mandag 25. mai 2009

Sminkepung


Eg har vore så heldig å arve tre pappesker med stoffrestar, og må lage ein del småting. Denne sminkepungen er fóra med tynn vatt og er grøn inni. Knallgul glidelås vart også ganske stilig.. Kanskje kjem det fleire?

lørdag 23. mai 2009

Gode dagar


I dag har vi vore på lang og god sykkeltur. Finevèret kom, akkurat som eg vart lova, men då vart det jammen ikkje mykje tid til å sitte inne og blogge! Men uteliv blir derimot prioritert, og det er utruleg godt for kropp og sjel.


Lille Anna kosa seg også på tur. Ho sovna likegodt i sykkelvogna på dei humpete skogsvegane, og våkna ikkje før vi kom fram til vatnet der vi slo oss ned og laga middag. Nokre ender kom heilt bort til oss og fekk loff, og det var stas for store og små.


Etter ei hageøkt då vi kom heim, smakte denne godt!
Vi lagar ofte smoothie til kvelds på varme dagar, og brukar helst
banan, vaniljeyoghurt, frosne bringebær og eplejuice.
Men andre bær, yoghurtar og juicar funkar også bra!
-og det er alltid godt!
Posted by Picasa

onsdag 13. mai 2009

Ventar på finevèret


Dei har lova meg fint vèr, og eg gler meg! Bildet er tatt forrige gong vèret gjorde hagen uimotståeleg, og snart skal eg igjen jobbe ivrig for å få det vakkert rundt meg. Heldigvis har andre lagt grunnlaget..

tirsdag 12. mai 2009

Lappeteppet!

Endeleg er lappeteppet mitt ferdig, og konfirmanten som fekk det i gåve vart nok fornøgd! -og då er eg det òg! Det var ganske mykje arbeid, men eigentleg gjekk det jo fort også. Eg brukte litt over ei veke frå eg fekk den fantstisk gode idèen, og til det var ferdig. Materialet er frå Panduro, men neste teppe skal nok lagast av litt billigare stoff, tenkjer eg. Kanskje med litt meir sjel, også? Hm, vi får sjå... Fann i alle fall ei fin lappeteppeoppskrift her.

Eg strevde fælt for å få fine hjørne, men det vart då ikkje så ille...baksida har dette stripete beige stoffet.

Og her ligg heile teppet på golvet heime hos mamma...ferdig kvelden før konfirmasjonen. Ca 150x230cm, trur eg.

Blåveis i hagen


Det er så gøy med alt det fine som dukkar opp i hagen min! Desse blåveisane stod plutseleg under kjøkkenvindauget mitt ein dag i april, og Anna vart ganske fascinert av den fine humla som kosa seg på dei vakre blomane.


blogger template by lovebird