mandag 30. november 2009

Adventskos og interiørutfordring..

Nyyydeleg adventsinteriør
Det er ganske stille her hos meg om dagen... Og eg vil skulde på kameraet! :( Det har skjedd så mykje kjekt og "bloggverdig", men utan godt kamera er det liksom ikkje noko stas, så då blir det berre sånn.. Heldigvis har eg funne desse vakre og inspirerande bilda frå House Doctor. Deira ting har eg oppdaga gjennom dei utallige besøka hos ulike interiørbloggarar, og det er kjekt med slik ny inspirasjon som er med på å utvikle min eigen stil!

No MÅ eg berre dele ei utfatteleg enkel og deilig dessertoppskrift i desse travle adventstider. På laurdag hadde eg nemleg nokre venninner på besøk, og vi hadde julebord! Kjempekjekt! Eg rydda og vaska og pynta og kosa meg masse på førehand, og på sjølve kvelden var det såå fint og det lukta godt i huset! På menyen stod det indisk mat, der alt var laga frå grunnen av. Laurdagen gjekk eg mellom ulike innvandrarbutikkar og delikatesseforretningar i byen for å få fatt i alle ingrediensane, og resultatet vart absolutt vellukka. Vi toppa det heile med denne desserten:

Lun toffeesaus:
200 g sukker smeltast
2 dl kremfløyte rørast inn

Heimelaga flurry..
Vaniljeis får stå så den mjuknar litt, før du puttar den i ei kjøkkenmaskin og "eltar" den så den blir nesten som softis. Tilsett ulike slags godis, som for eksempel Nonstop, Dajm, peanøtter, pikekyss....smak og behag! Elt dette godt, slik at alt blir blanda, og server med sausen. Mmmmmm.....

Stemningslys frå www.housedoctor.dk

3x3 interiørutfordringer frå LahrA

3 interiøravsløringar om deg:
  • Eg er storfornøgd med stova mi, som har ein slags "mix don't match"-stil... Vi har blanda nytt og gammalt, Ikea og loppis, arvegods og design, fargar og kvitt.
  • Eitt år etter at vi flytta inn i dette huset er det framleis to soverom som ikkje er som dei skal vere... Men det SKAL bli fint ein dag, altså!
  • Eg har enno ikkje pakka ut av alle flyttekassene heller, og det er ingenting eg saknar, så dei inneheld vel nokre ubrukelege ting.. På tide å gi noko tilbake til Fretex eller loppis?
Tenk om soverommet kunne bli litt meir slik som dette
frå www.housedoctor.dk


3 interiørkjøp du angrar på du ikkje gjorde:
  • For eit år sidan kom eg over Eames si knaggrekke Hang It All på eBay, og hadde sjansen til å gjere eit kupp!
  • Tenk at eg ikkje fekk kjøpt fleire delar til bestikket mitt før det forsvann frå butikken..åh! Eg skal ikkje gjere samme feilen med serviset i alle fall. Håpar eg har god tid! Hihi..
  • Eg trur eg raskt legg frå meg det som eg angrar på, slik at eg ikkje treng å gå og tenke på det... Kjem ikkje på noko spesielt no, sjølv om det HEILT SIKKERT har vore ting eg gjerne skulle hatt. Det er vel slik at det eg ikkje har kjøpt har vore på grunn av plass eller pengar, og det er ikkje slikt eg vil gruble på, og som eg ikkje kan angre... :)
3 interiørjaktobjekt:
  • Lampar til stova! Det er jammen mørkt på denne tida av året, men frykteleg vanskeleg å finne den rette!
  • Små skåler, bollar og fine koppar - det blir eg ikkje lei av!
  • Spisebord og stolar til kjøkkenet - stort og rommeleg, utan å ta for mykje plass...
No skal eg kose meg med adventstida, planlegge julegåver, handle litt, sy litt, pakke inn, pynte og nyyyte dagane (innimellom jobb og stress..hihi)! Drøymer om slike lekre pakkar som desse frå www.housedoctor.dk

Oi, eg må jo hugse å gi utfordringa vidare også, og håpar den blir godt tatt imot! Den går til:
Between Two Trees
En fugl i hånden
Fruens Syslerier

onsdag 25. november 2009

Nydelege band i store mengder!

Eg har akkurat prøvd å handle litt i denne butikken som heiter Volksfaden. Dei har mange ulike stoff å velge mellom, men det var banda eg forelska meg litt i... Så utruleg bra utvalg! Dette bildet er frå nettbutikken, og eg vil vil vil ha!!

Kameraet mitt er forresten levert til service, så eg håpar det blir friskt att snart. :) Det hadde vore kjekt å ta nokre bilder av juleførebuingane eg er i full sving med...

søndag 22. november 2009

Kræsja kamera og ein fin konkurranse

Photo by www.boxdelux.dk

Søte Rakel i Danmark har den nydelege bloggen Fruens syslerier, der ho akkurat no har ein give-away. Du kan vinne kjempefine ting av Rie Elise Larsen, frå nettbutikken Box de lux. (Eg er ellers ikkje tilhenger av reklame, men dette kan eg stå inne for, trur eg!)

Photo by www.fruenssyslerier.blogspot.com

Bloggen hennar strøymer over av inspirasjon både når det kjem til handarbeid og interiør, og mykje anna rart også! Ho har komt som ei kule i bloggverda, og det fortener ho verkeleg...

Photo by www.boxdelux.dk

Eg har vore bortreist i helga, og har ikkje gjort noko for å bli den nye stjerna i denne verda..hihi! Derimot har mannen vore ute i alvorleg regnvèr med det flotte kameraet vårt, og sjølv om det låg godt nedpakka i kameraveska døydde det altså i løpet av turen. Det er trist. Og eg håpar verkeleg forsikringa dekker det! Men no vil det altså ikkje bli fullt så fine bilder på bloggen framover, i alle fall ikkje dersom eg har tatt dei sjølv. Men det fins maaange flotte bilder som andre har tatt, så noko skal eg finne! ;)

Photo by www.boxdelux.dk

onsdag 18. november 2009

St.Martin

I Lille A sin steinerbarnehage har dei nettopp feira St.Martin med ein lanternefest. Det var ein kjempefin kveld! Barn og foreldre møtte opp i barnehagen etter at det var blitt mørkt, og alle barna fann fram lanternene sine etter eit lite dukkespel i hjerterommet (fellesarealet i barnehagen). Så gjekk vi i tog frå barnehagen og bort til ein sjukeheim i nærleiken, der barna sang og delte ut sol- og månekaker. Lille A har prata om lanterna si leeenge, og er så stolt av den! Den er laga av lekkert papir, og så har ho nok fått hjelp til å klippe ut små bilder, der ho har limt sikepapir over. Med eit lys inni er den heilt skjønn!
St.Martin kom ridande til byen Amiens ein kald vinterkveld, og møtte ein fattig mann ved byporten. Legenda seier vidare at han då tok sverdet sitt og delte den flotte kappa si i to, og gav halvparten til den fattige. Den natta hadde han ein draum, der han såg Jesus bere den halve kappa.
Dette biletet er henta frå Lullaby og la la

No har eg brukt kvelden på den neste store happeningen i barnehagen. På søndag skal det vere julemarknad, og i fjor var det ein kjempesuksess!! Vi kan ikkje vere med, og eg er såå lei meg for det, men har hekla armband etter inspirasjon frå Karen Klarbæk, og har baka havreflarnliknande, julete og fantastisk gode kjeks! Det luktar himmelsk!

tirsdag 17. november 2009

Himmel...

På søndags ettermiddag tok eg desse bileta ut av stoveglaset mitt... Syns himmelen var heilt fantastisk! Den hadde utallige fargenyansar i blått, og med flotte innslag av rosa, oransje og gull. Og tenk at det kan finnast så mange forskjellige skyer på ein himmel!

I dag skal eg også ta meg tid til å kikke på himmelen...gjer det du òg!


søndag 15. november 2009

Ei blomstrete utfordring!

Fruens syslerier ga meg ei vanskeleg utfordring tidligare i veka... Ho utfordra meg på å vise fram nokre av dei blomstrete tinga eg omgir meg med, og eg tenkte berre Hæ! Blomstrete? Har eg noko særleg av det då??

Men kva finn eg..? Jo, eg har mykje blomstrete! -ja, i alle fall ein god del.. Sånn som denne grisen frå Rice, som eg kjøpte før Lille A var fødd, berre fordi den var fiiin!

Desse herlege bøkene fann eg i hylla. Broderiboka har eg fått/lånt av mamma, og inni den fann eg til og med broderigarn som sikkert er 30 år gamalt, men kjempefint! Boka Glade hjem har eg fått av ei venninne som fann den på Fretex og tenkte på meg. :) Herleg!Nydelege, japanske ting - alle har eg fått av lillesøster Gine som har turnert der. Ein liten pung i eit vakkert stoff, ein svane eg har bretta sjølv av japansk gåvepapir, ein dachs som er pusla saman av masse små pappbitar og til slutt eit lite kunstverk av ein teboks... Aah!Desse postkorta har eg nettopp kjøpt, men ikkje bestemt kva eg skal bruke dei til. Dei må kanskje i glas og ramme og opp på veggen...

Eit heilt nydeleg servise som Lille A fekk til bursdagen sin. Eg er såå glad i treleiker! Og her er alle detaljar på plass - til og med teposar i koppane! Tefata er derimot i bruk ein eller annan stad, og kunne ikkje vere til stades då biletet vart teke...
Eit lite utvalg av dei maaaange banda mine...likar dei SÅ godt!
Desse skoa vart kjøpt då veslejenta var bittelita, og eg er så glad i dei! Dei er heilt nydeleg fine, og så er dei så gode! Eg kjøpte dei litt brukt, på Trendsales.dk, og hugsar at betalinga var så vanskeleg, og banken tok så høgt gebyr, at eg sikkert kunne kjøpt dei nye til samme prisen... Men det var verdt det!
Denne veska er så søt! Og nesten kvar gong eg brukar den får eg kommentarar på den, gjerne om eg har laga den sjølv og slikt...hihi! Den er mykje brukt og frå Noa Noa, og sjølv om blomstrane berre såvidt heng på, så fekk den altså vere med i det blomstrete innlegget mitt. ;)
Er denne koppen blomstrete, tru? Den har i alle fall ein blomst i botn, som viser godt når eg drikk te. Det er favoritt-tekoppen min, og sjølv om den er eit lite kunstverk skal den ikkje stå i hylla. Brukskunst skal brukast, og eg nyyyyt teen min i denne!Nytt, gammalt piano, med tilhøyrande brodert pianokrakk.
Nokre favorittar frå det vesle klesskapet til Lille A. Blomstrete kjole frå Rohde. Den nydelege lilla blusen frå Melanies masker er kjøpt hos navnesøster En Gul Knapp i Bergen.
Til slutt nokre Marimekkobilder frå det rotete kjøkkenet mitt...difor får de berre detaljane..hihi! Voksduken er god å ha, sjølv om det blir litt i meste laget saman med liftgardinene eg sydde i fjor... Legg merke til fuglemataren utanfor vinduet. Vi gler oss til å få fuglebesøk som kan spise frukost saman med oss!

Denne utfordringa har verkeleg vore krevande, både i forhold til å finne blomstrane i huset mitt, men også fordi det er mørkt og bilda ikkje blir så bra... Men det er også utruleg kjekt å leite rundt i alle rom med blomsterbrillene på! Eg fann jo mykje meir enn eg trudde eg skulle finne! :) Og no er eg inspirert til å rydde og ordne og gjere det fint rundt meg, slik at eg lettare skal få auge på det eg har...hihi!

Eg vil sjølvsagt sende denne utfordringa vidare, og sender den til Kaspara, Haust og SavanneTreet! Håpar de tar imot den med glede! ;)

torsdag 12. november 2009

Skatteposen..

Denne oransje posen har Lille A sydd i barnehagen sin, og då ho var ferdig fekk ho ein skatt som ho la oppi. Det var ein kvit, blankpolert stein - ein ekte skatt! Ho har vore så stolt av denne posen, og då vi sto opp på søndagsmorgonen, var ho heilt klar på at ho ville sy! Eg fann fram favorittstoffet hennar med soppane på, og med hjelp av mamma si, så greidde ho å sy ein pose til. Så stolte vi var! :) Sopposen skulle ha rosa tråd, slik som den andre, og den fiksa vi, men så var det bra vi var ferdige! Dette er jo eit kjempeprosjekt for ei lita jente som nettopp har fyllt fire! ;)

I dag, då eg rydda litt rundt-om-kring, fann eg ei strømpebukse gøymt oppi korga med puslespel, og heilt nederst ved tåa låg skattane til Lille A... Herleg!

tirsdag 10. november 2009

Ein annaleis blomsterbukett

Etter fullført kurs i pedagogisk ledelse, har eg berre lyst til ein ting... Slik som vi gjorde det til slutt i dag, så vil eg dele ut ein blomsterbukett! Denne buketten er til deg som les bloggen min, og til deg som legg att kommentarar til meg. Blomane skal du ta i mot med opne armar, og eg forventar ikkje nokon høfleg gest tilbake. ;)

*Eg set verkeleg pris på alle dei gode tilbakemeldingane du gir meg!
*Det er så godt å vere i bloggverda saman med deg!
*Eg kjenner meg inkludert i eit stort fellesskap, og du bidrar til det gjennom å gi av deg sjølv, slik at vi blir betre kjent, og gjennom å anerkjenne meg og mitt, slik at eg føler meg verdsatt!
*Rundt om i bloggane føler eg at alle vil kvarandre vel, og det er så mange som er flinke til å løfte kvarandre opp og fram, og eg er så glad for at dette er normen! Det er slik vi gjer kvarandre gode!
*Når eg synk ned i godstolen om kvelden gler eg meg til å finne fram bloggen min, for det er så kjekt å sjå kva som har skjedd der, og det er så kjekt å oppdatere seg på nye og gamle kjente bloggar!
*Takk for at du inspirerer meg!
*Takk for at du engasjerer meg!
*Takk for at du sprer din entusiasme og eit smittande godt humør!

Mennesker
får det bedre af
at blive set,
hørt og forstået
=anerkendt
www.kempler.dk

Mi utfordring til deg no er: Gå ut i verda, kvardagen og blogglandia, og del ut blomar til alle som fortener det!
Anerkjennelse er livsviktig og utruleg godt! Det er det som gir meining og arbeidsglede, det gir styrke og mot, og det sender varme solstrålar langt inn i sjela på den som får det...

Hmm...eg har fått mykje å tenke på! Eg skal jobbe med meg sjølv for å bli flinkare på dette og mykje meir, og eg er kjempeinspirert til å gå på jobb og utfordre meg sjølv i morgon. Kempler-instituttet har mykje spennande kompetanse for alle som jobbar med menneske!

mandag 9. november 2009

Unika papirdukker

Ein rask tur innom Fretex Unika i forrige veke resulterte i ein blank plastpose med papirdukker! Eg har verkeleg ikkje greie på papirdukker, og kan difor ikkje seie noko om kor gamle eller originale dei er, men eg likte dei! Det var noko med fargane, dukkene og kleda som appellerte til meg, og eg bestemte meg raskt for at desse skulle bli pynt, og ikkje leiketøy for 4-åringen.Settet består av to damer og ein herre, og damene har både undertøy og overdådige selskapskjolar. Åå, så mange detaljar det er!
Endeleg fekk eg gjort noko med den korketavla eg har hatt liggande, og endeleg fekk eg gjort noko med veggen på lilledo.. ;) Vi har jo vore utan bad i over to månader no, på grunn av ein vasslekkasje, og nesten ferdige, nyoppussa lilledo har fungert som bad. Fondveggen er malt i fargen Drøm, og har leeengta etter noko pynt på seg. Korketavla er trekt i eit lyst beige Tildastoff, og papirdukkene er festa med knappenåler, som ikkje går gjennom papiret.
Det er noko veldig trist over uttrykket til den blonde jenta, og det er nok difor ho har eit lommetørkle i handa.. Det er morsomt å tenke ut historier! Eg skal kose meg med dette bildet, og så kan Lille A få seg ein annan variant ved eit seinare høve..

søndag 8. november 2009

På kongletur

I det nyyydelege solskinnet vi har hatt her i dag, så var skogen utruleg fristande! Med far liggande halvpjusk på farsdagen gjekk eg og Lille A aleine på tur, og vi kosa oss! Vi har det rett og slett såå fint saman altså, og det er vanskeleg for meg å forstå at andre mødre og småjenter sikkert har det på samme måte.. Eg føler at det vi har er heilt unikt, nemlig! Hihi...

Vi rusla i alle fall sakte oppover mot næraste vatn, og eg fann mange fine kongler på vegen. Dei kan eg for eksempel bruke til å pynte gåver og slikt med. ;) Og vi fann andre kjekke ting også, som ein tøykanin, masse is på vatnet, to ender og ein sko... -og Lille A er like entusiastisk uansett kva det er vi finn. Litt som Askeladden, eigentleg!

lørdag 7. november 2009

Love is in the air

Photo by www.weheartit.com
Det er jammen godt med helg igjen! Det kjennast ut som veka har gått så fort at det berre er så vidt eg har hengt med.. Og så er det så synd at helga går like fort, og den er jo så kort. Men vi utnyttar den godt, altså!

I går var eg og mannen på fiiin restaurant og spiste nydeleg fem-retters middag..Mmmmm! Og nei, det er ikkje noko spesielt høve, berre på tide å gjere noko aleine. Og eg kan verkeleg anbefale det! Det gjorde såå godt å sitte i timesvis og ete deilig mat og berre prate og prate...utan nokon uroande element!

I kveld er det eg og venninnene som skal kose oss! Men først blir det pizza som eg og Lille A laga saman. Herleg!

Ønsker alle ei helg fylt av kjærleik!

torsdag 5. november 2009

Ta det piano..

I dag var det vakkert i byen! Eg gjekk meg ein tur i lav haustsol i ettermiddag, og såg at Trondheim er ein fin by, altså! Nidarosdomen låg bada i nydeleg, varmt sollys, og det gir meg nesten ei kjensle av ærefrykt i det eg passerer Vestfrontplassen, med det staselege bygget ruvande over meg... Og akkurat då eg registrerte dette kom det ei jente forbi med pappaen sin og sa "Pappa, vet du ka som e det væærste som kan skje dæ i kirka? At du hoppe strikk og strikken revna..." Joda, det er mykje som kan skje i ei kyrkje...

Vel heime har vi kosa oss i dag, med herjeleik på kjøkkengolvet, pianospel og husvask. Ok, husvasken er ikkje det kjekkaste eg gjer, men det gir meg i alle fall godt samvit.
Vi har fått piano! Eller vi har fått låne eit piano! Eller faktisk så passar vi på pianoet på ubestemt tid, fordi to gode vennar flyttar langt av garde, og ikkje tar med seg pianoet i denne omgangen... Fint for oss! Fantastisk, faktisk! Takk, E!

Men med eit stort og mørkt piano i stova blir balansen litt forstyrra, og eg har enno ikkje heilt funne ut korleis eg vil ha det. Men litt flytting hit og dit er nok berre sunt!
Familien i dette vesle huset har det også fint! Dei er så harmoniske og fornøgde at det er ei fryd..hihi!Dukkehuset har flytta ut av stova og inn på kjøkkenet. Det er såå fint det huset, og med søte, små ting inni. Lille A brukar stadig meir tid med det, og når det blir ståande på kjøkkenet blir det forhåpentlegvis enno meir brukt!No er kvelden her, Lille A er i seng for lengst... Eg skal fikse meg litt kakao med krem og kose meg med Forbrytelsen!

Ha ein spennande kveld!!

tirsdag 3. november 2009

Vakker veggpynt!

Denne idèen likte eg! Og dette treet med denne fine ugla og det skjønne rådyret var berre såå herleg! Etter å ha leika meg (ja, eg har visst tatt over litt for Lille A innimellom) med det vesle treet vi har på vindauget, har eg fått sansen for trebygging, rett og slett! Og sjølv om eit sjølvheftande og flyttbart, stort stofftre er noko anna enn eit lite, geleaktig tre, så er prinsippet ganske likt, og kjensla av å lage noko vakkert er definitivt til stades...

Ikkje berre kan ein kjøpe slike tre, ein kan til og med vere med på konkurranse her (eller klikk på bildet over)! -og sjølv om premien er mindre verdt enn treet, kan ein jo legge til nokre kroner sjølv og få det likevel, eller ein kan nøye seg med nokre elefantar eller sånn..
Eg syns jo desse elefantane også var heilt nydelege! Du kan kjøpe dei her hos StickyTiki på etsy.

søndag 1. november 2009

Green Berry Tea

Photo by www.weheartit.com
Åååå....tenk å kunne drikke så fin te! Desse fantastiske teposane er designa av ei russisk dame som heiter Nathalia Ponomareva. Dei er basert på den japanske papirkunsten origami, og inni denne vakre fuglen ligg teen. Eg har ikkje funne ut korleis eg kan få tak i slik te, eller om den i det heile tatt fins, men om eg finn den må eg nok få tak i den! Eg drikk mykje te, og eg ikkje berre opptatt av at den skal smake godt, men den skal gjerne sjå bra ut også! Godt for auget, godt for ganen, godt for sjela.. Hihi...!

Det har jammen vore godt med helg! Eg har kosa meg sånn!! Laurdagen var vi på bytur, der eg og Lille A fekk kose oss i knappebutikk og hobbybutikk før vi møtte pappaen på cafè. Herleg! Og på kvelden fekk eg servert (!) den nydelegaste gourmetmiddagen, som mannen brukte heile kvelden på å fikse. Med gode vener og god vin vart det eit festmåltid!

Dagen i dag har også vore begivenhetsrik, med ulike besøk til formiddagskaffe og middag, og litt arbeid i hagen innimellom... No er huset kaotisk igjen, men på ein koseleg måte. Det er jo kjekt at det ber spor av aktive menneske, sjølv om det akkurat var sett i stand til helga.. :)

Rommet til Lille A var imidlertid ikkje såå kjekt å komme ned på i dag. Oppi senga satt ho hylande, medan søskenbarna var på veg opp trappa til oss vaksne. Ho hadde teikna med tusj i heile ansiktet sitt, i tillegg til rundt omkring på og i senga.. Sinna mamma!! Men vi vart godvener att, altså! Ho angra tydelegvis på det ho hadde gjort, og eg såg nok ikkje blid ut etter å ha vaska rommet, for då eg sette meg i sofaen kom ho opp i fanget mitt og prøvde så godt ho kunne å få meg til å smile. Ho stakk det perfekte ansiktet sitt tett opp til mitt, og smilte på ein sånn eg-angrar-kan-ikkje-vi-bli-vennar-att-måte, så eg måtte berre smile tilbake, gi ho ein knuseklem og fortelle at eg var sint for det ho hadde gjort, men er uansett glad i ho! Så var vi bestevennar, slik vi stort sett brukar å vere. ;)

No står ei ny veke for døra, vinden susar rundt husveggen her, og eg gler meg til å bruke nokre kveldar på kreative prosjekt! Det er sååå godt å kjenne at energien er på veg tilbake!


blogger template by lovebird