onsdag 30. september 2009

Bursdagsinvitasjon..

Dette er så utruleg vanskeleg! Ikkje akkurat å lage invitasjonen, for det var ganske fort og greit, men det med å vite kven som skal komme!

Sjølve invitasjonane er klipt ut av litt tjukt lyseblått papir (ca.10x10cm), og så limte eg på litt Tildapapir som eg klipte ut ved hjelp av eit mjølkeglas. Eg klipte små kroner, som eg limte Karen-Marie Klip på, brukte teipputer til feste, samt toppa det heile med nokre dæsjar sølvglitter... (Det meste får ein altså tak i på Panduro.)
Sjølvsagt skulle Lille A heilt klart ha vore med på heile prosessen, men det rakk vi faktisk ikkje. Eg fann plutseleg ut at invitasjonane må bli med i barnehagen i morgon, så då var det berre å sette i gang. Forhåpentlegvis kjem vi oss opp tidsnok til at ho kan få hjelpe til å sette navn på dei i morgontidleg.. ;)

Men kven skal ein be, då? Ho kjem jo med nye forslag heile tida, og eg veit ikkje heilt kven ho leikar med i barnehagen...Vel, vi ender i alle fall opp med å invitere alle 3- og 4-åringane på avdelinga, sjølv om eg gjerne skulle hatt med dei eldste også! Men kva med plassen? Vi har ikkje bordplass til dei 12 vi har invitert ein gong! Og så var det meny og leikar og slikt...eg har ikkje vore i barnebursdag på over 20 år! (Uæææ - er eg såå gammal?)

Tek altså gjerne imot gode tips og idèar for fest og moro i to timar!

tirsdag 29. september 2009

Varmande fargar!

Photos by www.heatherbaileystore.com

Det er altså berre så surt ute i dag! Lang dag på jobben i barnehage, med regn og vind og hagl og snørr og tårer og latter...og så møte og trening og full fart frå det eine til det andre. Slik er faktisk kvardagen for veldig mange, trur eg. Eller i alle fall den delen med full fart... ;) Eg er så fornøgd når eg kjem meg på trening sånne dagar, for det er aller mest fristande å krype opp i sofaen med tekoppen, eller sette seg ved symaskina med tekoppen...men vanngym er heller ikkje å forakte, altså!
Og så vil eg jo ha tid til å blogge litt også! Bli inspirert! Finne fine bilder, flotte bloggar, spennande butikkar, nye menneske! Kjekt!

Bildet over er frå Heather Bailey, som eg syns har så herlege fargar på stoffa og bilda sine! Eg har enno ikkje handla noko der, men ho virkar så sympatisk, at det er sikkert berre stas!

Gler meg til ein ny dag i morgon, og tenk at det alt er onsdag då! Tida går så fort når ein har det gøy!

mandag 28. september 2009

No blir det fest!

I går kveld møttast vi tre venninner med symaskinene våre, og eg begynte på nokre fantastiske (men likevel så enkle!) vimplar til Lille A sin bursdag neste veke. Eg sydde trekantar i fleng, utan å sjekke kor mange eg trengte, så då eg skulle montere dei opp på kanteband hadde eg 34 å velge mellom! Hihi...det var gøy! Og noko av det kjekkaste med desse vimplane er at eg hugsar historia rundt kvart einaste av stoffa eg har brukt, og det er mange! Nokre er kjøpt på salg eller på nett eller litt forskjellig, medan andre har vore brukt til kjolar til meg og søstra mi då vi var små... Og så kan eg hugse at då eg fekk tak i akkurat det eller det stoffet, så budde eg der eller der, og så kjem minna strøymande! Herleg!!
Det vart to rekker med vimplar, men du får ikkje sjå det verkelege resultatet heilt enno...eg må jo pynte med dei først! :)
Eg blir jo så utruleg stolt og kry når eg har laga noko som eg er sååå fornøgd med, og måtte sjølvsagt ta dei med på jobben for å vise dei fram i dag..hihi.. Det funka! Eg fekk masse ros og anerkjennelse!

søndag 27. september 2009

Småvesker og eit fiksa lappeteppe..

I dag sendte eg mann og barn til skogs, og har verkeleg kosa meg heime aleine... Ein deilig kopp kaffe latte, god sjokolade, pysjamasbukse og symaskin var nokre av ingrediensane. Og så har eg fiksa og ordna og sydd og somla og gjort såå mykje! Blant anna så måtte eg gjere noko med det lappeteppet som eg har vist fram tidligare, men som ikkje var særleg vellukka. No greidde eg å lage kanten rundt veldig fin, og teppet vart eit heilt anna. Storleiken er vel baby, med måla 58x72cm. Det er til salgs!
Eg har også sydd ei lita sminkeveske (eller teiknesakerveske eller noko anna...), som er ca 16x20cm, og med glidelås. Mønsteret vart til undervegs, og stoffet er frå Retrodepot. Den er fora med rosa bomull frå S&S. Til salgs!
Nederst kan du ei rosa/lilla veske med glidelås og lyslilla fòr. Den er ca 10x15x4cm, og er inspirert av dei firkanta pungane eg blogga om tidligare. Til salgs!

lørdag 26. september 2009

Endeleg heime!

Etter nokre dagar utan internett er det godt å ha tilgang igjen! Vi har jo hatt eit litt primitivt liv i det siste, men det får vel vere måte på! Heldigvis har eg ein flink mann, som fekk skrudd og fiksa litt idag, slik at eg likevel kan sitte å blogge... Eg hadde store planar om å sy, og stoffa eg skal lage noko av i kveld ligg ferdigklipte på kjøkkenbordet. Det bordet har forresten også komt heim no, og står så fint på det flotte, nye kjøkkengolvet vårt! :) Heile kjøkkenet og gangen er blitt så utruuleg deilig, etter at vi bytta ut kjip laminat og linoleum med herlig askeparkett.

Bildet du ser øverst er av nokre fine ting som eg kjøpte på bruktmarked i ei kyrkje i dag. Det brune er ein duk, som skal bli noko anna, og så er det nokre heklebrikker som skal brukast til eitkvart. Den fine koppen fins det to av i huset mitt, og eg trur nesten eg må lære meg å like frukostkaffe, altså... Det står ikkje noko stempel på det serviset, så det er nok ikkje særleg fancy, men no skal det køyrast ei runde i den nye oppvaskmaskina mi, og så får vi sjå om kvaliteten held. :)
I dag blir det lilla saum, tenkjer eg! Herleg!

tirsdag 22. september 2009

Draumeland...

Tenk å vere fire år, ha besøk av ein venn, klatre inn i dette fantastiske gyngeteltet og kviskre, fnise, synge og le....Og så kjem ein mamma i trappa og ropar Hallooo, er det nokon her som vil ha muffins?

Ah, eg trur jammen at Lille A må ha det med på ønskelista til bursdagen sin! ;)
Eg fann bildet på Sprell, og der har dei så mykje fint og gøy og bra!

No tar eg kvelden, etter ein lang og innhaldsrik dag...gjesp... Har forresten heilt bloggdilla no, og kjem nok til å drøyme om puslerier og blogging i natt også ;) Det er gøy at det kjem stadig fleire innom! -og eg vil oppfordre deg til å skrive nokre ord, så eg ser kven du er. :)

mandag 21. september 2009

Eg er ikkje særleg firkanta...


...men desse småveskene vart ikkje så ille? :)

Eg fann eit eksemplar på bloggen til Saltaste bönan, og ho hadde lagt link til denne oppskrifta her! Takk! Ikkje berre var det ei enkel oppskrift, men den var jo så utruleg tiltalande og fin også! Eg måtte i alle fall berre grave fram symaskina frå rotet mitt, klatre over nokre baderomsskap for å finne stoff og finne meg ein plass ved kjøkkenbordet i stova. ;)

Stoffet er ein gammal rest eg fekk av ein tidligare kollega, mens innsida er heilt enkelt, grønt bomullsstoff frå Stoff&stil.
Kva som skal vere oppi denne pungen er framleis uvisst, men det kan for eksempel vere måleband og sysaker, eller kanskje småplukk som ellers sleng fritt i ei eller anna litt større veske...?
Dette nederste eksemplaret var første forsøket, og då las eg visst ikkje oppskrifta nøye nok, så glidelåsen kom liksom på tvers! Haha! Typisk! -og eg vil jo ikkje rekke opp noko, men Lille A tar heilt sikkert imot den med glede uansett! Ho har ei uendeleg mengde med småstein på rommet sitt (og overalt ellers også), som ho smuglar med seg inn etter ein dag i Steinerbarnehagen sin. ;) Dei kan ho jo no heilt lovleg få samle i ein eigen pung!
Stoffet på denne er forresten frå S&S.

søndag 20. september 2009

Ny, brukt sparkesykkel

I går på loppemarknad fann vi ein sparkesykkel, som ikkje var spesielt fin...men sidan vi betalte berre 20 kr for den, så hadde vi pengar til overs til spraylakk. :) Lille A fekk velge farge, og sykkelen vart lakka lysegul ute på plenen i solskinnet.
Lille A var utolmodig etter å få bruke sykkelen i dag, og etter litt testing ute i gata fann vi fram klistremerker og måling, og begynte dekoreringa. Vi har brukt allmogemaling og hobbylack frå Panduro på plattforma som ein står og sparkar frå på...
Det er ikkje alltid det er upraktisk å bu i eit oppussingsprosjekt, for no kunne vi søle så mykje vi ville med målinga på golvet i gangen. Byggmeisterane (eller snekkarane, som vi vaksne kallar dei) har pakka inn golvet vårt i papp, og det må vi sjølvsagt benytte oss av.
Sykkelen vart skikkeleg fin, og vi hadde eit kjempefint fellesprosjekt! Det er godt å gjere noko slikt saman! Og lettvint er det også ;)
Til slutt eit bra tips til maling med barn: bruk vanlege klede, men vreng dei, slik at eventuelt søl kjem på innsida av plagget. Lukke til!

lørdag 19. september 2009

Ein nyyydeleg haustdag!

For ein fin dag! Eg og Lille A har hatt det så kjekt i dag! Først var vi på loppemarknad, der det var smekkfullt av folk, og vi kjøpte sparkesykkel som vart slept med gjennom heile den altfor trange gymsalen. Og så fann vi nokre andre småting også, og det meste skal utsetjast for litt redesign, og så får de sjå resultatet seinare..hihi..

Etterpå vart det is og open brannstasjon og bibliotekstur, før vi køyrde heim for å koooose oss i hagen! Eg syns sjølv at eg etterkvart har lært å bruke det fancy kameraet vårt dugeleg bra, for desse bileta er vel ikkje så verst? Dei er tekne med eit Nikon D200, og med den fantastiske macrolinsa, som eg likar så godt.
Som du ser så viser hagen seg frå ei god side i dag, takka vere knallblå himmel og strålande sol. Det er slikt ein blir glad av!

Men apropos loppis...eg kan nesten ikkje forstå at folk gidd å gå heilt bananas, og stille seg i kø ein og ein halv time før opning..(slik rykta sa at dei gjorde). Det er sikkert nokon som gjer nokre kupp, slik som ho som gjekk då vi kom, og som hadde funne tallerkenhylle...åh, som eg ønskar meg ei slik! Men då vi var der, ein og ein halv time etter opning, var det jammen mest skrot igjen..trur eg. ;) Nei, neste gong skal eg dra utan barn, og så finn eg kanskje meir eg også..og då kan eg kanskje våge meg på å prute også, for det gløymte eg visst heilt i dag. Eg er visst ikkje særlig dreven i denne businessen... :)

fredag 18. september 2009

Åh, for ein herleg pakke!

Eg gjekk litt amok på Panduro sine sider her om dagen, og no kom premien! Hihi!
Det kom ei stooor eske i posten, og den innehaldt alt i frå espressokoppar til walldeco, veskehandtak av ulike slag, dill og dall og boksar og tusjar.... Desse boksane her passar forresten såå fint til fargane i stova mi, der eg har innslag av raudt og lyseblått. No skal eg berre sette i gang med å tenke ut noko å bruke alt til! Eg trur det kjem til å bli fleire sanseputer, vesker og noko som eg kan teikne på..Kva i all verda skal det vere?
Det ser jo absolutt fristande ut med eit skrin med nye, fine tusjar i mjuke, gode fargar - ah, eg elskar å ha utstyr i orden til å bli inspirert av! Og dersom eg blir inspirert har eg sannsynlegvis noko å bruke i det rikhaldige skapet (eh, rommet..) mitt!

torsdag 17. september 2009

Siste rest av sommaren....

På hylla over peisen står desse tre vasane, med grøne, friske, lette og fine blomar i. Det er ikkje så veldig lenge sidan dei vart plukka og sett inn, og eg fann dei ute i hagen min. Kanskje ikkje så mykje igjen der ute no, men i kjøkkenhagen fann eg altså ein forvokst bladpersille som blomstra så fint!

Ellers så får jo blomane hjelp til å halde varmen i dag, for vi har kosa oss med fyr i peisen, eplemuffins og perler... Vi er to småpjuske jenter her, og då må vi gjere noko kosleg! Og så er det jo sjølvsagt innmari fint med fløyelstanta på cd, og Lille A som syng såå nydeleg til musikken! Dersom du kunne tenke deg ein slik cd, så får du berre gi beskjed, så skal eg gjerne skaffe den til deg!

tirsdag 15. september 2009

Eit avslutta kapittel


Ser du den fine, raude tomaten inni den enormt store tomatbusken?! Ein fantastisk god cherrytomat er det! Den er blogga om tidligare, men då var den liten og grønn. No er den ikkje meir i det heile tatt, for her ein kveld klarte eg ikkje å la vere å ete den! Nam-nam!


Den fekk småsysken også. To stykker, faktisk. Men eg må gi meg no, for eg orkar ikkje å ha desse store plantane i hus lengre. Så dessverre, fine tomatane, de får nok ikkje sjansen til å bli raude, saftige, søte og gooode...

I og med at alt som var på kjøkkenet er flytta ut, så måtte plantane bli med på lasset. Dei var hengt opp med tre hyssingar, og stod på kjøkkenbordet og støtta seg opp mot vindauget. Den siste tida har dei meir blitt liggande sånn halvvegs bak godstolen, i det sydvente stovevindauget, og eg har hatt så mykje dårleg samvit for at eg ikkje har stelt fint med dei.. Men det er jammen måte på kva ein skal ha dårleg samvit for!! Difor går dei hermed i søpla! Puh...

Så var det gjort, og eg kan begynne på eit nytt prosjekt! :) Eg trur ikkje at slike langtidsprosjekt er heilt mi greie, altså..Eg likar nok aller best slike prosjekt som kan fullførast på ein kveld!

mandag 14. september 2009

Rabarbra og ein spennande dag...

La oss begynne med rabarbraen... Denne nydelege desserten laga eg i går, og akkurat no sit eg og nyyyt restane! Akkurat passe søtt, akkurat passe syrleg, akkurat passe sunt (?) og akkurat passe idealistisk... ;) Det siste kjem av at rabarbraen er kjøpt av ein kosleg trøndersk bonde frå Berlin, som hadde bod på Bondens Marked i byen på laurdag.

I det eg og Lille A hasta forbi såg eg at han hadde såå mykje fint i boda si, så vi måtte berre stoppe! Litt etter hasta vi vidare, med ein papirpose med minigulrøtter og noko stoort nepeaktig (?), ein bunt rabarbra og ei eske spansk kjørvel som vi fekk på kjøpet. Og dette skulle han ha 36 kr for! Det må vel vere rein idealisme, vel?? Den spanske kjørvelen fekk vi med fordi vi skulle lage rabarbragraut, og då syns han den passa så godt å koke saman med den, og han hadde jammen rett! Ein nydeleg lakrisaktig smak, som satte prikken over i'en!

Dei søte små skålene er forresten frå Kremmerhuset, og voksduken er ein rest frå S&S.

Og så var det dette med den spennande dagen då...eg trur ikkje eg vil seie så mykje meir om den, anna enn at den er spennande. Og eg skal nok følge litt med utover kvelden, men får vel ikkje med meg slutten, så resultatet skal eg sjekke i morgon. Eg har i alle fall gjort mitt for å få det som eg vil... :)

søndag 13. september 2009

Eg greidde det!


Det vart faktisk produsert ei lue her i dag! Lille A har lenge ønska seg pingvinkjole, men først kom lua. Den er sydd dobbel av bomullsjersey frå Stoff og stil, og skal vere god som haustlue, tenkjer eg. :) Ulltrøya er eg også svært fornøgd med, sjølv om den ikkje er heimesydd. Vi var nemleg innom Nøstebarn i går, og Lille A fekk sjølv velge fargar på trøye og longs. Nydeleg!


Lua har fire "toppar", slik som Gekko syr ein del av luene sine...Det er så fint å kunne hente inspirasjon og idèar frå andre! -og det finns jammen utruuuleg mange bloggar å kikke på!


Så no må eg berre bestemme meg for kva eg skal gjere med resten av pingvinane...skal det bli kjole eller bukse? Og så må eg jo sy ei lue til mannen også, for det vil han så gjerne ha!


Dagen har forresten vore akkurat som eg håpa, med deilig tur i marka (og akkurat då skinte sola for oss!), nydeleg hjortebiffmiddag med dessert (som eg trur eg vil komme tilbake til...), sying, boklesing med Lille A og kos! -og heldigvis har eg vent meg til at huset er kaos, at badet berre er ein liten do, og at ein dusjar for opne dører i kjellaren...jaja, det går betre no enn for nokre dagar sidan!

Hihi..det klør!

Åh, sånne klossar har eg leita etter! Dei er berre sååå fine! Hadde Lille A visst om dei, så hadde ho nok heilt sikkert ønska seg dei, altså, for ho er ganske opptatt av bokstavar og slikt for tida... :)

Jaja, no er det i alle fall søndag, og eg skal bruke dagen så godt som eg berre kan! Til trass for grått vèr og regn i massevis, har eg tenkt å komme meg ut i skogen, gå litt tur, spise god mat, kose med den koselege familien min, og så vil eg skape noko! Eg vakna faktisk av at det klødde så innmari i skapartrangen i dag! Så no er eg klar!

fredag 11. september 2009

Over 500 hyggelege gjestar så langt!

Jippi! Det er nesten så eg bør ha ein giveaway...men syns det er litt tidlig. ;) Eg får vel vente til eg har bikka tusen besøkande, og håpe at det ikkje blir så lenge til..

Huset vårt er framleis i kaos, og eg har ikkje tid eller overskot til å produsere så mykje om dagen. Men eg lovar å komme sterkare tilbake! Enn så lenge så kan eg jo vise fram den første genseren eg har strikka, og som Lille A har brukt nokre sesongar no. Men i år har den blitt for liten! Uff, uff...heldigvis har ho ei mormor som vil strikke, og eg gleeer meg til å sjå kva det blir!

I morgon må vi ut å leite etter nytt kjøkkengolv, og kanskje nokre nye fliser til badet. Det skal nemleg bli enno eit hakk finare enn det var før den ufrivillige oppussinga!

tirsdag 8. september 2009

Inspirasjon og flukt...

Oppi alt kaoset mitt treng eg å rømme litt...å drøyme meg bort... Rundt om på bloggane kan eg kikke lenge, og hente inspirasjon og tips til ting eg kan gjere sjølv. Bloesem har ein blogg med mykje moro, for store og små. Kva med å hente idèar frå heimen til designer Silvia Dekker til barnerommet?

Og eg kan jo alltids drøyme om ein slik kommode og eit stooort hus som kan romme slike ting av ulik stilart som eg kan få lyst på i blant...

fredag 4. september 2009

Om å ha rett fokus...

Det er viktig å halde fokuset på dei GODE tinga...som for eksempel muffins, helg, familie og inspirerande kurs med jobben..

Eg må innrømme at humøret ikkje er på topp for tida..Etter den tidligare nevnte vasslekkasjen frå oppvaskmaskina, har vi fått vite at badet er vrak! DET utrulig deilige badet vårt...og det vil ta 6-8 veker å få fiksa det. Men ok... Berre dei kan begynne snart! I tillegg må dei fjerne kjøkkengolvet, slik at vi må flytte alle lause ting derfra. Stua blir dermed full av kjøkkenting, og vi anar verkeleg ikkje kor lenge det vil vere sånn... Fryyykteleg irriterande!

Det tristaste med dette er at Lille A har bursdag om ein månad, og eg har allerede begynt å glede meg til barneselskapet...men det får vi finne ei løysing på! Kanskje utebursdag med bål og lavvo?

Det andre triste er at eg må demontere syverkstaden min (dvs halve kjøkkenet..hihi), slik at eg neppe får sydd meir på ei stund. Og då blir det smått med sjølvskryt på bloggen. Men eg held uansett på med eit hemmeleg prosjekt....Hysj, ikkje sei noko til Mannen!

Heldigvis har eg vore på eit utruleg kjekt og inspirerande kurs denne veka!!! Det var i regi av kommunen, men det var ein frå Kempler Instituttet som holdt det. Les meir om dei her.

Utfordring til deg:
Sjå kor ofte du kan bytte ut ros med anerkjennelse!
Det er nemleg utruleg godt med anerkjennelse! Og det kostar så lite! Anerkjennelsen er personleg og ikkje vurderande slik som ros er.

Dette skal eg ta med meg denne helga, og så skal eg sjå kor godt det gjer dei rundt meg, og forhåpentlegvis smittar det, slik at eg får litt tilbake...:)

tirsdag 1. september 2009

Japansk pung og ei syster

Av og til får ein vakre, små ting i hendene...denne gongen vil eg vise fram ein liten pung eg fekk av systra mi Gine, som hadde vore på turnè i Japan.
Gine lagar heilt fantastisk musikk, og er verdas beste lillesyster! Dette innlegget er visst til henne.. ;) -for små og store vakre ting!


blogger template by lovebird