onsdag 28. oktober 2009

Romantisk sansepute

Denne sanseputa er i ein romantisk stil, med Tildastoff frå Panduro.
Til salgs kr.150,- (Solgt!)

Visste du at eg har laga fleire sanseputer? Du finn dei her!

Fresh sansepute

Eg måtte berre vise fram kva eg har laga i dag! Denne sanseputa er super for småbarn! Den har grønt som grunnfarge, men har også andre klare former og fargar, ulike teksturar og mange band ein kan plukke på. Visste du forresten at gult er ein av dei første fargane små barn kan kjenne att?
Til salgs kr.150,- Solgt!

I dag skin sola på meg!

Eg sit i godstolen min, i kroken som har stoore vindauge på begge sider. Gjennom det sørvendte vindauget skin sola frå en knallblå himmel, medan litt tåke ligg over kjøpesentra i det fjerne, slik at alt eg ser er fiiint! På den forvokste, gamle rosebusken heng dråpar som sølvperler tett i tett mellom nokre få grøne blad og oransje nyper. Kanskje eg må ut i hagen med kameraet snart?

Denne dagen kjennast ut som den blir betre enn gårdagen. Då publiserte eg jo eit heller sutrete innlegg... Men sånn er det faktisk her også, sjølv om eg gjennom blogginga vel å ha fokus på det som er fint og godt og vakkert, så hender det faktisk at kvardagen er grå og trist. Dagen i dag skal imidlertid fyllast av positiv energi! I morgon skal eg tilbake på jobb, i natt har eg sove rimeleg bra, og berre for å toppe det heile så har muraren komt i dag! Hurra! Han skal til å legge fliser på badet, og no vågar eg å tru at vi har bad innan november er over! Det skal bli så ubeskriveleg godt!!
Eg har forresten lært meg å hekle armband! :) Det var vel i helga det, at eg fann fram heklenål, bomullstråd og gulltråd (frå Stoff og stil), hekla litt, fann fram knappar (uff, har eg verkeleg ikkje akkurat sånne som eg vil ha?) og fekk fullført prosjektet. Etterkvart skal eg hekle fleire, for dette var raskt og greit, og ganske fint vart det også!
Lille A har verkeleg kosa seg i knappeeskene mine etter at eg leita dei fram. I går plukka ho ut alle knappane, la dei fint på rekke og rad, små og store og trykknappar i herleg blanding, kikka og lukta på, og putta dei opp i boksen igjen. Kosar du deg no? spurte eg. Ja, eg kosar meg, mamma, svara gullungen. Nokre av knappane kjente ho igjen som sine eigne, for ho har jo vore med med i possementsforretninga mang ein laurdag, og då kjøper vi alltid litt til kvar... Så no har eg lova å snart sy noko ho kan ha hjarteknappane og Kittyknappane på! Sjølv skal eg snart kjøpe diverse knappar til armband, sjølv om det vart ganske tøft med den kontrasten den store brune knappen skapte.

tirsdag 27. oktober 2009

Dagen i dag

Etter å ha vore sjuk i ei veke er eg no rimeleg lei...og håpar energien snart skal komme strøymande tilbake! Torsdag skal eg etter planen vere tilbake på jobb, og då har eg ikkje lyst å få hosteanfall som nesten tek pusten frå meg, eller bli så sliten at dersom eg ikkje får lagt meg ned litt så tar eg til å skrike... Uff, apropos det, så føler eg meg som ei forferdeleg mor i dag! 4-åringen har jo forstått at mamma er dårleg, og har vore mild og god og snill, mens mammaen har vore tålmodig og god i det eine augeblinket, og verdas mest utålmodige og småsinte i det neste. DET er ikkje bra! Særleg blir det slik når pappaen ikkje er heime... Men vi snakkar ofte om det etterpå, slik at vi sørger for å vere gode venner, og ho er nok ikkje det minste i tvil om at ho er høgt elska, i alle fall!
I dag er faktisk første gongen på dagevis at eg har gjort noko anna enn å surfe og slappe av. For det første så var stoveteppet no så ruskete at det var ekkelt, så etter å ha irritert meg over det i ei veke, så støvsuga eg i dag stova. Det er jo måte på kor mykje eg skal gidde å mase på andre om å støvsuge, når støvsugaren til og med står i gangen enno, etter forrige runde for over ei veke sidan. Etterpå måtte eg legge meg nedpå litt, men så henta eg meg inn att og fekk satt meg til kjøkkenbordet for å pusle. Det er jo såå kjekt! Og eg spiste til og med! Yoghurten blir ekstra god med litt Møllerens frukostmüsli på.

Og så har eg omsider fått i orden nokre pakkar som eg måå få sendt i veg snart! Uglekorta vart laga med inspirasjon frå både den eine og den andre bloggen, så om nokon vil ta æra, så ver så god! :)
Blomekortet er til veslesystra mi, og er ei forseinka bursdagshelsing. Men kva skjedde med fargane? Hm, eg må nok lære meg å stille inn kvitbalansen eller noko sånt... Det er altså ganske knallgrønt og knall guloransj, og bakgrunnen er eit raudt Tildaark.
Forresten skal veslesyster Gine ha konsert i Norge snart! (Ho spelar ein del i Göteborgområdet også for tida, trur eg..) Om nokon befinn seg på Sunnmøre, vil eg råde dykk til å ta ein tur på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg 8.november. Yours Truly spelar nyyydeleg jazz!

mandag 26. oktober 2009

Eg fall pladask!

Via bloggen Floras Frue kom eg over dette fantastiske kunstverket i går! Det heiter noko sånt som Sosial design, og idèen er som følger: Du kan bli abonnent og få 25 blyantar kvar månad i 20 månader! Dvs seie 500 fargeblyantar i 500 ulike nyansar! Oioioi...eg blir heilt matt! Tenk for eit eventyr å ha eit stort, lyst arbeids-/hobbyrom der 500 delikate fargeblyantar kunne henge lett tilgjengeleg, som på det øverste bildet. Eg ville ha kosa meg med å farge, drodle, sortere, kikke.... Det er også sjarmerande å tenke på at dei har gitt kvar unike farge eit eige navn, som passar til fargen. Tea with Milk, Frog Pond, Lemon Drop, Norwegian sky... Klikk på bildet for å komme til sida!
Eller eg kunne velge ein annan type oppheng i plexiglas, som kunne gjere blyantane til kunst på stoveveggen eller kor som helst ellers. Eg syns idèen er genial, og når eg får meg eit stooort hus og pengar til overs, då vil eg bli abonnent!!

søndag 25. oktober 2009

Eit hemmeleg prosjekt..

Mannen står fornøgd med espressoen sin og ser ut vindauget. Kva skal vi finne på i dag, tru? Vel, eg skal halde meg inne og i nærleiken av sofaen, men han kan jo gå ut med den nye, fine, varme ullgensaren sin!
Eg har jo skrytt av det hemmelege prosjektet mitt, og her er altså resultatet. Mannen fekk genser til bursdagen, men den måtte jo strikkast utan at han visste det, og det er ikkje like lett alltid... Heldigvis har vi hatt det litt rotete her i det siste, så han har ikkje lagt merke til den ekstra strikkeposen som av og til har stått framme i stova. ;)

Då eg hadde strikka armane og bolen opp til der mønsteret tar til, la eg merke til feil eg hadde gjort... Genseren såg veldig liten ut, men det tenkte eg jo at kunne strekkast til! Men så stemte ikkje antal masker då eg kom så langt, så eg måtte rekke opp heile bolen! Dumme meg hadde strikka med 104 i staden for 140 masker, og det er ikkje til å anbefale... Eg holdt nesten på å gi opp heile genseren, pakka den djupt ned i posen sin og gøymte den bak sofaen.

Men mannen reiste på jobb til Italia ei veke, og då fekk eg fart på meg igjen! Då han kom heim var genseren nesten ferdig, og eg måtte berre vise han den! Så stolt! -og han vart glad for gåva! :)

Den er strikka av Alfa (85% ull, 15% mohair) og med utgangspunkt i ei oppskrift frå Sandnesgarn. Brukte pinnar 6 og 7, noko som passar meg perfekt! Kjekt med vellukka prosjekt!

fredag 23. oktober 2009

Fredagskos...

I dag har eg funne fram heklenål og bomullstråd, og skal prøve meg på armbanda som Karen Klarbæk lærer bort... Dei er skjønne! Klikk på bildet for å komme direkte til instruksjonen, eller gå inn på namnet for å komme til den inspirerande bloggen.

Eg har vore sjuk i dagevis, og har rett og slett ikkje fått til blogginga. Det krever jo litt overskot å blogge, og ikkje minst å produsere noko fint å blogge om.. ;)
Det var då litt av ei trøyst å få beskjed om dette i dag:
Eg vann! EG har vunne dette nyyyydelege sjalet og korta, og det er eg så utruleg glad for!! Kjempestas!! :) Gler meg til å pakke meg inn i det!

Fin i Formen er ein blogg med handarbeid av ulikt slag, og ho har til og med eigen nettbutikk. Strikking, hekling og papir er nokre stikkord... Tuuusen takk!

No ventar gullrekka, potetgull, cola og heklenål...herleg! Satsar på enno finare form i morgon.. ;)

mandag 19. oktober 2009

Om å sjå med opne auge...


På ei lita grein i eit stort tre hadde ein liten familie funne huset sitt. Det låg fint plassert i skogkanten, med naturen og byen innan rekkevidde. For fuglane likte dette; at dei kunne ta ein frisk og luftig tur innover i skogen, eller dei kunne velge det travle bylivet. Alt etter kva som passa dei best akkurat denne dagen.


Den vesle fugleungen elska livet i treet. Alt det spennande den kunne finne der! Det var blad i vakre fargar, det var pinnar i rare former, det var mark, det var lys og det var mørke. Og så var det så mykje lyd i det treet. Kvar dag kunne ein høyre fuglefamilien skvaldre og pippe og synge. Og fugleungen mest av alt. Den hadde så mange lydar den måtte øve på! Den peip og plystra, og lyden den fekk fram vart vakrare og vakrare... Til slutt måtte alle som gjekk forbi treet stoppe opp og lytte. Kva er det slags fugl som bur der, undra dei seg. Det er den finaste lyden eg har høyrt på lenge, sa dei. Det må vere ein utruleg nydeleg fugl som lagar den lyden, var dei einige om. Og det var det.


Det var ingen som riktig kunne sette fingeren på det. Men den lyden minna dei om noko.


Den minna dei om alt det vakre dei hadde sett i skogen. Den minna dei om at dei ein gong hadde hatt auge for det som dei ikkje lenger la merke til. Den minna dei om å stoppe opp. Berre då kunne dei høyre at det var fleire fuglar i skogen, det var vakre haustblad på trea, og det var så mykje spennande å sjå! Men ein må ned om ein verkeleg vil sjå det..


Takk Lille A, for at du opnar augene mine! For at du opnar øyrene mine! For at du har erobra hjartet mitt!

søndag 18. oktober 2009

Tamtaratammm....!


Og vinnaren er....

...den fine bloggen SavanneTreet

Gratulerer!

Hadde også ei ekstratrekning der eg trakk ut to heldige som vinn minivimplar i trøystegevinst, og det er Tulip og DiSign-Keramik.

Midt i mellom brødbakst og husrydding sette eg meg ned med kommentarane, og det er verkeleg til å bli glad av! TUSEN TAKK til alle som har vore med! Det vart ei skål full av lodd, og for å sikre at eg ikkje skulle jukse var det mannen som foretok loddtrekninga. Håpar vinnaren er storfornøgd...! I løpet av veka skal eg nok få laga ei vimpelrekke, og så kjem den i posten etterkvart! ;)

Fin søndag!

fredag 16. oktober 2009

Inspirert og klar for å begynne!

I dag må eg berre dele nokre inspirasjonsbilder... Det er jo slik at eg finn enorme mengder inspirasjon på nettet, og kanskje mest av slikt som andre lagar. Eg har jo etterkvart ei ganske lang liste med bloggar som eg stadig er innom, og finn nye heile tida. Men denne gongen har eg kika på ulike nettbutikkar, og ser at eg kan kjøpe fine julegåver, eller eg kan bli inspirert og forsøke på eiga hand... Det er vel berre å komme i gang tidsnok, det!?
Photo: www.sprell.no
På jakt etter inspirasjon ein fredagskveld... Jobbar med eit strikkeprosjekt, og det er så kjedeleg! Det har nok noko med at eg måtte rekke opp fire-fem heile nøster..! Og når eg først har gjort ein sånn tabbe, så er det litt tungt å komme igang igjen.. Men i ein liten strikkepause kan eg jo drøyme om alle julegåvene eg skal lage i år. Det er på tide å begynne no, Guro! Kanskje Lille A kan få ein sittesekk à la denne eg fann hjå Sprell?
Photo by: www.russinnet.se
Og så er det kanskje på tide at eg lærer meg å hekle oldemorsruter? Det har eg aldri hekla før, men eg ser jo at det kan bli heilt nydeleg! Sånn som dette teppet i dei varmaste raud-grøne nyansar...sukk!
Photo by: www.russinnet.se
Og ein slik ranglesopp kan vel ikkje vere så vanskeleg? Hmm...eg kjenner nok nokre små som kunne syns den var fin! -og det ville vel mammaen også? Vi må jo hive oss på soppbølga!
Photo by: www.russinnet.se
Likte så godt desse uglene også. Det er jo ein flott måte å bruke opp stoffrestar på! Og eg kan jo vidareutvikle sanseputene mine til å bli litt meir uglete, kanskje? Akkurat desse uglene frå russinnet er fairtrade, noko som gjer dei enno meir attraktive i mine auge...

Vil ønske alle ein herleg laurdag!

onsdag 14. oktober 2009

Minivimplar!

I går var eg og Lille A heime, for ho var ikkje heilt i slag. Men ho var betre enn kvelden før, så ho kunne typisk nok sikkert vore i barnehagen likevel.. Eg likar ikkje at halvsjuke barn kjem i barnehagen, men trur det er lurare å ta ein dag heime, slik at ein kan bli skikkeleg frisk. Det er best for alle!

Det vart i alle fall ein fin dag, med husarbeid, støvsugerhjelp, litt jobbing og litt klipp og lim ved kjøkkenbordet. Det siste var det beste! Etter idè frå Pickles fann eg fram litt papir, som eg faktisk har kjøpt på barneavdelinga på eit kjent, stort varehus på fire bokstavar... ;) Nydelege duse og friske fargar, rutete, prikkete og mønstrete på anna vis. Masse forskjellige papir som matchar veldig bra!
Papirtrekantar vart limt fast i sytråd, og det vart såå fint! Eg lagde mange rekker, og 4-åringen var delvis med på liminga (men syns kanskje at mammaen var litt for bestemt på resultatet?), før ho kosa seg med saksa i staden.
Tenkte kanskje at det kunne vere trøystepremie på konkurransen min..? Er såå glad for all respons! Kjempegøy!! :) Håpar de held fram med å legge att kommentarar, for det er så kjekt å sjå kven som stikk innom. Og så er eg spent på trekkinga på søndag...hihi!
Ha ein fin onsdagskveld!

mandag 12. oktober 2009

Så søt!

Eg har ein kollega som er så snill og god og flink! Det er jammen godt, det! Og tenk, ein dag då eg kom på jobb låg det ein stoor, fin pakke og venta på heldige meg. Då hadde ho vore på loppis og funne noko eg ønska meg, og så hadde ho hugsa på det, og gav meg den i gåve! Du lurer kanskje på kva det kan vere...? Hihi, du må nok vente og sjå, for den skal få eit strøk kvitmaling før den blir presentabel nok til å få vere med her...hihihi!
Og så må eg berre ta med nokre få bursdagsbilder til...dette er ei heilt fantastisk god sjokoladekake, som vart hjertekake, heilt etter Lille A sitt hjerte... Og nei, det er faktisk ingen prins på kaka, men ei prinsesse med blå kjole! Eg likar den så godt, og syns det er stas med slike ting som vi kan leite fram og ha på alle bursdagskaker i åra som kjem!
Eit lite tips: i barneselskapet serverte eg nydelege fruktspyd. Det er rett og slett ulike gode frukter tredd på trespyd, og sett fast i ein honningmelon. Kjempepopulært, og alle ungane fann noko dei likte! Og med eit slikt fyrverkeri av eit fruktfat MÅ det jo berre bli fest! Resten av frukta kutta eg i mindre bitar og serverte med vaniljesaus til foreldra som var med dei minste barna som følge.

søndag 11. oktober 2009

Søndagskosebukse

I går fekk både Lille A og eg besøk av kvar vår venninne, og hadde ein strålande ettermiddag og kveld! Det kribla i fingrane til oss voksne, for vi skulle sy når ungane hadde lagt seg...og heldigvis sovna dei ganske greit!

Eg hadde ein plan! Eg ville sy meg ei deilig, posete søndagskosebukse, og hadde kjøpt inn og vaska den lyselilla stoffbiten på førehand. Mønster hadde eg også leita såvidt etter, men fann ikkje noko eg ville ha, så eg fann ut at eg berre skulle teikne av ei pysjbukse som passar... Det var ikkje det luraste eg har komt på, men du skal vite at både eg og venninna mi lærte noko! ;) Etter mykje styr for å få plass til buksa på den litt knappe stoffbiten, fekk eg klipt ut, applikert på eit fint hjerte, og så sydde eg saman...(knappenåler er for pyser...?) I alle fall så hadde eg ikkje passa på at lengda frå "tuppen" på mønsteret, både framme og bak, var like langt, så heile buksebeinet vart skeivt og rart.Men til Lille A vart den fiiin! Eg gav opp prosjektet mitt, og begynte på nytt. Så i dag har veslejenta tusla rundt i den utruleg mjuke, gode kosebuksa, og eg har vore ganske misunneleg... ;)
Vi har hatt det eine besøket etter det andre, og Lille A har vore såå trøytt! Det er vel ganske slitsomt å ha venninne på overnatting på rommet sitt, sjølv om det var stooor stas å våkne kl 06.38 for å begynne leiken...(Vanlegvis kan ho sove til 8...)
På bildet ser du at ho kosar seg med gåva ho fekk av mammaen og pappaen sin til bursdagen. Eg fann nemleg to ekstra dukker med 14 sett klede, og dei har alt flytta inn i dukkehuset og til familien som bur der.

torsdag 8. oktober 2009

Nesten fredag!

Photos by Ingrid Riddervold
I morgon er det plutseleg og endeleg fredag igjen! Veka har så langt vore svært innhaldsrik, og helga skal også bli bra! Eg satsar på å få vere kreativ aleine, med Lille A og med ei venninne... Har brukt kvelden til å kikke rundt på ulike bloggar, og eg finn så mykje fiiiiiint!! Blir utruleg inspirert!

Og så er det så kjekt å sjå at så mange tek turen innom her også! Håpar denne bloggen også kan inspirere, og at den viser at ein ikkje treng å legge lista så høgt, men likevel få til noko fint... ;)
Har lyst å vise fram ein butikk som eg trur eg må innom på byturen min på laurdag... Den ligg på vakre Bakklandet i Trondheim, og dit kan ein gå for å kjøpe både nydelege og morsomme ting. Det er berikande for ein by å ha eit slikt strøk og slike butikkar! -og ta gjerne ein kaffe på Dromedar når du ruslar forbi!

Den fine lommeboka du ser øverst er blant dei tinga du kan få kjøpt på Pryd. Den er laga av Ingrid Riddervold, og fins i mange ulike variantar, gamle og nye mjølkekartongar, Litago, vanilje og gelè m.m. Herleg! Ho lagar også fargerike sminkepungar, ringar og øyredobbar med retrostoff og mykje anna gøy!

Håpar vi alle får ei helg fylt av folk vi er glad i, fine opplevingar, vakre fargar og flott haustsol!

mandag 5. oktober 2009

Give-away!

No har eg hatt over 1000 besøkande innom bloggen min, og det må feirast med ein liten give-away!

Kanskje kjenner du allereie konseptet, men reglane er som følger:
For å få eitt lodd skriv du ein kommentar under dette innlegget, og då må du gjerne skrive noko om kva slags vimplar du likar!
For å få to lodd legg du lenke hit frå bloggen din, eller sender e-post til tre venner om du ikkje har eigen blogg. Kopier og lim inn bildet av vimpelrekka nedanfor! Skriv dette i kommentaren, og legg gjerne igjen lenke til din blogg også.
For å få tre lodd legg du deg til som følger på bloggen min!

Premien vil vere ei vimpelrekke!
Trekning søndag 18.oktober kl.20
Eg har nok ikkje fått sydd premievimplane enno, så du har gode sjansar til å påvirke korleis dei blir. :) Bileta er difor av dei vimplane eg har hengande oppe i stova, og har nok nettopp vore blogga..beklagar dette! ;)

søndag 4. oktober 2009

Herleg helg!

Hipp hurra for Lille A! Vimplane kom på plass i stova, men det var ikkje lett å ta fine bilder, altså... Det må eg prøve på litt til, og eg har ikkje hastverk med å få rydda dei unna heilt enno! Gode mormor har vore på besøk i helga, og det var så kosleg å få høyre om korleis det var då eg vart 4 år, og eg hadde på meg ein rutete kjole i det stoffet som eg no har laga vimpel av! :) Og så fortalte ho litt om korleis ho opplevde det då Lille A kom til verda for 4 år sidan. Den veka var det 20 grader her i byen, mens no er det frost i graset når vi våknar...
P.S. Eg fjerna vimpelbildet, for det ville eg heller bruke i det nye innlegget mitt, som du kan lese over..
Lille A var Bittelille A då ho var fødd, for ho kom litt tidlegare enn venta, og var berre 1200 gram! Det kan ein ikkje tru no, for ho er ikkje akkurat lita lenger! Sjølv syns ho det er litt rart, og blir nesten litt sjenert når vi leitar fram dei minimini kleda og lua, og ser på bilder og sånn.

Det er litt slik når det er bursdag - det er ei god anledning til å mimre og snakke om Lille A si historie så langt. Og kvar dag bygg vi vidare på den historia, og det må vere ein god grunn til å bruke kvar dag så godt som ein kan!

Desse deilige muffinsane smakar av banan, blåbær og vaniljeyoghurt, og er pynta med rosa glasur, sølvkuler og søte hjarte. Lille A har vore med å pynta, og det er kjekt!
Serviettane valgte eg... Eg fall for desse, altså! Skikkeleg prinsesse Snøkvit, men utan å vere så innmari rosa og dillete.
Her er Tuppen og Lillemor, som er jamngamle, gode venninner, som kosar seg i bursdag! Lille A i julekjolen frå Noa Noa, og venninna i heimesydd kjole i stoff frå S&S. Flinke mammaen!


blogger template by lovebird