igjen med det samme... Denne måtte vi vel ha hatt heime då eg var lita? Mi mamme var formingslærar og iherdig strikkar, syar og vevar, og vi hadde mykje heimelaga klede. Kanskje var ikkje det alltid det kjekkaste, men no i ettertid er eg sååå glad for det! Eg trur absolutt det har vore med å forme meg! I alle fall måtte eg ringe mamma, og sendte ho linken til bileta. Joda, denne kjente ho, og det tok ikkje lang tid før ho greidde å finne den fram til meg. Så no har eg den til låns på ubestemt (evig?) tid!
No er ikkje mamma like ivrig forminsdame lenger, sjølv om ho i det siste har begynt å strikke igjen. Vi lo litt då ho laga leggingsar til Lille A, for som ho sa det sjølv: "Eg plukka opp tråden der eg slapp på 80-talet..." Bokstaveleg talt, nesten...hihi! ;) Og forresten, leggingsane er utruleg populære hos 4-åringen!
 Litt dårlege bilder, med de ser kanskje likevel? Alle bileta er henta frå boka 
Barneklær og kosedyr (1982).
Eg fall pladask for denne varme grå jakka i perlestrikk, og det antrekket var jo som tatt ut av ei reklame for ny, dansk barnekledesign! 

Snart er det påske, og medan andre gler seg til skitur og svett matpakke, gler eg meg til kos i solveggen, strikking og gode bøker... Akkurat no er det riktignok vanskeleg å sjå for seg at den store vårkjensla skal komme, for det kom enorme mengder snø forrige helg, og no er det regn og skodde i massevis.

Ønskar deg ei fortreffeleg helg!

tirsdag 16. mars 2010

Gode med kvarandre

Vi skal vere gode med kvarandre! Vi skal ta vare på kvarandre, bry oss om kvarandre og løfte kvarandre fram. Dette øvar vi på i jobben min kvar dag! Er ikkje eg heldig, vel? :)

Eg har hatt bloggpause i ei vekes tid no, og det er så kjekt å høyre at eg er sakna. Vennar som sender melding og lurer på korleis det går, rett og slett fordi det er så lenge sidan dei har høyrt noko frå denne kanten... Hihi! Eg blir i alle fall veldig glad for slikt, sjølv om det slett ikkje var meininga å bekymre nokon. Av og til er det berre slik at eg treng ei lita pause, og då lukkar eg maskina nokre dagar. I juleferien gjorde eg det samme, og syns det er strålande kjekt å komme tilbake etter eit slikt lite avbrekk! 

Tidligare budde vi i blokk, og i den blokka budde det ei dame som vi hadde litt kontakt med, og som var så kosleg. I ettertid har vi ikkje hatt mykje kontakt, men begge julene har vi vore på døra med blome til henne. Det er så kjekt å vise at vi bryr oss! Og vi har fått tydelege tilbakemeldingar på at ho set stooor pris på det! Det er også fint! Du kjenner nok orda (som vi brukte å skrive i minnebøkene til kvarandre då vi var små):

Den største gleda du kan ha, 
det er å gjere andre glad!

På bildet ser vi Lille A med Ole Brumm i fanget. Ho har erklært at han no er ei jente, for han fekk på seg den skjønnaste ullkjolen som ho gamlenaboen hadde strikka. Herleg jente, og herleg med heimestrikka bamsekjole som seier meir enn ho greidde å skrive i kortet vi fekk. :)

Ver gode med kvarandre!
Klemmm...

mandag 8. mars 2010

Lyst, blått jenterom

Eg lovte å komme med fleire bilder frå jenterommet, og kjem eit lite knippe. Rommet var grønmalt då vi tok over, men med ein hjelpsom morfar på besøk vart det blått (på eine veggen) og kvitt. Kanskje ikkje kjempevanleg å lage blått rom til ei jente på 3-4 år, men eg skal seie deg at vi får det jentete, altså! Og eg veit ikkje kva blåfargen heiter, men den er ganske varm, og går mot noko lavendelaktig, men er ikkje lilla...

Morfar snekra like godt seng også, for rommet er så lite at det er viktig å få utnytta plassen. Senga er laga etter Ikeamål, slik at sengebotn og madrass og slikt er lett å få tak i. Den er lagt på ein Malm-kommode i eine enden, og festa rett i veggen i andre. Slik fekk vi eit lite krypinn under halve senga, og der har planen heile tida vore å få ei lita gardin...så får vi sjå kor tid eg kjem på å lage den..hihi!

Ho brukar ein krakk når ho skal klatre opp i senga, og for å få ein mjuk kant har vi brukt eit saueskinn. Ja, det blir litt Ikea, altså... Men klistrealven er frå Panduro.
Over senga heng nydelege, nostalgiske Astrid Lindgren-kort og ei vimpelrekke eg omtalte i forrige innlegg.
"Æ har prinsessetelt!"
Her er kroken under senga... Er det nokon som kjenner igjen denne skilpadda? Det er sikkert fleire (men ikkje mange!) som har hatt ei slik ein gong! :) Eg er framleis stolt over mi, som eg vann i ein teiknekonkurranse i Bokklubbens Barn då eg var lita...Den har fått bli med hit, og den er rett og slett stooor!
Langs eine veggen har vi hengt opp ei hylle, og tanken var at her kunne Lille A sitte og teikne, klippe og lime, leike og kose seg, men slik har det ikkje blitt... Hylla passar fint den, men ho brukar ikkje rommet sitt på den måten! Her er ho berre når det er voksne saman med ho i kjellaren, eller ein sjeldan gong når ho har besøk... Eg må nok revurdere denne hylla, sjølv om tanken er god. Og så heng det sjølvsagt ein wire over, som blir brukt til å henge opp ulike kunstverk, små klede, postkort og andre ting Lille A vil ha framme til stas.
Når dagen er over og Lille A har klatra opp i senga si, er det som oftast god stemning. Vi ber kveldsbøn og syng nattasang. Om det er pappaen som er med spelar han gitar, så den har fast plass ved senga.
Eg trur eg har ei musikalsk dotter...hihi! :) Lille A og pappaen brukar nemleg å synge tostemt, og no greier ho oftast å halde på førstestemma, sjølv om pappa syng "rart", som ho seier... Her ein kveld var ho så herleg, for vi sang nattasang saman alle tre, og ho legg seg plutseleg lysare enn oss andre, og syng med høgtid heile songen. Då vi er ferdige spør ho: Pappa, kva for ein tone sang eg no? Du sang oktaven, seier pappa. Åja... Strålande fornøgd med å ha laga si eiga andrestemme!

No har eg funne fram nyyydelege skomakarte og deilig kveldsmat.
Kosar meg!

Håpar du får ei fortreffeleg veke!

søndag 7. mars 2010

Heldige meg!

Eg har vore så heldig i det siste! Tenk, eg vann på to give-aways i løpet av kort tid! :) Og det passa så utruleg bra, i og med at eg hadde bursdag og var sjuk og sånn... Herleg oppmuntrande!

Den første premien var denne søte skåla, som skjønne Mirjam Theresa med bloggen Kram og krimskrams har laga. Den blå fargen er herleg i stova mi!
 

Denne skjønne vimpelrekka har eg også vunne, og den har Gunnhild med bloggen Meis laga.
Den passa fint på Lille A sitt rom, og de skal få sjå fleire bilder derfrå i løpet av nokre dagar! Vi pussa det opp i sommar, og sjølv om eg aaaldri blir ferdig med detaljane som eg tenker på, så er eg ganske fornøgd!

Eg og Lille A har vore heime aleine i helga, for pappaen er så glad i snøkledde fjell og frosne fossar, at han fekk ta seg ein tur utan oss... Men vi har kosa oss! Det har vore utetid og innetid, bytur og skogstur, kakeselskap og tacomiddag...med heimelaga salsa! Forrige helg laga svigerinna mi nyyyydeleg salsa, og eg måtte sjå om eg fekk det til i dag. Eg må anbefale denne! Noko anna enn den du får kjøpt! Ja, eg er jo ikkje nokon oppskriftsperson, så her er det berre å prøve seg fram, til ein finn den blandinga som er perfekt...
Salsa:
Tomatar
Fersk ananas
Raudlauk
Jalapeños
Masse frisk koriander
Limejuice
Litt tomatpurè
Salt
Peppar

Ha ein fortsatt fin søndag!

onsdag 3. mars 2010

g u r o @ epla!

 
Endeleg er dagen komen! Eg har opna min eigen, vesle butikk
g u r o  på Epla!
Foreløpig er det berre sanseputer å få kjøpt, men eg har fleire planar, altså. Det kjentes berre ut som det var på tide å få opna, etter å ha tenkt tanken så lenge!
Det er strålande sol ute, og det vatnet drypp så fint frå istappane utanfor stovevinduet. Eg kosar meg med den blå, blå himmelen, og ser ikkje ein gong i den retninga snøbygene kjem frå. Det kjennast ut som våren er på veg, og eg skal tole nokre dagar til med måking, vottar og snøkave...(men eg har ikkje tenkt at det skal bli så lenge!) Forkjølelsen har begynt å sleppe taket, feberen er borte, energien kjem sakte men sikkert tilbake. Herleg! I morgon er det full jobb igjen, og kanskje eg omsider skal få feira bursdagen min! Tenk, eg har hatt bursdag utan å ha spist bursdagskake!! Det er nesten så det ikkje skulle vore mulig...!

No håpar eg på mange gode tilbakemeldingar og kjappe salg,
og er glad for å få ta del i Epla!

Klemmm...

mandag 1. mars 2010

Sofatid med herlege Etsy

Dette har vore ein skikkeleg sofadag! Det positive med slike ytterst ufrivillige sofadagar er all tida ein har til å surfe... Mmmm, eg har funne mykje fint! Desse bileta er frå Etsy, ein stad der du kan finne fine, søte, rare, nyttige og unyttige ting. Dette er berre eit lite utval...eg har ikkje shoppa så veldig mykje, men den flotte bunken med filt berre måtte bli min! Gler meg til den kjem!

  1. Circa Ceramics - herleg krukke med hjulvisptrykk! Akkurat ein sånn som Mormor ville ha...
  2. Prettylilthings - hårstrikk med vårlege, flotte filtblomar.
  3. Bossanovababy - lure sakseetui med stilig fototrykk.
  4. Titchables - heldige meg! 50 bitar filt i like mange ulike fargar!
  5. Elephannie - wallstickers.
  6. Zuzu's Petal - så søte minidukker! Små larver som kan leggast inni bladet sitt.
  7. Sugarloop - så enkelt, så fint print.
  8. HModine - dette anhenget syns eg var morsomt! Papirdukke med dinglande frakk!
Kos deg med surfinga, enten du leitar etter ei gåve til nokon du er glad i, ein premie til deg sjølv eller berre inspirasjon. Det er mykje å finne! :)

Ha ei fin og vårleg veke! 
Hugs at dette er den første vårmånaden! Hurra!


blogger template by lovebird