søndag 30. august 2009

Nyydeleg dukkevogn


Må berre vise fram den fine vogna Lille A fekk til bursdagen i fjor. Den kom vi over på Fretex Unika, og vi fall pladask....


Vogna er i tipp-topp stand, og trengte berre eit nytt trekk til dyna, så det greidde eg sjølvsagt å sy av noko Marimekkostoff eg hadde til overs. :) Det er sjølvsagt også kjekt at vogna er så fiiiiin at vi gjerne har den i stova!

No nærmar det seg 4-årsdag, og eg har begynt å spekulere på kva jenta skal få i år. Ho har ikkje skrekkeleg mykje leiker, men det treng ho heller ikkje. Derimot vil eg at det ho får skal vere av god kvalitet, godt for syn, hørsel og følesansen, for den intellektuelle, sosiale og motoriske utviklinga og ikkje minst kjekt å leike med..! ;) Ja, sånn er det å ha ei pedagogmor...hihi! (Fekk eg med alt??)

lørdag 29. august 2009

Litt av ein laurdag..


I dag har eg fullført det grønne og blå lappeteppet mitt! :) Det var godt! Men...eg veit ikkje om det var mangel på konsentrasjon eller kva det var, men det vart litt skeivt og slurvete. Uff, det blir fort det med meg, for eg likar enkle løysingar..det er berre det at det ikkje alltid løner seg likevel!


Baksida er av lysblå lin frå Åhlèns, og kanten er frå Panduro. Ellers er lappane frå samme stad, i tillegg til einsfarga stoff frå S&S og blå/grønt stoff frå Retrodepot/Amy Butler. Det er vattert med god platevatt. Dette teppet kjem ikkje ut for salg, men dersom neste forsøk blir betre kan det kjøpast. Men kva er passe pris på eit baby-/vognteppe..?


Her kjem actionbilda av Lille A i lillabuksa si. Den vart suksess!


Vi hadde ei litt brå oppvåkning i dag tidleg, då besøket vårt kom og varsla om ein lekkasje... Frå ein spot i baderomstaket draup det vatn, og etterkvart fann vi ut at det rann litt ned langs listene også. Æsj! Vi får det sjølvsagt att på forsikringa, men for eit styr! Det er oppvaskmaskina som er syndaren, for den har tømt alt vatnet sitt inn under belegget på kjøkkengolvet. Jaja, det er greit å vere optimist av natur, altså.. ;)

torsdag 27. august 2009

Som perler på ei snor...

For ei stund sidan plukka eg desse blåbæra ved stien bak huset. Du veit, der kor eg ein gong møtte ei elgku med to kalvar... Ja, slik er det å bu i byen. ;)

I dag har eg brukt heile kvelden på Ikea, så det vart ikkje noko sying, men det klør i fingrane etter å fortsette på det eg begynte på i går. No må eg uansett gå ned og rydde unna haugane med stoff og ting frå gjestesenga, for vi har plutseleg fått morfarbesøk! Kjekt!

mandag 24. august 2009

Strevsom lillabukse..


Med eit par fine, lilla stoffrestar tok eg til på ei lita bukse i går. Med utgangspunkt i ei Günther-bukse str. 98, men med ein god del personlege vriar, vart det ei knallfin bukse! Stoffa er mørk lilla baby cord og mønstrete bomull frå S&S. Buksebeina kan brettast opp eller ned, alt etter kor langt barnet er.


Eg hadde ikkje nok stoff til ei heil bukse, og difor laga eg den slik nederst i beina. I tillegg måtte eg bruke det samme stoffet i midja, men sidan dette stoffet ikkje er særleg strekkbart, la eg inn strekk i livet. Dette ser du så vidt bak, for eg gjorde det slik at det kunne regulerast etterkvart som barnet vaks. MEN då Lille A skulle prøve buksa før ho gjekk i barnehagen i dag, så var det berre så vidt vi fekk den over baken! Hm, tenkte eg, då får eg kjøpe ein glidelås på veg heim frå jobb... Og det gjorde eg. Eg kunne nesten ikkje vente med å komme igang etter middagen, og sette igang med godt mot. Lille A rakk akkurat å prøve buksa før ho skulle legge seg, men denne gongen passa den ikkje i det heile tatt!! Æsj, altså! Slikt blir eg litt gretten av...


Her ser vi den flotte modellen posere etter frukosten. I morgon håpar eg å få tatt nye actionbilder, for no har buksa fått strechkant i mørk lilla viscose (det var det eg hadde i hus..). Og bortsett frå at den ser ut som ei gravidbukse i str. 4 år er den ganske fin.. ;)

søndag 23. august 2009

Eit strålande forkle

Eg fann eit sommarleg, herleg stripete stoff på Åhlèns, og med litt kanteband og rosa pompongar har det blitt eit forkle til å bli glad av!

Lille A ville med ein gong ha det, og likte ikkje lenger Pippi-forkledet som ho fekk for ei stund sidan. Eg kan jo eigentleg forstå det, for dette forkledet har eg også lyst på... Kanskje eg har stoff (og ikkje minst pompongar) nok til å lage det i voksenstorleik? Hihi...ca str 3-6 år er i alle fall litt lite...

Forkledet er til salgs for 120 kr.

Ellers kan eg jo fortelle at denne søndagen har vore kjempefin, med markatur og impulsmiddagsgjestar og kos! Herleg!

lørdag 22. august 2009

Laurdagsgodt...

Det er nesten litt synd å bruke opp blogginnleggane mine med to på ein dag, for det er ikkje lett å finne tid til sånt i veka... Men eg måtte berre vise fram laurdagsgodtet mitt!

På ei possementsforretning her i byen har dei så mykje gøy! Eg og Lille A kan pusle rundt der inne ganske lenge, og i dag snopa eg dette... Mmmm - det ser skikkeleg fristande ut! Eg får lyst til å bruke det til noko med ein gong!

Fillerye

Denne veka har eg jobba med eit lite prosjekt... Eg har faktisk brukt både muskelkraft og fleire meter med stoff til denne fillerya. ;) Den er hekla med heklenål nr 10, og stoffremser med ca 3 cm breidde. Inspirasjonen henta eg frå Hekleglede, som er ei bok eg tidligare har vist fram i bloggen.

Den nyoppussa lilledoen skal få denne på golvet, for den passa godt til golvet i farge dun og fondveggen i drøm (begge frå Butinox). Det grøn/blå stoffet er frå Stoff og stil, det grå har ornamentsmønster og er frå Åhlèns og det kvite med prikkar er frå Ikea. Det var godt å få brukt opp nokre restar, men det gjekk med uventa mykje stoff!

Sjølvsagt brukar eg ein del tid på å få til detaljane på det vesle rommet, men når eg er fornøgd skal eg nok vise det fram. :)

onsdag 19. august 2009

Litt soppinspirasjon...


Den er jo unekteleg litt styggpen, denne fluesoppen. Og sjå dei fargane! - skikkeleg kvit stilk, og ein nesten trillrund topp i raudt og kvitt. Men eg undrar litt på korleis den har fått såra sine? Og så lurer eg på kor eg skal applikere min neste sopp?


Dette vatnet ligg fem minutt frå huset vårt, og her finn vi blåbær og bringebær, og vi kan stoppe for å mate ender og småfisk. Lille A storkosa seg på tur her oppe, og det gjorde jammen vi andre også! Og eg som trudde eg hadde blitt heilt byjente...hihi!

Photos by Bertil

mandag 17. august 2009

Tomaten min

Kvar dag har eg den samme spenninga når eg kjem heim frå jobb...lever tomatplantane mine enno??

Dei små tomatplantane eg planta i hermetikkboksar har altså blitt så enormt store! Eg har spara på to-tre av dei, og dei dekker nesten heilt det eine kjøkkenvindauget. Og så heng dei stadig vekk med blada, for dei treng masse vatn! Og på laurdag måtte eg berre plante dei om, og den planten som faktisk har fått EIN HEIL cherrytomat vart muligens litt skada i rota si, stakkars... Ja, så no gjenstår det å sjå; vil tomaten min etterkvart bli raud? Og vil den få småsøsken, kanskje?

søndag 16. august 2009

Over 250 på ein månad!

Oioi, dette er jo litt kjekt! Ikkje akkurat superpopulær blogg, men veldig morsomt at såå mange er innom og kikkar, altså! Det er nesten så eg må feire litt..hihi.


Men berre ein ting: det hadde vore så kjekt med fleire kommentarar!
Eg blir veeeldig glad for å få tilbakemeldingar, og har sett stor pris på dei eg har fått, også gjennom andre kanalar. Det er inspirerande og kjekt! Bruk gjerne kommentarfeltet i slutten av kvart innlegg!

Bildet er det mannen min som har tatt, då vi åt laurdagsgodtet vårt i går. Mmm...nydelege (og uff, nokre rare) Jelly Beans. Eg trur min favoritt kanskje var Roasted marshmellow, eller kokos, eller kanskje noko rosa..? Vanskeleg å velge, og dessutan var nesten det gøyaste å finne ut av kva det var vi smakte på, for vi hadde berre to av kvar sort, og ganske mange ulike. Hihi!

lørdag 15. august 2009

Put it in a box

Poppa plutseleg innom denne bloggen i dag, og den ser fin ut. Og så har ho ein giveaway akkurat no, som du kan vere med på dersom du er ganske rask...

Pulsvarmar



Det ser ut som det blir helgeblogging denne veka også ;) Denne fredagen hadde eg berre lyst til å kose meg i sofaen, men hadde ikkje roa på meg til å berre sjå på tv... Ganske kjekt å ha noko i hendene samtidig, og så blir det jo noko fint ut av det, sjølv om eg ikkje visste kva det skulle bli denne gongen.


Pulsvarmarane er laga av superwash ull, og strikka med rettstrikk før eg sydde dei saman, hekla kant og pynta dei. Eg trur jammen dei kan vere ganske praktiske også, for no er det nesten på tide å finne fram ulltrøyene til Lille A. Det er berre det at ho ikkje er så veldig lita lenger, og trøyene frå i fjor er rett og slett litt korte i armane. Kanskje vil ho bruke desse til eg har kjøpt nye trøyer?

søndag 9. august 2009

Pingvinlue

Eg trengte ei ekstragåve til ein nevø, og er spent på om denne kan falle i smak.. Det spørs om den er kul nok til å gå i barnehagen med...? Uansett så skal 5-åringen få den, og så får han dømme sjølv! Eg syns i alle fall den vart både tøff, morsom og søt. Stoffet er jersey frå S&S, og eg har til og med kjøpt strechnål til symaskina. Mønsteret er inspirert/herma etter nokre luer av Gekko. Takk til deg! No må eg berre øve litt meir for å perfeksjonere luene mine, så skal du sjå at det kan komme nokre ut for salg når hausten kjem litt nærmare.

Soppkjole


Denne formiddagen har eg sydd kjole, med Lille A tett ved sida mi.
Det er koseleg å sitte saman med deg, mamma!


Utforminga var eit samarbeid. Lille A valgte sjølv det gule kantebandet og dei rosa knappane, og var fast bestemt på at det skulle vere ein soppkjole. Det brune stoffet med dei fine grøne prikkane har eg kjøpt på Retrodepot, medan stripene er frå Panduro og resten frå Stoff og stil. Mønsteret er det samme som eg brukte på den lilla kjolen eg tidligare har sydd, men med nokre justeringar i halsen.
Og forresten, eg kunne nok heilt sikkert laga ein finare saum på kantebandet, men det vart ikkje det i dag...eg er liksom ikkje typen som gidd å rekke opp i tide og utide. ;)


Og med løfte om non stop i premie, stilte jenta velvillig opp til fotografering.

lørdag 8. august 2009

Blåbærbananhavremuffins


Sånn var det visst det var å jobbe, ja... Tida går så fort! Dagane susar av garde, eg har åtte timar mindre i døgnet til andre ting enn jobb, i tillegg til at ein blir ganske sliten. På kvelden er det berre deilig å slappe av på sofaen, skyve unna litt rot og drøyme om alt eg gjerne skulle gjort...

Det har altså ikkje blitt noko sying denne veka, men det har blitt meir stoffshopping, og Lille A har bestilt ein soppl-kjole. (Hihi, ho er såå søt når ho seier sopp på den måten..)

Muffinsane på bildet laga vi forrige søndag, då vi ville ha noko godt -og litt sunt, til lunsj. Dei er laga etter innfallsmetoden, og vart supergode. Du kan for eksempel gjere det på denne måten:

1,5 dl havremjøl
1,5 dl sukker
3-4 dl kveitemjøl
1,5 dl havregryn
mjølk
2 egg
vaniljeessens
1 mosa banan
blåbær

Hell mjølka over havregryna (nok til at det dekker), slik at dei får svelle medan du gjer resten. Bland det tørre for seg, og det våte saman med det andre våte. Visp lett og bland lett. Ha i blåbæra til slutt. Steikast på ca 200 gr i 15-20 min. Dette vart nok til litt meir enn 12 mellomstore muffins.

søndag 2. august 2009

Lilla sansepute


Denne puta er ei gave til ei ganske ny jente, og den trur eg passar i stilen.. Det er jo ikkje heilt enkelt å vite akkurat kva som vil klaffe, men no har eg fem puter å velge mellom, og då vart det denne søte her. Det er lilla fløyel på framsida, med påsydd stoffbit og blonde, og handsydd kant rundt. Baksida er eit gammalt restestoff, og banda er stort sett fra Panduro og Kremmerhuset.

Meir Pippi

Beklager kvaliteten på dette bildet, men eg ville bruke det uansett... Det er nemlig eit fint Pippistoff frå Åhlèns, som eg laga forkle av. Det var meininga å legge det til side, slik at Lille A kunne få det ved eit passande høve, men ho fann det alt før frukost dagen etter.
Åh, sjå det er Pippi! Til meg!!!?


Dersom nokon er interessert i forkle, så har eg mange fine stoff som eg kan sy dei av... ;)

lørdag 1. august 2009

Astrid Lindgren

Fantastiske illustrasjonar til nokre Lindgrenfavorittar har fått kvite, fine rammer, og skal opp på veggen på barnerommet. Bilda er postkort som mi skjønne syster har sendt i posten til tantebarnet sitt, og som har blitt mottatt med stor glede av fleire her...


Verdas tøffaste og sterkaste jente heiter Pippi!

Jo, visst kan Lotta sykle!

Emil i Lønneberget
(Heldigvis utan den innmari skumle og frykteleg sinte pappaen sin...)


blogger template by lovebird